«Ein maktdemonstrasjon»

1 week ago 19


Dei siste åra har det vore ei oppblomstring av kvinnelege rappartistar.

Amerikanske artistar som Doechii og Megan Thee Stallion har teke over stafettpinnen til tungvektarar som Ms. Lauryn Hill, Lil’ Kim.

På norsk jord er det 27 år gamle Sa_G frå Trondheim, eller Gunhild Roel Jønnum som ho eigentleg heiter, som er ei av de fremste faneberarane for ei høglydt kvinneleg røyst i eit musikalsk landskap der fleire enn få ynskjer at dei helst hadde halde kjeft.

Sa_g ikledd bikini ligger på siden mot en hvit bakgrunn

Foto: Willa Wathne

«Gunhild» er eit debutalbum som avløyser ei handfull singlar og éin EP frå i fjor.

På det eine året som er gått sidan «Planet Platina», har Sa_G verkeleg lagt hovudet i bløyt og skapt eit album som ein i retrospekt kjem til å sjå på som eit paradigmeskifte innanfor norsk rapp.

Gunhild rappar betre enn deg

Allereie frå opningslåten «That Bitch» skjøner ein kven Sa_G er som artist.

Det er ikkje det at Jønnum tidlegare har vore beskjeden rundt den sjølvsikre personlegdomen sin, men med tekstlinjer som «Vil du bli en rapper then you gotta be the influence, bitch» levert over ein blytung bassdreven instrumental inspirert av 90-talets New York-lyd, sedimenterer oslorapparen seg verkeleg som «that bitch».

Tematisk går «Gunhild» mykje i det same, utan at det eigentleg er noko problem.

Albumet er ein god halvtime med rein skryterapp om musikalsk suksess, moglegheit for god sex med kven ho vil når ho vil og ein nyvunnen styrke i å stå i mot kritikk med rak rygg og løfta hovud.

Sånn sett blir albumet skildra som eit kva som helst anna trap-album.

Men, Sa_G rappar ikkje om å selje dop eller å ha ein uimotståeleg pikk; ho rappar om å fikse seg nye neglar før ho skal på byen, om å skryte av klesstilen til tilfeldige jenter og om å rocke bleika augebryn.

 Tom Øverlie, NRK P3

Sa_G på Revolver, Bylarm 2024

Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Det som gjer «Gunhild» unikt, i sær i ein norsk hiphop-kontekst, er at Sa_G gir meir enn god nok plass til det feminine og dei tinga i livet som blir opplevd av halvparten av innbyggarane i verda, men som sjeldan blir teke alvorleg – i alle fall ikkje når det blir rappa om.

Sa_G + Pluto = Sant

Sjølv om Sa_G sitt ess absolutt ligg i rappferdigheitene, presterer ho òg å synge på nokså ålreit vis. Rapp/R&B-blandinga går som ein raud tråd spunne på kvalitetsgarn gjennom heile albumet og kastar kjensler mot den beste av Doja Cat sin musikk.

Det er ikkje kvardagskost at ein artist som «berre» har halde på i nokre år har ein musikalsk stil som er så lett å kjenne att, slik som Sa_G har fått til.

Ingen sauer er trygge når dei går i bokseringen med ein av dei mest særeigne nykommarane i norsk rap, SA_G.

Vokalen er fløyelsmjuk, men også tidvis aggressiv. Stemmebruken og rappflyten komplimenterer nøye utvalde beats, og slik heile albumet høyrest ut, skulle ein tru ho har eit arsenal av produsentar og lydteknikarar å velje mellom.

«Gunhild» er heilskapleg produsert av Pluto (Isah, Dutty Dior, Tyr). Kjærleiken og kunnskap hans for rappinstrumentalar kombinert med Sa_G sin råskap gjer dei ufatteleg gode i lag.

«2 Die 4» er til dømes ei skrekkinngytande boom bap-låt, som henta rett frå Mobb Deep-katalogen, mens «Can’t Even Rap» minner om tidleg Clams Casino-produsert A$AP Rocky. Chicago house-låta «Fresh New Set» er noko Kanye West kunne ha produsert pre-2019.

Hennar ultrafeministiske tilnærming til tekst blanda med eit meir maskulint lydbilde gjer at «Gunhild» både er inkluderande og morosamt, men også framandgjerande og dunkelt.

Flisespikkeri til sjuande og sist

Med eit album beståande av 15 låtar, der ingen er direkte dårlege, skil dessverre dei mindre gode låtane seg ut som ein sår tommel.

«Gunhild» er generelt eit kvalitetsprodukt, men med nokre få avvik.

«Breakfast In Bed», «Final Boss» og «REM» blir, i forhold til dei andre 12 låtane, som fartsdumpar på ein elles strak veg. Instrumentalt er dei lite intrikate eller for korte til at noko spennande får tid til å utvikle seg.

Sa_g står i en boksering og har på seg en grå skjorte og noen streite lærerbriller.

Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Lyrisk og vokalmessig ber dei preg av å ha blitt laga forhasta og blir opplevd meir som «fillers», enn som låtar som har fått den nødvendige tida og omarbeidinga dei treng for å sikre seg eit kvalitetsstempel.

Framtida er lys, «Thank God»

At det berre har gått eit år mellom «Planet Platina» og «Gunhild» er nesten ikkje til å tru. Dette er ein skilnad som best kan bli forklart gjennom å samanlikne ein god artist i sin SoundCloud-æra og den same artisten i sin nyleg-signert-til-et-plateselskap-æra.

Produksjonen og miksen er blitt betydeleg betre, samtidig er Sa_G like underhaldande som før, og kanskje enno meir omsynslaus når det kjem til tekst.

Om «Gunhild» er noko Sa_G kan koke opp som ein debut, er det freistande å flørte med tanken rundt kva ho kan få til på framtidige album. Sikkert er det uansett at Sa_Gs debutalbum er ein maktdemonstrasjon i norsk rapp.

Publisert 23.09.2025, kl. 00.01

Read Entire Article