Endeleg avgjort: Bye får ikkje sitte i varetekt heime

4 days ago 1


Det er klart etter at Høgsterett forkastar anken frå Bye sine forsvararar.

I fleire veker har spørsmålet om Bye kan sitte i varetekt heime eller ikkje blitt behandla i rettssystemet.

No har saka fått eit endeleg punktum.

Spørsmålet om Bye skal sitte i fengsel eller opphalde seg heime med fotlenke er endeleg avgjort, og resultatet er etter mitt syn heilt riktig.

Det seier politiadvokat Ole Andreas Aftret.

Etterforsker fra politiet i sivile klær er på vei inn i huset til Arne Bye

Politiet gjennomførte omfattande ransakingar av heimen til Bye tidlegare i år. No er spørsmålet om han får kome heim igjen avgjort.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Fleire ankar

Ei lovendring som tredde i kraft 15. august opnar for at ein kan sitte i varetekt heime med fotlenke.

Da Bye blei framstilt for varetektsfengsling i slutten av august meinte forsvararane at Bye måtte få kome heim.

Det blei starten på ei lang rekke behandlingar i rettssystemet:

Bye har heile tida sete i varetekt i fengselet i påvente av ei endeleg avgjerd.

– Nybrotsarbeid

Den tidlegare kommuneoverlegen sit i varetekt for ikkje å svekke tilliten til samfunnet si inngriping overfor alvorleg kriminalitet.

– At det er grunnlag for ei slik fengsling er ikkje så kontroversielt, seier jurist og redaktør i Rett24, Kjetil Kolsrud.

– Dette er ei av dei mest, eller kanskje den mest alvorlege valdtektssaka vi har hatt i Noreg nokon gong.

Kjetil Kolsrud

Kjetil Kolsrud er jurist og redaktør i nettavisa Rett24.

Foto: NRK

Han fortel at endringane i lova gjer at også varetekt på dette grunnlaget kan gjennomførast heime med fotlenke.

– Det kan brukast på alle typar varetekt, også på denne typen varetekt som vi snakkar om no som er varetekt av omsyn til den alminnelege rettsfølelsen.

Sidan lovbestemminga er såpass ny har dette truleg ikkje blitt gjort ennå, seier Kolsrud.

– Høgsterett har aldri diskutert det før, så dette er på ein måte nybrotsarbeid.

Påtalemakta har heile vegen argumentert med at Bye må sitte i varetekt i fengsel fordi det vil støyte allmenta si rettsfølelse dersom han blir sendt heim med fotlenke.

Bye sine forsvararar har på sin side argumentert med at Bye ikkje er trygg i fengsel.

Dei meiner også at han ikkje har gode nok moglegheiter for å førebu seg til ei eventuell ankesak i fengsel.

DKTL

Den tidlegare kommuneoverlegen budde heime under rettssaka mot han i tingretten.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Eit sparetiltak

Å bruke fotlenke for å sone i fengsel er ikkje noko nytt.

– Men det nye er at ein skal kunne bruke det på varetekt. Og det handlar jo, for å vere heilt ærleg, også om økonomi, seier Kolsrud.

Han peiker på at det er langt billigare å ha folk sittande heime med fotlenke enn å ha dei på ei celle.

Arne Bye blir fraktet til Trondheim fengsel

Bye blei pågripen same dag som rettssaka mot han blei avslutta i tingretten. Har vore varetektsfengsla sidan.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Og vi veit at kriminalomsorga og fengsla har veldig dårleg råd, låg bemanning og store problem med å fylle vaktlistene, så det er heilt klart: Dette er jo eit sparetiltak.

Bye blei i Trøndelag tingrett dømt til 21 år i fengsel. Han har anka dommen som derfor ikkje er rettskraftig.

Dermed sit Bye enno i varetekt i påvente av ei eventuell ankesak og sonar ikkje nokon dom.

Publisert 02.10.2025, kl. 12.56 Oppdatert 02.10.2025, kl. 13.27

Read Entire Article