– Bransjen har nok ikkje fullt ut tatt inn over seg kor viktig natur er for folk, og kor mange kjensler dette har sett i sving, seier Bård Vegar Solhjell.
Den nye leiaren i Fornybar Noreg lanserer i dag «Naturkompasset». Det skal bli ein nasjonal gullstandard for kva natur som er mest verdfull.
Harde fakta skal erstatte kjensler når politikarar og utbyggarar skal avgjere framtida til ei myr i Luster eller ein gammalskog i Sogn.
– Nokre stader vil talet vere høgt, då er det eit inngrep som bruker natur med høg verdi. Andre stader kan det vere lågare. Kompasset fortel dette på ein enkel og pedagogisk måte, seier Solhjell.
I dette intervjuet snakkar den nye energisjefen om:
- At energibransjen vil lære av tidlegare feil.
- Den nye metoden for å måle og minimere naturinngrep.
- Korleis opne data kan sikre tillit hos lokalbefolkninga.
- At naturen først og fremst er ein katedral, men også litt børs.



Den langbeinte stålkonstruksjonen var ein av 47 turbinar som skulle opp på Guleslettene i 2020, eit fjellområde i Bremanger og Kinn kommune på kysten av Sunnfjord.
Oddmund Haugen/NRK– Vi må bygge meir naturvennleg
– Du har sete på den andre sida av bordet som miljøvernminister, og veit godt kor djupt naturverdiane sit i den norske folkesjela. Skal vi tolke Naturkompasset som ei programerklæring frå den nye fornybar-leiaren?
– Nei, for dette blei påbyrja før eg starta. Initiativet har pressa seg fram frå våre eigne medlemsbedrifter over fleire år, basert på ei enkel erkjenning: Vi må bygge meir naturvennleg om vi skal få realisert meir fornybar energi i framtida.
– Med dette kompasset kan kommunepolitikarar ta meir kvalifiserte avgjerder, og samanlikne prosjekt på ein meir systematisk måte enn før, seier Solhjell.
– Kan du peike på eit prosjekt som ville sett annleis ut om dette kompasset hadde eksistert tidlegare?
– Heh, nei det kan eg ikkje. For det første er det historie, og for det andre er verktøyet laga for nye prosjekt. Bransjen er vand til å halde kostnadene nede. No har vi også eit verktøy for å halde naturinngrepa nede.
– Det er berre eit spørsmål om tid før nokon kritiserer dette verktøyet for «grønvasking». På kva måte er dette ei reell kursendring og ikkje berre ein smart kommunikasjonsstrategi?
– Dei som er prinsipielt mot vindkraft vil nok alltid meine at forbetringar er utilstrekkelege, men målingar viser at to av tre nordmenn ønsker meir fornybar energi. Dei er likevel skeptiske til arealbruken og tap av natur. Då er slike forbetringar heilt avgjerande for at prosjekta får ja.
– Utbyggarane skal sjølv gi poengskår til eigne prosjekt. Korleis kan folk i kommunane vere trygge på at tala ikkje blir «knadd» for å framstille prosjekta i best mogleg lys?
– Det er det to grunnar til. For det første har vi fått tre leiande fagmiljø på arealplanlegging til å utvikle metoden saman. Heile grunnlaget er transparent og offentleg tilgjengeleg. For det andre skal selskapa vere opne om resultata sine. Vi ser allereie stor interesse frå andre næringar som veg, jernbane og bankvesen. Målet er at dette skal bli ein felles standard for arealbruk på tvers av næringar.
– Du etterlyser ei meir audmjuk tilnærming til naturen. Kor audmjukt er det å prøve å fange eigenverdien til naturen i eit rekneark?
– Det ville vore lite audmjukt dersom det var det vi prøvde på. Natur har ein unik eigenverdi som blir opplevd ulikt frå person til person. Men enkelte sider ved naturen kan målast: om det er ei karbonrik myr, ein gammalskog eller trua artar. Dette er eit viktig kunnskapsgrunnlag som kjem i tillegg til eigenverdien. Problemet i dag er ofte at desse naturverdiane ikkje blir tatt med i vurderinga i det heile.
Terje Pedersen / NTB
Bård Vegar Solhjell, leiar i Fornybar Noreg
Bransjen har nok ikkje fullt ut tatt inn over seg kor viktig natur er for folk, og kor mange kjensler dette har sett i sving. Samtidig treng landet meir fornybar energi.
