Forventingane til Ap sin klimapolitikk utan Sp i regjering har vore store. No er fasiten her: Regjeringa vil utsetje nødvendig omstilling og betale seg ut av behovet for omstilling og endring.
Kortversjonen
- Den nye klimameldinga inneheld lite nytt og CO₂-avgifta er knapt justert, skriv Venstre-nestleiaren.
- Manglande tiltak gjer det urealistisk å nå klimamålet for 2030.
- Rotevatn meiner regjeringa driv med «avlatspolitikk» ved å betale for utsleppskutt i andre land.
nestleiar i Venstre
Den nye klimameldinga som regjeringa la fram i dag, inneheld lite nytt. CO₂-avgifta er så vidt inflasjonsjustert — og til og med runda ned.
Regjeringa viser til klimakrav i skipsfarten som «nye verkemiddel», sjølv om det i røynda er dei same krava dei sjølv har utsett tidlegare.
Det er ikkje slik vi får fart på omstillinga.
Eg skulle ønskje eg kunne seie eg vart overraska. Men sanninga er at handlingslamming i klimapolitikken har vore denne regjeringas fremste kjenneteikn.
Sidan Støre-regjeringa tiltredde, har den innført, og deretter avlyst, eit omstillingsmål, utsett klimakrav for sjøfart og fiskeri, og lagt fram fleire statsbudsjett som svekker klimainnsatsen ved å kutte eller fjerne viktige miljøavgifter.
Så lite handlingsvilje har regjeringa vist, at riksrevisjonen har kome med skarp kritikk av både styringa og koordineringa av klimapolitikken.
Sidan 1990 har norske klimagassutslepp gått ned ni prosent. Fram mot 2030 skal vi, i tråd med klimalova, kutte 55 prosent.
Likevel viser regjeringa sin eigen klimastatus- og plan at dei manglar tiltak for 5,4 millionar tonn CO₂-ekvivalentar — over ti prosent av Noregs totale utslepp.
Med andre ord: regjeringa har ingen truverdig plan for å nå klimamålet.
Når ein ikkje ligg an til å nå eit mål, er det etter kvart blitt fast norsk praksis å lansere eit nytt.
På Arbeidarpartiet sitt landsmøte lanserte klima- og miljøministeren regjeringa sitt nye klimamål om 70—75 prosent kutt innan 2035 — utan å seie kor mykje som faktisk skal kuttast i Noreg.
Det er stikk i strid med tilrådingane frå regjeringa sitt eige fagorgan, Miljødirektoratet.
Bør Norge kutte utslipp nasjonalt fremfor å kjøpe kvoter? aJa, de bør kutte her hjemmebNei, mer effektivt å kjøpe kvotercMå gjøre begge delerKlimameldinga burde vore regjeringas sjanse til å vise leiarskap og få på plass fleire og betre verkemiddel for utsleppskutt i alle sektorar.
I staden får vi invitasjon til klimaforlik og håp om brei politisk semje — noko som òg kan tolkast som eit forsøk på å rydde unna ei vanskeleg sak før valkampen.
Erfaringa frå naturmeldinga i haust er ikkje tillitvekkjande: Då fann Ap fleirtal saman med Sp og Frp, og stemde ned 130 forslag for ein betre naturpolitikk.
Om vi ikkje får fleire og betre verkemiddel for å kutte utslepp nasjonalt, endar vi opp med å betale for utsleppskutt andre stader.
Då blir løysinga å finansiere omstilling i andre land — som Kypros og Polen — i staden for å byggje eit lågutsleppssamfunn her i Noreg. Det blir dyrt.
Og skal vi tru både Miljødirektoratet og Klimautvalet 2050: usikkert. Det er ikkje gitt at så mange land overoppfyllar eigne klimamål og har utsleppskutt å selje.
Det regjeringa driv med, er ikkje klimapolitikk — det er avlatspolitikk. Å betale andre for eigne synder tek oss ikkje framover; det gjer vegen mot eit nullutsleppssamfunn endå lengre.
Klimaendringane må stoggas, og vi må starte på den jobben no. Konsekvensane av å ikkje gjere det som er naudsynt, vil bli store og utfordrande.
Noreg treng ei ny regjering som tek leiinga, tenkar nytt og som viser handlekraft.
Med eit sterkt Venstre etter haustens val, vil den norske klimapolitikken få ein ny gjev og eit nytt tempo i utsleppskutta.
Ikkje berre nye utgreiingar og målsetningar stadig lengre fram i tid.