– Det er jo eit påfunn. Det kom ei moglegheit for ein fin gard, ikkje langt frå der bur og har vakse opp. Det er ikkje moglegheiter ein får heile vegen.
– Eg har heile tida hatt ein draum om å bu på småbruk, og det er ikkje alltid like lett å få med kona på det. Ho er jo veldig glad i bylivet.
– Eg er jo glad i bilar, og i traktor og gravmaskinar. Iallfall ideen om det, seier Jakob Ingebrigtsen.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK– Ser du føre deg at du skal du bli bonde?
– Vanskeleg å sjå føre seg så mykje, men det som er fint med gardsbruk er at det er uavgrensa moglegheiter. Det er jo berre fantasien som setter grenser for kva ein kan gjere, seier Ingebrigtsen og legg til:
– Eg skal jo ikkje vere idrettsutøvar heile livet. Så det handlar jo om å sikre moglegheiter for framtida. Så det er kjekt.
– Viss Erling Braut Haaland vil vere avløysar så er det berre å melde seg?
– Det er ikkje sikkert han er kvalifisert, svarar Ingebrigtsen.
Kjøpte gard til 12 millionar
Tysdag blei det kjent at Jakob Ingebrigtsen og kona Elisabeth Asserson Ingebrigtsen hadde kjøpt eit gardsbruk på Soma i Sandnes.
Gården blei lagt ut på Finn.no til 10,3 millioner kroner. Men ifølge Sandnesposten var salssummen på 12 millionar kroner.
Sandnesposten skriv at det var fire personar med i bodrunden, og at Ingebrigtsen til slutt vann med eit bod på tolv millionar kroner.
Foto: Arild Eskeland / NRK«Gardsbruk med mjølkekvote – flott plassering i naturskjønne omgivnader», sto det i annonsen.
På eigedommen er det bustad, garasje og driftsbygning. Jorda er for tida leigd ut for produksjon av gras, korn og poteter.
Gardsbruket ligg på Soma i Sandnes.
Foto: Asle Haukland for JærmeglerenFortel om forholdet til dottera
Gardskjøpet kjem etter eit år der Ingebrigtsen ikkje berre har vore i media sitt søkelys grunna idrettsprestasjonar.
I vår sto faren Gjert Ingebrigtsen tiltalt for mishandling i nære relasjonar mot Jakob Ingebrigtsen og søstera. Gjert blei frikjent for mishandlingsskuldingane.
For sonen var kona Elisabeth og dottera Filippa viktige støttespelarar under rettssaka.
Rettssaka mot faren, Gjert Ingebrigtsen, gjekk over sju veker i Sør-Rogaland tingrett.
Foto: Ksenia Novikova / NRK– Uansett kva som skjer så er det fint å komme heim til dei, og bruke tid saman med dei, seier Jakob Ingebrigtsen i dag. Han held fram:
– Men eg har også ein fin søskenflokk med ein utvida familie. Som står meg nære, og vi har eit fint samhald og løyser utfordringane saman.
Han fortel også om forholdet til dottera, og korleis det er vere mykje vekke.
Jakob Asserson Ingebrigtsen, saman med dottera Filippa
Foto: Mikael Kaspersen Kinnestad / NRK– Eg har ikkje moglegheit til å vere så mykje heime. Derfor er eg kynisk og bruker den tida heime til å gi ho så mykje glede som mogleg.
Han seier også at dottera i dag ikkje har noko kontakt med farfaren.
– Nei, det har ho i utgangspunktet ikkje, men ho har jo mange andre besteforeldre.
– Det viktigaste for oss, er å gi den oppveksten og kvardagen som er best mogleg for henne.
Fokuset er no å bygge sakte
Jakob Ingebrigtsen legg bak seg ein spesiell sesong med fleire vonbrot på friidrettsbanen, og ein utandørssesong blei i stor grad øydelagd på grunn av ein skade i akillesen.
– Forma er stigande. Eg er i full opptrening. Eg bygger kondisjon, eller grunntrening.
– Fokuset er no å bygge sakte, seier Ingebrigtsen.
Foto: Vegard Grøtt / BildbyrånHan ser no fram mot utandørssesongen i mai neste år.
– Det er spennande å vere i den byggingsprosessen, der ein bygger stein for stein, og det går raskare dag for dag.
Publisert 31.10.2025, kl. 10.41 Oppdatert 31.10.2025, kl. 10.56





 English (US)  ·
                        English (US)  ·