Nytta
Andreas Fonn Macsik, dagleg leiar i Nytta, som jobber med å skape aktivitet i Fjaler i Vestland
Vi er i utgangspunktet positive til verktøy som kan bidra til meir nyansert, etterprøvbar og felles innsikt for dei som skal ta avgjerder, anten det er utbyggjarar, kommunar eller styresmakter. For Vestlandet står mange slike avgjerder i skjeringspunktet mellom naturomsyn og behovet for industri- og samfunnsutvikling. Vi ser føre oss at eit naturkompass kan vere fint å ha i slike casar.
Eskil Byrkjeland / NRK
Andreas Bjelland Eriksen, klima- og miljøminister
Naturen vår er under press, og vi må stanse bit-for-bit-nedbygginga av den. Regjeringa jobbar med å utvikle naturrekneskap nasjonalt, kommunalt og for prosjekt, men det er positivt at fleire vil bidra.
– Dersom eit prosjekt får god skår i kompasset, men lokalbefolkninga framleis er i harnisk – kva då?
– Då gjeld det same som i alle andre prosjekt: Du må ha lokal støtte. Naturomsyn er éi side av saka, men å bygge støtte hos lokalbefolkning og myndigheiter er ein føresetnad uansett. Naturkompasset løyser ikkje alle problem, men det gir eit betre grunnlag for å bygge naturvennleg.
– Systemet opnar for plusspoeng ved å restaurere natur andre stader. Ser du faren ved å legge opp til ein slags «naturbørs» der det mest unike blir ofra ved å pynte på statistikken ein annan stad?
– Nei, omgrepet «naturbørs» har ingenting med verkelegheita eller dette verktøyet å gjere. Nokre prosjekt har så negative verknader at dei bør leggast bort, og det skjer også i dag. Men om vi kan gjennomføre eit prosjekt og samtidig restaurere natur andre stader, så er det positivt. Dette er også ein sentral del av den internasjonale naturavtalen.
– Då prøver eg eit anna omgrep: «avlatshandel». Din barndoms dal er Naustdal i Sunnfjord. Er det greit for deg om ein utbyggar restaurerer ein skogsveg i låglandet i byte mot å slå seg laus på fjella i Naustdal, for å ta eit ikkje tilfeldig eksempel?
– Nei, det er også eit dårleg omgrep. Målet er ikkje å øydelegge meir natur for å kunne restaurere ein annan stad. Målet er å bygge meir naturvennleg i utgangspunktet, og samtidig sørge for at restaurering av øydelagd natur blir ein naturleg del av prosjekta i framtida.
– Vil Naturkompasset føre til dyrare straum for forbrukarane fordi krava til kartlegging og restaurering blir høgare?
– Nei, det er andre ting som styrer straumprisen. Men det stemmer at prosjektutviklinga er dyrare no enn før. Det kjem blant anna av at vi tar meir omsyn til naturen.
Forsøkskanin i Sogn
Hydro har vore tett på utviklinga av det nye verktøyet og rullar det ut i samband med oppgraderinga av Illvatn pumpekraftverk i Luster.
I fjellheimen inst i Sogn har arbeidet på ein åtte kilometer lang tunnel og 48 kraftmaster i aluminium starta.
Amalie Liane, berekraftspesialist i Hydro, forklarer at selskapet bruker Naturkompasset «for å bli meir bevisste og synske i sine val»:
– Det er eit verktøy som hjelper oss å ta dei rette vala for naturen, seier ho.
Ho viser til at det nye poengsystemet har endra korleis selskapet gjer inngrep i sårbar fjellnatur – på to konkrete måtar:
- Etterlikning av det lokale landskapet: «Vi tilpassar terreng og vegetasjon slik at det harmonerer med omgivnadene.»
- Auka investeringsvilje: «Metoden gjer det lettare å kople naturverdi til faktiske kostnader, noko som gjer at vi vel å investere i naturrestaurering utover dei reine myndigheitskrava.»
Liane peikar på at metoden gjer det lettare å forsvare tiltak som ikkje lar seg tallfeste.
– Ved å synleggjere naturverdiane får vi eit betre grunnlag for å velje dei mest skånsame løysingane. Det gjer at vi kan ta dei rette vala for naturen samtidig som vi bygger ut nødvendig kraft.
Publisert 31.03.2026, kl. 06.03









English (US)