Eitt år igjen til OL: Full splid om ny milliardbane

2 hours ago 3


IOC ønskte ikkje eit flunkande nytt anlegg til ein relativt liten sport. Regjeringa i landet ville det annleis.

– Det ligg jo i vår berekraftsstrategi at vi ikkje ønsker at det blir bygd anlegg til OL som gir ugrunna inngrep i naturen, eller som forureinar meir enn det som er akseptabelt.

Det seier IOC-medlem Kristin Kloster.

Kristin Kloster

IOC-medlem: Kristin Kloster er medlem i IOC (Den internasjonale olympiske komité) og leiar for koordineringskommisjonen for Milano-Cortina-OL i 2026.

Foto: Play the game

Men inngrep blir det.

Og det vekker reaksjonar.

Vraka nabolanda

Italia kunne ha valt å lytte til IOC og legge bob- og ake-øvingane i OL 2026 utanfor landegrensene.

Det gjorde dei ikkje.

Så seint som i oktober 2023 sa presidenten i den italienske OL-komiteen at planane om ei ny bob-bane ikkje vart noko av.

I staden skulle bob- og ake-øvingane gå i anten Austerrike eller Sveits, i tråd med ønska frå IOC.

I slutten av januar 2024 kom derimot kuvendinga.

– Det er ikkje akseptabelt å arrangere bob- og ake-øvingane utanfor Italia, uttala visestatsminister Antonio Tajan ifølgje Ap News.

Tajan representerer Forza Italia, eit høgreparti som fekk regjeringsmakt i oktober 2022.

1,4 milliardar kroner

Ifølgje Inside the Games er prisen på anlegget estimert til å koste 118 millionar euro, eller nesten 1,4 milliardar kroner.

Bob-protestar i Cortina.

EPA

Investeringa har ført til protestar og demonstrasjonar.

Motstanden har ikkje ført fram.

Cipra er blant organisasjonane som har engasjert seg i saka.

Francesco Pastorelli
Direttore di CIPRA Italia

KRITISK: Francesco Pastorelli.

Foto: Privat

– Disiplinane som skal bruke bana er det berre nokre få dusin i Italia som driv med, kommenterer Francesco Pastorelli, direktør i Cipra Italia.

Bygginga av den nye bob-bana vil ifølgje Cipra vere negativ for miljøet, sidan det blir hogd ned verdifull lerkeskog – til saman rundt 600 tre.

Bob-bane

TREHOGST: Frå arbeidet med å hogge ned tre for å gjere plass til bob-bana. Biletet er teke i mars 2024.

Foto: NRK

Det blir også gjort det som blir omtala som tunge inngrep i jordsmonnet.

– Men viktigare enn miljøbelastninga blir det å vurdere dei enorme kostnadane det blir for vedlikehald av bana i åra etter OL, seier Pastorelli.

For lenge før den olympiske elden blir tent 6. februar 2026, går diskusjonen om kva som vil skje med bob-bana i Cortina etter at OL er over 16 dagar seinare.

Vil bana lide same skjebne som den som vart bygd til OL i Torino i 2006, og vart stengt allereie i 2011?

Bana vart ikkje brukt nok og vart for dyr å drifte.

Andrea Abodi

SPORTSMINISTER: Andrea Abodi.

Foto: Andrew Medichini / AP

– Ei investering i framtida

Andrea Abodi, sportsminister i Italia, bekreftar at prislappen på 1,4 milliardar kroner er korrekt.

Regjeringa har tatt avgjerda, og dei tek også rekninga.

Og det er verdt det, ifølgje Abodi.

– Heilt klart. Dei olympiske og paralympiske leikane er meir enn berre eit sportsarrangement. Dei representerer ein felles visjon, som er mogleggjort av sterkt politisk engasjement på alle nivå – nasjonalt, regionalt og lokalt – og er støtta av strategisk økonomisk planlegging, seier Abodi.

Andrea Abodi

PÅ INSPEKSJON: Sportsminister Andrea Abodi (i midten) på inspeksjon i bob-traseen i Cortina for nokre månader sidan.

Foto: Den italienske regjeringa / Den italienske regjeringa

Plantar nye tre

Abodi vedgår at det er ei utfordring å bygge bana på berre eitt år.

Lake Placid i USA er sett opp som reservebane, men regjeringa trur ikkje det blir nødvendig å bruke den.

På spørsmål om protestane svarer sportsministeren at det er «akseptabelt at nokre hundre personar er bekymra for prosjektet».

Dei kjem kritikarane i møte med å setje opp ein portal med fortløpande informasjon om bygginga.

Abodi legg til at det under bygginga av anlegget er felt 849 tre, men det vil det bli bøta på.

– 10 252 tre vil bli planta for å bevare miljømessig berekraft i det omkringliggande Dolomitt-panoramaet, som er med på Unesco si verdsarvliste.

Bob-bane til OL 2026

Håper på etterbruk

Ola Branstadmoen frå Ringebu har delteke i verdscupen i aking denne sesongen.

17-åringen har forståing for at bana blir bygd.

