– Eg må leve no, for dei gir meg berre nokre få år

2 days ago 6


Fengselsbetjent Trond Muggerud (56) fekk sjukdomen lungefibrose i etterkant av koronasmitte i 2020.

Han har fått beskjed av legane om at gjennomsnitt levetid er tre til fem år for dei som får denne sjukdomen.

Trond kjempar mot Statens pensjonskasse (SPK) og erstatning for at han fekk sjukdommen etter korona.

Etter avslag der, går han no rettens veg for å nå fram. Men kampen i domstolen overlèt han til advokaten sin.

I desember drog han på cruise for å nyte så mykje som mogleg, før sjukdommen tek overhand.

– Eg må leve no, for dei gir meg berre nokre få år, seier Trond Muggerud, og legg til:

– Eg kan ikkje vente, så eg fortener eit cruise.

Fekk korona på jobb i fengsel

Trond Muggerud blei smitta av korona i jobben som fengselsbetjent. Eit par månader seinare fekk drammensaren beskjed om at han hadde fått den alvorlege sjukdomen lungefibrose.

Med seg ut døra frå sjukehuset fekk han ein brosjyre som han tok fram då han kom heim.

– Det er klart eg fekk sjokk då eg las at du lever tre til fem år med sjukdomen, fortalde Trond til då NRK møtte han hausten 2022.

No har han hatt lungefibrose i fire år. Det hastar med å gå til domstolen for å prøve å få medhald i at staten har eit erstatningsansvar.

Påverkar kvardagen

Trond er no i relativt god form. Men sjølv om lite tyder på at han er sjuk, er han prega både av at lungefibrose er ein svært alvorleg sjukdom og at det påverkar kvardagen hans.

Trond Muggerud fikk først covid-19, deretter påvist sjukdomen lungefibrose, men får neppe det godkjent som yrkessjukdom. No bur han i ei campingvogn ved Tyrifjorden.

Trond Muggerud budde i ei campingvogn ved Tyrifjorden vinteren 22–23 – det var ikkje bra for den lungefibroseramma mannen.

Foto: Bjørn Atle Gildestad

– Kulda er det verste for lungene. Fuktig luft og kulde, gjentar han.

Han tenkjer tilbake på vinteropphaldet han hadde i ei campingvogn ved Tyrifjorden etter at han hadde fått den alvorlege diagnosen.

– Å fy faen. Det var eit kapittel for seg. Eg var veldig langt nede. Alt var negativt. Men eg har jobba hardt med meg sjølv, seier Muggerud.

No har han snudd på det meste. Trenar og drar på tur. Og så har han reflektert mykje etter beskjeden om at han har mellom tre og fem år igjen å leva.

No er eg faktisk takknemleg for at eg har vore nede i det helvete der.

Langt fram

I ei stemning til Oslo tingrett legg advokat Hilde Anghus i LO-advokatane ned påstand om at Staten ved Statens pensjonskasse er erstatningsansvarleg for Tronds yrkessjukdom.

Sjølv seier Muggerud at han har eit veldig avslappa forhold til den rettslege prosessen. Samtidig peiker han på at han har tapt mykje på å vere sjuk, både når det gjeld livskvalitet, pensjon og inntekt.

Trond Muggerud

Trond Muggerud meiner han fortener eit cruise etter at han fekk lungefibrose i etterkant av korona i 2020. Her er han på cruise i desember.

Foto: Privat

Han anslår også at han har fått forkorta livet med rundt 20 år. Snittet er fem års levetid med lungefibrose, og han har «overlevd» i fire.

– Den erstatninga på 15 G som eg krev, skal vera ein sum for alt eg har tapt. Det beste for staten er at eg døyr før det er avgjort, for då fell alt saman bort. Då blir det ikkje noko att til døtrene mine, seier Muggerud.

Statens pensjonskasse har altså avvist erstatningsansvar etter yrkesskadeforsikringsloven og meiner covid-19 ikkje er årsak til lungefibrosen. Utover det kommenterer ikkje SPK saker som er under behandling i domstolane.

Motstridande spesialisterklæringar

Nav innhenta tidleg ei spesialisterklæring frå Oslo Universitetssjukehus. Der går det fram at det er godt dokumentert at lungefibrose kan koma som følgjetilstand etter covid-19.

Men i erklæringa heiter det også at «dette gjeld for dei som har vore innlagde med pusteproblem, noko Muggerud ikkje har vore».

Hilde Anghus, LO-advokatene

LO-advokat Hilde Anghus.

Foto: Bjørn Atle Gildestad / Bjørn Atle Gildestad

Men Hilde Anghus i LO-advokatane har også alliert seg med spesialistar.

– No har vi to anerkjente lungespesialistar som meiner det er ein samanheng, og i alle fall er det sannsynleg at yrkessjukdomen har forverra lungefibrosen. Vi meiner at han av den grunn har krav på erstatning, seier Anghus til NRK.

Ho avviser påstandar om at Trond truleg hadde ein underliggjande lungefibrose før han fekk korona.

– Korleis kan dei sannsynleggjera det når han var lungefrisk før koronaen kom, og det er ingen CT-bilde som viser at han hadde dårleg lungefunksjon før han blei sjuk og fekk covid-19.

For eit par veker sidan kom Høgsterett med ein dom om følgjesjukdom som Anghus meiner styrkar Trond Muggerud si sak.

Det er ikkje sett dato for hovudforhandlingar i Oslo tingrett.

Publisert 02.01.2025, kl. 16.18

Read Entire Article