Elleville Meisterliga-krav: Her må VIP-ane parkere

1 week ago 7


  • Kor sterkt lys skal det vere i lyskastarane?
  • Når skal banen vatnast?
  • Kor mange billettar skal bortelaget få?
  • Kor mange VIP-billettar skal delast ut?
  • Og kor skal VIP-tilskodarane sitte?

Spørsmåla er mange. Det er også svara i blekka «Regulering av Mesterligaen», eit 115 sider langt dokument med svar på det aller meste.

Bodø/Glimt om billettsalg foran semifinale i Europa League mot Tottenham

SJEF: Simen Pedersen er informasjons- og medieansvarleg i Bodø/Glimt. Mykje må på plass før første heimekamp i Meisterligaen.

Foto: Eirik Joseph Loring Nilsen / NRK

Gjennom 15 kapittel blir det beskrive korleis det meste skal gå føre seg når Meisterligaen kjem til Bodø.

Det er nøye beskrive kva slags behandling tilreisande Uefa-toppar skal ha.

Standarden på desse fasilitetane skal vere minst like gode som den høgaste standarden på heile arenaen, står det beskrive i dokumentet.

  • Første heimekamp i Meisterligaen er mot Tottenham 30. september.

VIP-område på 400 kvadratmeter

For kvar heimekamp krev Uefa gratis VIP-område på 400 kvadratmeter. Det blir presisert at dette skal vere utanom installasjonar som dører og rømmingsvegar.

Viss Bodø/Glimt går vidare til sluttspel, skal område aukast til 500 kvadratmeter.

VIP-området og VIP-plassane skal vere av høgaste standard, så Uefa skal ha fleire alternativ til vurdering.

Aspmyra stadion Aspmyra stadion

Det er lite VIP over Aspmyra stadion i dag. Her fra kommentatorbua og utsiden av stadionen.

Eirik Joseph Loring Nilsen / NRK

«For å forsikre at den beste løysinga er vald skal heimelaga levere, om mogleg, to eller fleire moglegheiter for dette eksklusive VIP-området. Dette skal vere inne på stadion, ikkje markiser eller eksterne fasilitetar», skriv Uefa.

Eg veit ikkje eksakt kor stort det er, men VIP-avdelinga er godkjent av Uefa. Dei tek nesten over heile VIP-avdelinga, så våre eigne partnarar får stort sett ikkje plass, seier Simen Pedersen, informasjonsansvarleg i Bodø/Glimt, til NRK.

Under semifinalen mot Tottenham hadde vi VIP-avdeling i telt utanfor stadion til våre eigne partnarar, legg han til.

Krev parkeringsplassar som ikkje finst

Bodø/Glimt jobbar nå med å få i gang bygging av ny stadion. Eitt av diskusjonstema har vore parkering utanfor stadion.

Til kampane i Meisterligaen krev Uefa 200 parkeringsplassar i tilknyting til VIP-området.

Dei finst ikkje i dag.

Store delar av parkeringa blir sperra av under kampar. Så Uefa må parkere på ein skule like i nærleiken, det er eit par minutt å gå, seier Pedersen til NRK.

Detaljerte beskrivingar

Svært lite er på slump når fleire av dei største stjernene i verda kjem til Aspmyra.

Aspmyra vlir vannet før kamp

IKKJE BERRE BERRE: Det følger med ei rekke reglar når Glimt skal vatne kunstgraset i Mesterligaen.

Foto: Mats Torbergsen / NTB

Vaktmeisteren på Aspmyra må vere nøye med vatninga, sjå berre på desse instruksjonane rundt vatning av kunstgras:

  • Vatningsplanen må kommuniserast av heimelaget.
  • Banen skal vatnast jamt, ikkje berre enkeltområde.
  • Som regel skal vatninga vere ferdig 60 minutt før avspark.
  • Vatning kan, etter ønsket til heimelaget, finne stad på andre tidspunkt
    • Mellom fem og ti minutt før kampstart og/eller
    • I pausen, men maksimalt fem minutt
  • Dommaren kan endre planen for vatning av banen.

Det er nokre få månader sidan vi spelte semifinale i Europaligaen, så det er ingen store omveltingar frå det, seier Simen Pedersen til NRK.

Nesten 1000 plassar til Uefa

På Bodø/Glimts heimebane er det plass til 8200 tilskodarar. Uefa tar nesten 1000 av billettane til Bodø/Glimts heimekamp i Europa.

I tillegg kjem det langt fleire frå pressa enn normalt. Representantar frå Uefa har vore i Bodø og fotografert fasilitetane. Pedersen fortel at klubben er i rute, men at fasilitetar for pressa må settast opp før heimekampane.

Det er krav til mediefasilitetar som vi ikkje har i kvardagen. Så vi bygger mellombelse plassar før kvar kamp i Europa. Der sit vanlegvis sesongkort-innehavarar.

Publisert 30.09.2025, kl. 10.56

Read Entire Article