Like etter at Donald Trump blei president, signerte han fleire presidentordrar.
Blant dei ei ordre som bestemte at Mexicogolfen skulle skifte namn til Amerikagulfen.
No skal Equinor, der den norske staten er den største eigaren, ta i bruk namneendringa i samsvar med avgjerda til amerikanske styresmakter.
– Vi er pålagde å bruke det namnet styresmaktene bestemmer, seier konsernsjef i Equinor, Anders Opedal.
Equinor følgjer amerikanske styresmakter
– Amerikagulfen, tidlegare kjend som Mexicogolfen, har vore ein kritisk del av USAs handel, energiproduksjon og maritime industriar, skreiv det amerikanske innanriksdepartementet då endringa blei kjent.
Anders Opedal, konsernsjef i Equinor.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBOljeselskapet er den femte største aktøren innan olje- og gassutvinning i golfen.
Talsperson i Ola Morten Aanestad i selskapet, opplyser til NRK at namneendringa vil berre gjelde i USA.
Mexicogulfen ligg mellom USA, Mexico og Cuba.
Namneendringa blei òg følgt av amerikanske kartenester.
Google tilpassa seg endringa for amerikanske brukarar kort tid etter presidentordren, medan Apple følgde etter nokre veker seinare.
Følg nyheiter frå i USA her:
Nyheitsbyrå har mista tilgang til Det kvite hus grunna namnebyte
Nyheitsbyrået Associated Press (AP) har ikkje lenger tilgang til polordninga som journalistar har til Det ovale kontoret.
Årsaka er at dei heldt fram med å bruke namnet Mexicogolfen etter presidentordren om namnebyte.
Trump svarar på spørsmål frå journalistar i presserommet i Det kvite hus
Foto: ROBERTO SCHMIDT / AFP / NTBDei har heller ikkje lenger tilgang til presidentflyet Air Force One, ifølgje CNN.
– APs avgjerd er ikkje berre splittande, men avslørar òg deira forplikting til feilinformasjon, skreiv visestabssjef Taylor Budowich i ei uttale på X.
Interessert i utanriks? Lytt til podkasten til utanriksredaksjonen:
Publisert 11.03.2025, kl. 19.43