Éin alvorleg skadd etter ulukke mellom bil og tømmerbil

2 hours ago 2


Ein personbil og ein tømmerbil har kollidert på Ringeriksveien i Øvre Eiker i Buskerud.

– Det har vore ei alvorleg trafikkulukke her, mellom ein personbil og ein tømmerbil. Me jobbar nå med etterforsking her og kriminalteknikarar er òg på staden.

Det seier innsatsleiar Bård Olsen til NRK.

– Berre ein person i personbilen, er alvorleg skadd. Førar av tømmerbilen er fysisk uskadd, skriv Sør-Aust politidistrikt i politiloggen.

Veit ikkje årsak

Førebels veit ikkje politiet kva som førte til ulukka.

– Nei, det er for tidleg for oss å seia noko om, seier innsatsleiaren.

Det var ingen vitne til sjølve ulykka, men fleire som melde frå kort tid etter.

Politiet blei varsla klokka 08.35.

Ifølge Olsen er ikkje personbilen registrert i Buskerud.

– Me har ikkje heilt kontroll på kor tømmerbilen er heimehøyrande, seier han.

Dei seier at vegen vil vera stengd ei stund. Vegtrafikksentralen har varsla entreprenør for omskilting.

Publisert 14.09.2025, kl. 09.54 Oppdatert 14.09.2025, kl. 09.59

Read Entire Article