Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_688d0914f6bffebcf59d0bb2e49f1106, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
– Eg hadde ikkje meldt meg. Eg måtte bli tatt, eg måtte stoppast - NorwayToday

– Eg hadde ikkje meldt meg. Eg måtte bli tatt, eg måtte stoppast

4 hours ago 2


No syntest eg det verkar rart å sjå tilbake på at ein kunne gå i gang med eit slikt prosjekt på fullt alvor, seier David Toska frå scenen i Stavanger domkyrkje.

Prosjektet Toska viser til er noregshistorias største ran.

Samtalen i kveld går mellom David Toska og Kjetil Klungland. Sistnemnde er sonen til politimann Arne Sigve Klungland, som blei drepen under Nokas-ranet i 2004.

Toska blei dømd til fengsel i 19 år for ranet, og blei prøvelauslaten i 2018.

en gruppe mennesker som sitter i stoler

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Det er Stavanger Domkyrkje og Stavanger Aftenblad som arrangerer møte mellom dei to.

Fortel om ransutbytet på 57 millionar kroner

Den 5. april 2004 blei kjellaren til Noregs Bank i Stavanger sentrum rana for over 57 millionar kroner.

Då rettssaka starta i Stavanger tingrett 19. september 2005, sat 13 personar på tiltalebenken. Toska blei rekna som hovudmann og meisterhjernen bak angrepet på teljesentralen.

Samtalen i domkyrkja er det første som har dratt David Toska tilbake til Stavanger sidan.

I første runde var det planlegging. I kveld snakkar han framfor 500 frammøtte.

Han har til no vore ordknapp om det som fann stad den dagen. Men i dag snakkar han mellom anna om det mykje omtalte ransutbytet.

Ranaren fekk med seg rett over 57 millionar kroner. Mesteparten av dette har aldri blitt funne.

en gruppe mennesker som sitter i stoler

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Det blei delt opp i ryggsekkar, og så delt ut, seier han i dag.

– Og så har kvar av dei ryggsekkane fått sitt eige liv. Mange av dei som eigde dei blei jo tatt.

Han seier mykje av pengane hamna oss ymse familiemedlem og vener.

– Det er jo gjerne ikkje streite folk som passar på dei, seier han vidare.

– Eg rømde til Oslo, og så ut av landet

Seks av ranarane og heile ransutbyttet, finn vegen til ei dekkleilegheit i Stavanger sentrum, berre nokre hundre meter frå Domkirkeplassen den dagen i 2004.

I dag seier Toska at det var først då han forstod at alt ville endre seg.

Han slår på TV-en, og ser ei rekke med alvorlege politimenn.

– Då det går over, kjem overlevingsmodus. Korleis skal ein komme seg vekk, og fullføre dei forpliktingane eg har. Eg rømde til Oslo, og så ut av landet.

– Eg hadde ikkje meldt meg. Eg måtte bli tatt, eg måtte stoppast, seier han vidare.

en gruppe mennesker som sitter i stoler

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Eg mista ein kjær pappa

Ein kan framleis sjå kulehol på fasaden på Noregs Bank få meter unna.

Det er også her forbipasserande blei vitne til skotveksling og biljakt, der politimann Arne Sigve Klungland blir skoten og drepen.

I dag sit sonen på scenen få meter frå der alt fann stad, saman med mannen som planla det heile.

Saman forsøkte dei å setje ord på det som skjedde den dagen, og om det som skjedde etterpå.

en gruppe mennesker som sitter i stoler

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Eg mista ein kjær pappa som eg ikkje får tilbake. Eg har måtte forsone meg med det, seier Klungland.

I etterkant av drapet på faren oppsøkte Kjetil Klungland fleire av ransmennene i Stavanger fengsel.

– Eg er takksam for dei som sa ja til å møte meg. Dei møta var veldig viktige for mi bearbeiding vidare i prosessen, seier han frå scena i dag.

Han fortel mellom anna om møte med Kjell Alrich Schumann, som blei dømd for drapet på faren.

Eg kunne ta han i handa, og sa takk for at du møtte meg, og eg kjente ikkje på noko sinne, seier Klungland. Han held fram:

Det må vere ein del av tilgivinga for meg.

Var 19 år då han starta som yrkeskriminell

I dag er David Toska dagleg leiar i stiftinga Wayback i Bergen, som hjelper straffedømde i overgangen etter soning.

Han seier veg hit har vore lang.

Allereie som 19-åring starta han som yrkeskriminell. Han seier han måtte gjennom fleire rundar før han var klar for forlate det kriminelle miljøet.

en gruppe mennesker som sitter i stoler

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– I rettssaka er det jo eit kampmodus. Då er du meir i overlevingsmodus.

Under soninga tar han artium. Han begynner etter kvart å studere.

– Eg hadde jo begynt å studere, og hadde tankar om noko nytt.

– Det blei så intenst det livet. Så du mista jo kontakt med familie og venner som ikkje var kriminelle.

Korleis finn ein noko anna?

Det er jo veldig individuelt, seier Toska.

Det einaste som er sikkert er at det blir ikkje slikt du har tenkt, seier han.

Samtalen mellom Toska og Klungland fekk ståande applaus frå publikum.

Dette skjedde i april 2004

NRK har skrive ein artikkelserie på fem delar om ranet:

Del 1: Gangsterlederen som ble skutt før rekordranet.

Del 2: Rekordranet mot Nokas

Del 3: E-postadressen som felte David Toska

Del 4: – Ranerne ødela mye av livet mitt

Del 5: Metkel Betew: – Vil bruke tiden med Schumann før han dør

Under kan du også høyre heile historia:

Publisert 22.05.2025, kl. 22.50 Oppdatert 22.05.2025, kl. 23.43

Read Entire Article