Under FN sitt naturtoppmøte i Roma har dei blitt einige om ein plan for å finansiere vern av biologisk mangfald fram til 2030. Det melder NTB.
– Landa er einige om korleis vi skal gi meir effektiv støtte til dei landa som treng økonomisk hjelp til å stanse naturtapet. Mykje arbeid gjenstår, men mange har strekt seg langt for at forhandlingane skal kome i hamn, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i ei pressemelding.
Målet med avtalen er blant anna å beskytte 30 prosent av naturen i hav og på land, samt å restaurere 30 prosent av øydelagt natur innan 2030.