«Ein ode til den evigunge, nonchalante festjenta»

1 day ago 8


Det går mot ein ny sommar, og det tikkar mot eit år sidan «Brat summer» ville dra oss med ned i eit dragsug av fyll og fanteri. Kva blir så årets sommartema?

Om vi vil behalde moroa og fridomen, men samtidig kunne gi litt faen i å måtte gi så faen heile tida, kan det hende Smerz-sommar er ein god idé.

Det nye albumet til elektronikaduoen Smerz, «Big city life», er som ein ode til den evigunge, nonchalante festjenta.

Som ho er musikken sindig, sjølv om han er elektronisk og feststemt, og lite pynta og strigla. Han er ubrydd og internasjonal og tidlaus, akkurat som ho.

Internasjonale nordmenn

Smerz har sjølv ein ganske internasjonal karriere. Catharina Stoltenberg (ja, den Stoltenberg) og Henriette Motzfeldt er norske og basert i Norden, men jentene har vel så mange lyttarar i USA, England og Danmark som i Noreg.

Vi ser et bilde av to kvinner som ligger på en scene. De har på sorte klær.

LIVE: Catharina Stoltenberg og Henriette Motzfeldt i Smerz under ein konsert på Bylarm i 2021.

Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Dei har stått på prestisjetunge scener som Tate Modern i London og Berghain i Berlin. I ei årrekke, nesten heilt sidan debuten i 2016, har dei hatt ein månadleg flate på engelske NTS Radio. Dei tar og oppdrag som DJs og produsentar i tillegg til å produsere sin eigen musikk.

Handverkarar

Handverket og musikkunnskapen som krevst som DJ og produsent, er tydeleg på «Big city life».

Dei samplar og leiker med ulike uttrykk, og blandar den skandinaviske nonchalansen med funky amerikansk dance-punk ala ESG.

Sjølv om uttrykket på overflata er minimalistisk, lurar det mykje under overflata.

På «But I do» hentar dei frå psykedelisk, fuzzy, halvtonal rock, liknande Gunerius og Verdensveven. På andre låtar som «Close» og «Imagine this», lar dei synthar og bass frå kontinental elektronika føre an mens dei syng mjukt, nesten kviskrande og monotont over.

Vi ser to kvinner på en scene. Mellom dem er det et bord med DJ-utstyr og kabler

DEBUTÅRET: Smerz under ein konsert på Bylarm i 2016.

Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Dei gir kvart einaste vesle soniske element plass til å spele seg ut. Pausar, stille og forenkling av låtane let Smerz behalde minimalismen sjølv når utvalet av effektar, lydar og instrument breier seg ut.

Musikken har for all del både driv og meining, men tar ikkje av for å understreke kva den vil seie. Slik skil han seg markant frå mykje anna norsk elektronisk pop og klubbmusikk, som gjerne byggjer seg opp med klimaksrefreng og hoiande vokal.

Svevande univers

Sist Smerz gav ut noko lengre, i 2024, kom dei med konsept-EP-en «Allina». Den handlar om ei popstjerne, og låtane fortel ein samla historie. På «Big city life» er det ikkje lenger eitt tema og ei historie, men brotstykke av festar, draumar og lyst.

Det er som om ein kan lukte ein sommarnatt med kvitvin og syrinar, høyre skranglinga av bysyklar og summinga frå ein drosjekø. Det kjennest friskt og fritt og svalt.

Vi ser Catharina Stoltenberg på en scene. Hun har på sort antrekk og synger inn i en mikrofon.

HUMOR I TEKSTANE: Festjenta blir spøkt med, men også snakka opp.

Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Dei let den ottelause festjenta gli gjennom albumet, men historia hennar er like mykje lyttaren sin som deira eigen. Ho blir humorisert over, med linjer som «My IQ low and my shoe heels high», «Dream of a big dick» og «It's crowded at the toilet, I check my makeup and my bum».

Men ho blir ikkje snakka ned, heller opp. Det er ho som driv ting framover, uansett kva andre måtte synast om ho.

Om du framleis lurar på kva slags festkultur og kva for ein person vi snakkar om, ser du ho i musikkvideoen til singelen «Feisty», som dei slapp i april.

Kule, kalde skandinavar

Nå er ikkje heile dette albumet berre ein stor fest, og mange av songane er nedpå balladar. Smerz bruker mykje piano, har med strykarar og lagar fleire heilt rolege, nesten stilleståande arrangement. Som på den fyste singelen frå skiva, «A thousand lies».

Likevel spelar desse låtane inn i same stemning som dei meir elektroniske og drivande spora, og samstiller eit bilete av ein flyktig og fragmentert kvinneleghet.

Det som gjer at musikken til Smerz har treft så bredt, er den kule, kalde og verdsvante auraen dei har til felles med artistar som norsk-amerikanske Okay Kaya. Dei klarar å elevere «scandi cool»-fenomenet til noko så kult og uhøgtideleg at det ikkje lenger treff heim hjå alle skandinavar.

Men i unge, kunstvennlege miljø i storbyane har Smerz ein heilt fortent legendestatus. Det skal feirast i september, når «Big city life» får ein fasjonabelt sein sleppkonsert på Munch.

Publisert 22.05.2025, kl. 13.37

Read Entire Article