Institutt for samfunnsforskning
Han kjem imot meg på ustøe, men raske små føter, med ein falma plastkotelett i handa.
«Se, se, se, se» seier han, og rekk den mot meg.
Eg smiler og svarar med overdriven entusiasme, medan det stramar seg i brystet.
Vi er på tilvenning her i barnehagen, og no skal eg snart gå ifrå han.
Det er han ikkje klar for.
Men han er glad, for han veit det ikkje enno.
Før eg fekk barn visste ikkje eg heller noko om dette. Eg hadde sett føre meg 50–50-deling av permisjon med sambuar.
Likedelt med barnehagestart kring eittårsalder, slik foreldrepengeløpet legg opp til.
Eg hugsar ikkje akkurat kva eg trudde.
Men den angstframkallande erkjenninga av at eg hadde teke grundig feil kom først sakte, og så akutt, då permisjonen min var iferd med å gå ut.
Då eg venta mitt andre barn, visste eg at eg måtte ta ulønt permisjon.
For å få tid til restitusjon etter fødsel. For å kunne amme. For å få nok søvn.
For å vere med barnet mitt.
Halvparten av mødrene tek ulønt permisjon etter fødsel.
Berre så det er sagt, det er ikkje fordi dei er konservative eller ynskjer seg ein meir tradisjonell familiemodell.
Det er det i dag nesten ingen som gjer.
Mange har med seg eit ideal om likedeling, før dei møter både eigne og samfunnet sine forventningar i døra.
Vi veit at halvparten av kvinnene trosser desse forventningane ved å forlenge permisjonen (i snitt med 16 veker).
Sjølv om det kan innebere tap av løn, pensjon, rettigheiter og karriereframsteg.
Det vi ikkje veit er kor mange som ville gjort det, men som ikkje har råd til det.
I undersøkingar og debatter som spør om støtte til fedrekvoten vert mødrer og fedrar sett opp mot kvarandre.
Fedrar er meir positive til like kvoter enn kvinner er, men både mødrer og fedrar meiner at fleire veker bør øyremerkast til mor.
Eg er både glad for og stolt av å bu i eit land med fedrar som vil dele omsorgsarbeidet likt. Og eg heiar på likestilling i omsorgs- og husarbeid.
Men likedeling av permisjon er ikkje likestilling.
Fordi likestilling handlar om rettferd, og lik deling av foreldrepermisjon er ikkje rettferdig, all den tid den eine parten er gravid, føder og ammer, og den andre ikkje gjer nokon av desse enorme oppgåvene.
Spørsmålet om lengda på fedrekvoten er ei retorisk felle; det polariserer og setter fedrane sine rettigheiter og behov opp mot mødrene og barna sine.
Om ein i staden spurte om støtte til at fedrar også skulle ha rett på (meir) tid med sine barn, ville nok fleire svart meir positivt.
Det er ikkje det at fedrekvoten er for lang, tvert om.
Men mødrekvoten er – for minst halvparten av mødrene – for kort. Spørsmålet bør ikkje vere korleis foreldrepengeperioden skal delast.
For svaret er at foreldrepengeperioden er for liten.
Samfunnsøkonom Charlotte Koren har teke til orde for lengre barselperm.
Det er både ei erkjenning av at omsorgsarbeid er hardt arbeid, og ei investering i barns og mødrers helse og velvære. Det er samfunnsinvestering.
Kor mykje sjukefråvær og kor store helsekostnader kunne vore unngått om Norge utvida foreldrepengeperioden?
Kunne vi løyst bemanningskrisa og omsorgssvikten i norske barnehagar ved å ta oss råd til 22 månader med foreldrepengar?
Ville sjukefråværet i barnehagane også gått ned då? Ville fødetalla stige?
Bør permisjonen være lenger enn 12 måneder?aJa, det er alt for kortbNei, hvis man vil bli lenger hjemme, kan ikke staten betaleFør vi spør om kva det vil koste å utvide permisjonen, bør vi spørje kva det vil koste å ikkje gjere det.
Dei trygge, nære omsorgspersonane og heimen er eit lite barn sitt heile univers, og det er slik det bør vere, seier fagkyndige.
Psykologar og psykiatrar åtvarar mot å sende eittåringar i barnehage.
Dei toler dårleg stress og den emosjonelle påkjenninga som følger separasjon frå hovudomsorgspersonar.
Vi veit ikkje kva konsekvensane i framtida blir for dei enkelte. Men det synest som ein enorm risiko å ta, både på individ- og samfunnsnivå.
Kvifor har vi lagt opp til å separere barna så tidleg frå foreldrane om det ikkje er det beste for barna?
«Eg tykkjer det er for tidleg» seier eg til pedagogen som skal ta hand om sonen min når eg går, «eg skulle gjerne venta til eg kjende at han var meir klar for dette».
Eg ser at ho veit dette og ho svarar pedagogisk «Det hadde nok vore meir optimalt for mange».
Dette er jobben hennar, og ein del av den er visst å få meg til å føle at dette kjem til å gå bra, så bra som det kan gå.
Men det veit korkje ho eller eg.
Når eg forlét sonen min vil han bli lei seg, redd og forvirra. Han vil ikkje forstå kvifor, og ingen kan forklara han at eg kjem att, seinare.
Vi veit at det går, men mest sannsynleg går det ikkje bra.
I beste fall går det over.