Vgs-elev Eivind Maurstad Husom (18) frå vesle Skjåk sto på barrikadane mot skulenedlegging. Det vart lagt merke til.
- Eivind Maurstad Husom (18) frå Skjåk vart eit andlet på motstanden mot vgs-nedleggingar i Innlandet.
- Førre veke fekk han prisen Young Courage Award i Stockholm.
- Juryen i Wallenberg-stiftinga heidra han som ein tillitsvald med mot og påverknad i kampen mot skulenedleggingar.
For mange vart Husom eit andlet på motstanden mot dei seks nedleggingane av vidaregåande skular og skulestader i Innlandet.
Sist veke gjekk turen til Stockholm der han mottok Young Courage Award for sitt mot og engasjement.
I begrunninga for tildelinga, heiter det at Eivind var ei drivande kraft mot nedlegging av skular i distrikts-Noreg.
«Som tillitsvald for elevane, har han leia protestaksjonar og påverka i den politiske dialogen for å verne alle sin rett til utdanning», skriv juryen i Wallenberg-stiftinga som står bak prisen.
Som på ein heilt vanleg dag jobba 18-åringen med å lage- og servere mat på Sentral’n kafé og isbar i Lom den dagen dei sende han epost om prisen.
Herregud!
Ei hyggeleg dame frå Wallenberg-stiftinga hadde på førehand utan vidare gratulert han som vinnar av The Young Courage Award-prisen 2025.
Ho lurte på kva flyplass han ville bruke på veg til prisutdelinga og ein del praktiske ting om eit fire dagars opphald i den svenske hovudstaden.
– Eg tenkte berre: Herregud! Hæ!? Det var heilt surrealistisk der eg sto i kafé-en.
– Det vart ikkje laga meir mat frå deg den dagen, eller?
– Jau, det vart både servert og laga mykje meir mat. Men eg vart litt sett ut. Der låg det flybillettar og greier i e-posten, skildrar Husom.
– Ikkje perfekt skulesystem
Under sjølve utdelinga vart han spurd på scenen om kva som må til for at elevane sine røyster skal bli høyrt.
– Eg svara at det norske skulesystemet framleis slett ikkje er perfekt. Og at eg ikkje visste kva som gjer at mange ikkje blir høyrt. Men samstundes er det viktig å seie i frå om prosessar som involverar elevar, men likevel ikkje blir høyrt, seier Eivind Maurstad Husom til VG.
Han kunne den 18. august i år også feire ein siger - då nye Lom privatistskule vart opna i dei same lokala som «hans eigen» vgs i Lom vart nedlagt to månader før.
Husom seier han vart oppsøkt av svenske elevar i om lag same situasjon som vgs-elevane i Innlandet var i ifjor. Fleire skular er nedleggingstrua også der.
– Du ga dei råd?
– Nja, eg sa til dei at dei berre måtte stå på og ikkje gje seg, svarar 18-åringen.
Har det nokon betydning at elevar engasjerer seg for å påverke folkevalde?aJa, det er kjempeviktig for demokrati og medverknad. Difor må byråkratar og politikarar ta dette engasjementet på alvor.bNei, det er altfor ofte del av eit skinndemokrati - og er eigentleg nyttelaust. cI haust har han for ei tid flytta ut av heimbygda Skjåk for å studere sosiologi på Universitetet i Oslo.
Han er også vald som leiar for Elevorganisasjonen i Innlandet.
Nyleg flytta han inn i studentbustad rett attmed den enorme campusen på Blindern i Oslo.
– Det er litt kontrast frå Lom og Skjåk her, ja.