Ein innsett angreip tilsette ved Bergen fengsel

1 week ago 15


Ein innsett i Bergen fengsel skal i 12-tida fredag ha gått til angrep på fleire tilsette.

Fungerande leiar Målfrid Kallekleiv seier til BT at det har vore ei alvorleg hending der fem tilsette fekk tilsyn av lege på legevakta. To blir behandla for skade, tre er dimittert.

Kallekleiv seier hendinga pregar alle tilsette, og vil bli meld til politiet.

Ho vil ikkje svare avisa på om det vart brukt våpen, men seier at ingen er livstrugande skadde.

– Veldig alvorleg

– Eg stadfester at det har vore ein hending i Bergen Fengsel i dag. Det er tilsette som er køyrd til legevakta, men korleis dette har gått det kan eg ikkje svare på, seier Håkon Mjelde til NRK.

Han er tillitsvald for Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund (NFF), region Vest.

– Når tilsette blir skadde, er det veldig alvorleg. Det er klart at vi ser svært alvorleg på denne hendinga.

Dei tilsette har ikkje tatt kontakt med han direkte enno. Men forbundet har allereie eit apparat ute som skal følgja dei opp når dei veit litt meir om kva som har skjedd og skadeomfanget.

– Rutinane er på plass, men det er klart at vi er omringa av mykje psykiatri i kvardagen vår, og då kan det sjølvsagt oppstå situasjonar, seier Mjelde.

Publisert 11.04.2025, kl. 17.16 Oppdatert 11.04.2025, kl. 17.18

Read Entire Article