Dei amerikanske truslane om å ta over Grønland held fram.
Trump har varsla straffetoll mot mellom anna Noreg, Storbritannia, Frankrike og Sverige etter at dei har styrkt det militære nærværet på Grønland.
Fleire europeiske land meiner dette undergrev samarbeidet mellom Europa og USA, og kan føre til ei farleg opptrapping.
Frå februar skal varer til USA få 10 prosent toll, før satsen etter planen aukar til 25 prosent frå juni.
NRK har samla eit knippe ekspertar for å svare på dine spørsmål om det siste i tema.
Kan lommeboka di bli påverka av tolltruslane?
– Euroen styrker seg, og dollaren svekker seg, fordi mange investorar mistar tillit til Donald Trumps USA, seier E24-kommentator Sindre Heyerdahl.
Han viser til at også kryptovalutaen fall, fordi fleire investorar søkte mot det som blir rekna som tryggare plasseringar.
E24-kommentator Sindre Heyerdahl.
Er tilliten til USA som alliert svekt?
Fleire politikarar frå Stortingets utanriks- og forsvarskomiteen har reist til USA.
Leiar for utanriks- og forsvarskomiteen, Ine Eriksen Søreide (H), kallar truslane frå Trump mot allierte for alvorlege.
– Den størte tryggingstrusselen mot Nato kjem frå Russland, og frå den fullskala krigen Russland fører mot Ukraina, som blir stadig meir brutal.
Ine Eriksen Søreide.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK– Er tilliten til USA som alliert svekka no?
– Det er ingen tvil om at det som skjer no, undergrev det transatlantiske samarbeidet.
Kan Trump bruke militær makt mot Grønland?
Nei, ifølge førsteamanuensis ved institutt for offentleg rett og USA-kjennar, Sofie Høgestøl.
– Ein amerikansk president kan ikkje bruke militær makt utan at Kongressen har godkjent det, og legg til:
– Det betyr at eit militært framstøyt mot Grønland ikkje kan skje utan støtte frå den amerikanske nasjonalforsamlinga.
Sofie Høgestøl.
Foto: Christian Breidlid / NRKSamstundes som Trump har løfta Grønland høgt på dagsordenen, har andre politisk vanskelege saker fått mindre merksemd i USA.
Mellom anna har det vore lite fokus på dokument knytte til Epstein-saka, som styresmaktene tidlegare sa dei skulle frigi langt meir av.
Kor raskt kan Europa bli ei stor militærmakt?
Europa er allereie ei ganske stor militærmakt, seier Ulf Sverdrup ved BI.
– Både gjennom det nasjonale forsvaret og som Europas del av Nato, men dei manglar vesentleg kapasitet til etterretning, har ikkje eigne kontroll-, avgjerds- og kommandosystem, seier Sverdrup.
– Nokon har sagt at det vil ta ti år å bygge opp ein slik kapasitet, men det kan sikkert gjerast mykje raskare, legg han til.
Ulf Sverdrup.
Foto: Christian Breidlid / NRKKvifor stoppar ingen Trump tydelegare?
Svein Tore Bergestuen, kommunikasjonsrådgivar, meiner historia viser at det finst to måtar å møte leiarar som Trump på.
– Det eine var å smiske og snakke han etter munnen, og i alle fall ikkje utsetje han for audmjuking.
Bergestuen peikar på Kina som døme på eit land som ikkje smiskar, men set hardt mot hardt.
Han meiner Europa framleis er usikre på kva dei skal gjere.
Svein Tore Bergestuen, kommunikasjonsrådgivar.
Foto: Martin Fjellanger Telenor– Det er ein diplomatisk situasjon vi aldri har vore i, seier han.
Bergestuen har liten tru på om det vil hjelpe å stanse Trump ved å boikotte fotball-VM i USA.
– At enkelte land boikottar, trur eg ikkje har nokon effekt. Det einaste grunnen til at VM kan bli avlyst, er om situasjonen eskalerer.
Kven kan bremse Trump?
No vurderer Høgsterett om Trump kan innføre toll på den måten han ønsker.
– Det er Kongressen som har makt til å fastsetje skattar, og då også toll. Det er ikkje noko presidenten eigentleg kan gjere, seier Sofie Haugestøl.
Trump har brukt ei lov frå 1977 som vanlegvis er brukt til sanksjonar.
Samstundes kan mellomvalet endre maktbalansen i Kongressen.
– Viss demokratane vinn fleirtal i eitt av kammera, kan det snevre inn handlingsrommet hans, og kanskje også i spørsmålet om Grønland, seier Haugestøl.
Kvifor er det stille frå tidlegare amerikanske presidentar?
Både George W. Bush og Barack Obama har i liten grad kritisert Trump offentleg.
– Å legge ned USAID er ei skam og ein tragedie, sa Obama etter at Trump-administrasjonen la ned bistandsetaten USAID i fjor.
Også Bush kritiserte valet.
Joe Biden har vore tydelegare i kritikken av forgjengaren sin.
– På mindre enn 100 dagar har denne administrasjonen gjort så stor skade og så mykje øydelegging. Det tar pusten frå ein at dette kunne skje så raskt, sa han etter at Trump sparka fleire tusen offentleg tilsette.
Ekspertpanelet peikar på at mange politikarar er redde for konsekvensane av å gå imot Trump.
Dei viser også til låg tillit til politikarar blant veljarane og eit politisk system der mange fryktar å miste posisjonane sine, mellom anna i Kongressen.
Publisert 19.01.2026, kl. 07.18 Oppdatert 19.01.2026, kl. 11.36















English (US)