Utvalet om kunstig intelligens i høgare utdanning kjem med klare råd i sin fyrste rapport:
Universitet og høgskular bør slutte å bruke vurderingsformer der du ikkje kan kontrollere kven som har skrive oppgåva.
Dette gjeld i hovudsak heimeeksamen, mappeoppgåver og andre innleveringar.
– Det er nesten er umogleg å skilje kva ein student har gjort og kva eit KI-verktøy har gjort. Institusjonane skal gå god for kva ein student har lært. Dersom dei berre brukar heimeeksamen kan ikkje dei det, seier leiar av utvalet Anders Malthe-Sørensen.
Omtrent halvparten av alle studieprogramma nyttar det utvalet kallar «ikkje-kontrollerte eksamensformer».
– Vårt råd er å ikkje bruke desse som einaste vurderingsform. Dersom dei skal fortsette med heimeeksamen, så bør dei kombinere det med til dømes ei munnleg utspørjing, seier han.
Bør ikkje bruke KI-detektor
Utvalet kjem også med eit klart råd om å ikkje bruke verktøy som skal avdekke om ei oppgåve er skriven av ein språkmodell.
– Faren for at desse verktøya kan ta feil er så stor at vi meiner det ikkje er forsvarleg å bruke dei, seier Sørensen.
Utvalet peikar på ei rekke forskingsrapportar som viser at verktøya er upålitelege.
Dette gjeld særleg når dei skal skilje nyare språkmodellar frå ei tekst skrive av ei menneske.
Anders Malthe-Sørensen er professor i fysikk ved Universitetet i Oslo og leiar utvalet som no har presentert sine fyrste råd for KI i høgare utdanning.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRKI fjor blei 116 studentar felt for KI-juks, følgje nettavisa Khrono.
Det er ein stor auke frå tidlegare. Khrono sin gjennomgang viser at fleire av oppgåvene viste til oppdikta kjelder, men det var også mange av studentane som nekta for å ha juksa.
– Det er ein fare for rettssikkerheita til studentane. Verktøya kan bomme og markere ein tekst som KI-generert, sjølv om det ikkje stemmer, seier utvalsleiaren.
I kva grad utdanningsinstitusjonane brukar slike verktøy har ikkje utvalet oversikt over.
Khrono og Stavanger Aftenblad har tidlegare skrive at Universitetet i Stavanger har brukt slike verktøy. I ei sak viste ein KI-detektor at det var 94 prosent sjanse for at teksten var laga av KI.
Studenten blei felt for juks, men klaga og vann saka.
Tungt å gå over til skuleeksamen
På biblioteket hos Universitetet i Oslo er det tett med studentar i desse dagar.
Ei kjapp spørjerunde tyder på at mange av dei likar heimeeksamen.
– Du får lengre tid til å tenke og kan sitte åleine utan å bli forstyrra, seier Benedikte Line.
På eit lite grupperom sit tre damer som har sans for heimeeksamen.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRK– Du blir mindre stressa, for du har betre tid og får bruke notata dine. Då er det mindre sjanse for å gløyme å ta med noko viktig, seier Mia Egedius.
– På heimeeksamen får du roe ned og jobbe med hjelpemiddel. Skuleeksamen blir ei fire timars skriveøkt der du er veldig stressa, seier Ingrid Lundgaard.
Ingrid Lundgaard synest skuleeksamen kan vere ein ganske stressande situasjon.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRKDei skal opp i eit emne som nettopp er lagt om frå heime- til skuleeksamen.
– Det er litt tungt. For det er ganske mykje å hugse, seier Egedius.
Studiekameratane trur at heimeeksamen gir meir risiko for juks, men seier dei sjølve ikkje hadde turt å jukse.
Både notatblokk, PC, pensumbok og energidrikk høyrer med i innspurten til eksamen.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRK– Skal ikkje tilbake til slik alt var før
I Kunnskapsdepartementet er det klare forventingar om at rapporten får konsekvensar.
– Dette er ein svært viktig rapport, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
– Eg vil oppfordre sterkt til at institusjonane må følge opp anbefalingane. Det har eg tillit til at dei vil gjere, og nokre har allereie tatt grep.
– Er dette noko du kan instruere dei om å følge opp?
– Dei ulike institusjonane har stor fridom, men dei har også stor eigeninteresse av at studentar som kjem ut frå studiet kan det dei skal. Dermed er eg heilt sikker på at dei vil lytte til råda.
Ho meiner det er viktig å sjå korleis sektoren kan bruke kunstig intelligens på ein konstruktiv måte.
– Eg trur ikkje vi skal tilbake til slik alt var før. Utvalet peikar på kva vi ikkje bør gjere, så må studiestadane bruke det til å utvikle eksamensforma vidare. Det kan til dømes vere heimeeksamen med munnleg utspørjing til slutt, seier Aasland.
Publisert 16.12.2025, kl. 06.00
















English (US)