Ola Brandstadmoen

– Ut frå eit miljøperspektiv hadde det vore betre om det ikkje vart bygd fleire baner, men eg ser for meg at Italia vil halde tradisjonen i landet.

Ola Brandstadmoen

Akar

Foto: Roar Berntsen / NRK

Foto: Roar Berntsen / NRK

Wolfgang Kindl frå Austerrike tok OL-sølv både individuelt og i lagstafett under OL i Beijing i 2022.

Han synest det er synd at det blir bygd baner som blir så sjeldan brukt etter dei olympiske meisterskapa, og håper ikkje bana i Cortina vil lide same skjebne.

Wolgang Kindl

– Det er gode baner i Kina og Sør-Korea, men vi har ikkje vore der etter OL.

Wolfang Kindl

OL-sølvvinnar i aking

Ein av innbyggarane vi møtte i Cortina er skeptisk til utbygginga, men forstår ønsket om bana.

Folk i Cortina

– Det beste hadde vore om dei hadde oppgradert anlegget som var her frå før, men eg forstår behovet til dei som driv idrett på internasjonalt nivå.

Nicola Milan

Innbyggar i Cortina

Foto: Hannes Nyberg / SVT

Foto: Hannes Nyberg / SVT

– Tilrettelagt for fornuftig etterbruk

Kristin Kloster seier at det var ein diskusjon heilt frå starten av om kva som skulle skje med bob og ake-øvingane under OL i 2026.

Kristin Kloster

FEKK IKKJE VILJEN SIN: Kristin Kloster og IOC.

Foto: Play the Game

– Vi anbefalte at det heller vart brukt ei bob-bane ein annan stad. Men myndigheitene i Italia ønskte at alle øvingane i OL gjekk i Italia, så dei ville bygge ei ny bob-bane. Vi råda imot det. Og så vart det som det vart.

Det er ingen regel som seier at alle øvingane i eit OL treng om å gå i same land – eller nær kvarandre.

Under OL i Paris vart surfeøvingane arrangert på den andre sida av jordkloden, på Tahiti.

Då det var snakk om at Sverige skulle arrangere OL i 2030 vart det vurdert å legge enkelte øvingar til Norge og Latvia.

– Har IOC moglegheita til å overstyre lokale myndigheiter?

– Vi overstyrer ikkje lokale myndigheiter. Det har eg aldri opplevd. Og det vil ikkje vere noko poeng i å gjere det heller, seier Kristin Kloster.

Cortina

SNART KLAR? Arrangørane håper at bob-bana kan vere klar for testing i mars. Dette biletet er teke 19. januar i år.

Foto: TIZIANA FABI / AFP

– Tradisjonsrik ake-nasjon

Sjølv om IOC helst skulle sett at bana i Cortina ikkje vart bygd, så er ikkje Kloster så bekymra for at bana blir ståande ubrukt.

Det er heller ikkje dei internasjonale forbunda.

Margit Dengler-Paar, kommunikasjonssjef i FIL, som organiserer akesporten, presiserer at det er den italienske regjeringa som har tatt valet om å bygge den nye bob-bana.

– Men i prinsippet helsar FIL avgjerda velkomen, då Italia er ein tradisjonsrik ake-nasjon – og banene i Sentral-Europa brukar å bli svært godt utnytta, seier Dengler-Paar.

Bob-bane

RASK BYGGEPROSESS: På nyåret 2024 bestemte den italienske regjeringa at det skulle byggast ei ny bob-bane i Cortina. Deretter har byggeprosessen gått fort. Dette biletet er frå mars 2024.

Foto: NRK

Både FIL og IBSF, som organiserer bobsleigh og skeleton internasjonalt, seier dei har planar om framtidig bruk av bana.

Generalsekretær i IBSF, Heike Groesswang, seier at dei er klar over kritikken frå lokalbefolkninga, men dei meiner investeringa er rettkomen.

– Denne bana har alltid vore populær som trenings- og konkurransestad for lag frå heile verda. Og vi er sikre på at den kjem til å vere det i framtida også, seier Groesswang.

Cortina

ANLEGGSARBEID: Foto tatt i starten av februar i år.

Foto: Hannes Nyberg / SVT

Blir bana klar?

Etter planen skal den nye bob-bana prøvekøyrast i mars.

I Cortina er dei usikre på om bana blir ferdig i tide.

Det gjeldt blant andre Silverio Lacedelli, ein av dei som er kritiske til utbygginga.

Innbyggar i Cortina.

– Eg trur ikkje bana blir ferdig. Dei ligg for langt etter. Det er eit komplekst anlegg dei skal bygge.

Silverio Lacedelli

Innbyggar i Cortina

Foto: Hannes Nyberg / SVT

Foto: Hannes Nyberg / SVT

Ola Brandstadmoen skulle helst sett at bob-bana i Cortina snart var ferdigbygd, for i denne idretten er det viktig å bli kjend med banene – og ikkje minst dei nye.

Ola Brandstadmoen

– Ein treng finpussing etter at bana er ferdig.

Ola Brandstadmoen

Akar

Hei!

Har du tankar eller innspel etter å ha lese denne saka? Send meg gjerne ein e-post.

Publisert 06.02.2025, kl. 21.51

Read Entire Article