Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.
– Det som forundrar meg mest, er at så mange av reisene med privatfly er korte, seier forskaren bak studien.
Dei er superrike, og dei er supertravle. Treige køar og dårleg beinplass på veg til Global Economic Forum, Super Bowl eller filmfestivalen i Cannes, er ikkje eit alternativ.
Verdas aller rikaste er storforbrukarar av privatfly. Og dei flyr stadig meir, viser ein ny studie publisert i Nature-tidsskriftet Communications Earth and Environment.
Forskarane ser ein vekst både i talet på privatfly, avstanden dei tilbakelegg kvart år og det dei slepper ut av klimagassar.
Kartla flyging over fem år
Forskar Stefan Gössling ved Vestlandsforsking har saman med to andre forskarar kartlagt utsleppa frå verdas store, internasjonale flåte av privatfly.
Det store biletet er at utsleppa på verdsbasis aukar. I dei fem åra mellom 2019 og 2023 fann forskarane ein vekst i utsleppa på 46 prosent.
USA har to tredelar av verdas privatflya, svimlande 18.163 til saman, og mange hestehovud framfor dei neste på lista. Men også Europa skil seg negativt ut. Vesle Malta har flest fly per innbyggarar, med sine 247. Sveits har òg mange om ein ser på folketalet.
Med veksande velstand spreier fenomenet seg. Brasil og Mexico er på full fart oppover lista. Forskarane oppdaga ein nedslåande auke i talet på slike flygingar over heile verda, Noreg medrekna.
Flydata frå minutt til minutt
Til saman har dei kartlagt meir enn 18 millionar flyreiser. For å samle inn data brukte forskarane ei plattform kalla ADS-B Exchange.
– Denne gjer det mogeleg å følgje eit fly frå minutt til minutt, forklarer Gössling.
Forskarane rekna på avstandane flya tilbakelegg. Når dei skal rekne ut utsleppa av klimagassar, brukar dei eit snittforbruk av drivstoff per time. Tala varierer frå frå ein type fly til ein annan.
Ein time = eitt års utslepp
Det finst folk som ikkje kan eller vil ta rutefly saman med deg og meg. Det kan vere statsleiarar på hemmelege oppdrag eller popstjerner med ein stor og nærgåande fan-skare.
Problemet er berre at det tek til å bli mange i unntaks-kategorien som treng eit eige fly for å reise frå A til B. Soloreisene til denne gjengen har eit skyhøgt utslepp av CO₂ per passasjer.
– Generelt slepper privatflya ut like mykje CO₂ på éin time som eit gjennomsnittsmenneske slepper ut på eit heilt år, seier Stefan Gössling.
Overraska over korte turar
Dei mange privatflya er også oftare på vengene. Nesten halvparten av flygingane er på under 500 kilometer. Det svarar til ein flytur på under to og ein halv time eller noko kortare enn Oslo–København.
– Vi ser at mange av flygingane er veldig korte, og det er mykje henting og levering, som om flyet var ein taxi. Det verkar ikkje som om dei som brukar flya, bekymrar seg over at privatflya er langt meir energi-intensive enn kommersielle fly, seier Gössling.
Forskaren er overraska over dette mønsteret, altså at privatflya også flyr frå ein by til den neste, og ikkje i hovudsak langturar som Paris–New York eller London–Las Vegas.
CO₂ utslepp
Privatflya slapp i fjor ut til saman 15,6 millionar tonn CO₂. Dette svarar til 3,6 tonn per flyging.
Eit gjennomsnittsmenneske står for klimagassutslepp på om lag 4,7 tonn CO₂ per år. I Noreg står kvar av oss for utslepp på kring 7 tonn CO₂.
Kjelde: Communications Earth & Environment
Ein Røkke, 199 gjennomsnittspersonar
Noreg har ikkje mange styrtrike, men dei finst. Privatflya òg.
Med ei einaste flyreise, slepper Kjell Inge Røkke sitt privatfly ut meir CO₂ enn det ein vanleg nordmann gjer i løpet av eit heilt år.
Reisene til tre rike nordmenn gav i 2023 like store utslepp av CO₂ som flyreisene til 461 «vanlege» nordmenn.
Klassekampen skildrar misforholdet på årsbasis slik i ei sak frå 19. november: «Se for deg at 199 nordmenn er samlet til et gruppebilde. Så kan du plassere privatflyet til Kjell Inge Røkke ved siden av. Den hvite Falcon-jeten sto i fjor for et like høyt utslipp av karbondioksid i atmosfæren som de 199 menneskene gjør til sammen».
– Bør skattleggast hardare
At den private flytrafikken er ein unødig byrde for klimaet vårt, seier seg sjølv. Alt tyder òg på at denne trafikken vil stige i åra som kjem – med mindre politikarane grip inn, då.
Gössling meiner den openberre løysinga er å skattlegge privatflya hardare i form av høgare CO₂-avgift, ei eiga landingsavgift og skatt på fritidsreiser.
– Dersom ein får ein politikk som byrjar på toppen, med dei som slepper ut mest, gir det mykje meir forståing blant innbyggarane for avgjerder som gjeld alle andre. For om ikkje dei rike skal ta ansvar for utsleppa sine, kvifor skal då ein som slepper ut mykje mindre CO₂ vere ansvarleg? spør forskaren.
Referanse:
Stefan Gössling mfl.: Private aviation is making a growing contribution to climate change. Nature Communications Earth & Environment, 2024. Doi.org/10.1038/s43247-024-01775-z