– Eg blir stressa når eg ser kjendisar som berre er kjendisar

4 hours ago 1


Mann medoransje skjorte spelar på eit raudt piano og kikker ut av vindauget

Pianoet har sentral plassering i leilegheita til Egil Skurdal på Sagene med utsikt ut mot bakgarden.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Komikar Egil Skurdal blei lei av å laga revylåter om sjaman Durek. No har han funne tilbake til musikken – heilt utan punchline.

I stua til Egil Skurdal på Sagene har pianoet fått sentral plassering ut mot den rolege bakgarden kor vindauget ofte står ope når han spelar inn nye videoar.

– Det er jo kanskje ikkje så mange som har visst at eg har drive med musikk på den måten.

Mann med oransje skjorte løfter ein arm framfor eit raudt piano

Egil er aldri langt frå pianoet der han spelar inn duettvideoane sine.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Lenge var nok Egil mest kjent for å vera han morosame som spelar piano. Han er eigentleg utdanna pianist, men har dei siste åra vore mest aktiv som komikar.

– Etter studia blei eg berre standupkomikar. Men så har eg jo eigentleg hatt ein draum om å gjera meir musikk og ikkje berre sitta og laga revylåter med ting som rimar på sjaman Durek.

Egil med ei av humorlåtene sine frå då han var syngande reporter i «P3morgen».

Løysinga blei det som no har blitt ei rekke duettar med suksess i sosiale medium.

Fleire av dei relativt enkelt produserte duettane har over 300.000 visingar på Instagram.

Egil har alltid bruka musikken aktivt i humoren sin. No synest han likevel det er stas at han begynner å få meir anerkjenning for dei «seriøse» sidene av det han held på med.

– Det har vore ei spennande reise. Det å skulla levera noko utan ein punch, utan «bada-bam» eller «Jazz Hands».

På mange måtar har heile prosjektet med Instagram-duettane hjelpt Egil med å finna tilbake til kvifor han held på med dette.

– I fjor då eg blei spurd om å vera med i ein TV-reality så måtte eg tenka litt på kvifor eg eigentleg er i denne bransjen. Så innser eg: Det var jo musikken som gjorde at eg eigentleg ville starta med TV og scene.

Korktavle i ein gang med diverse plakatar, billettar og dill

Korktavla som møter alle som kjem på besøk hos Egil er mildt sagt overfylt.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Det er noko med det å ha eit hjartebarn som eg gler meg til å komma heim for å jobba med.

Referansehimmel

I den vesle leilegheita til Egil på Sagene er det ikkje spara på noko som helst. Her er det Svampebob-spel på hylla, ei signert Kikki Danielsson-plate og eit Rema 1000-skilt frå Ringebu hengande over sofaen.

– Når eg først hadde pussa opp med berre beige jordfargar og nypolert kjøkken så tenkte eg: Eg må få opp noko som er litt meir meg.

Bilde av Roy Narvestad over en vask på eit kjøkkenKen-dokke i ei oransje hylle

Det er alltid noko nytt å få auge på heime hos Egil på Sagene.

FOTO: Kjetil Solhøi / NRK

Med ei gamal Ken-dokke på hylla og eit bilde av Roy Narvestad over vasken er ingen referanse for snever for «Sageneguten».

– Stygge ting er jo gøy. Mykje av det eg har synest eg jo berre det er så gøy at det er laga, ler Egil og nikkar mot «Mot i brøstet»-spelet på veggen.

Mot i brøstet-spill

Det har blitt eit par rundar med «Mot i brøstet»-spelet heime hos Egil på Sagene.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

«Kjendis-Egil»

– Det er klart at når lokalavisa må presisera at du er kjendis i overskrifta, så er du ikkje akkurat verdskjend.

Det Egil siktar til er eit nyleg «heime hos»-intervju frå Sagene Avis kor han i overskrifta blei omtala som «Kjendis-Egil».

Mann med oransje skjorte og svart kortbukse går mot kameraet på grusveg i park

Egil har budd på Sagene i Oslo heile livet.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Eg er jo ikkje Sissel Kyrkjebø liksom, ler Egil før han held fram:

– Eg trivst veldig godt i mitt eige narrativ om at eg er ein veksande kunstnar, at eg er ein fyr som gjer mykje og er på veg opp.

Han er glad for at han i kjendis-tilværet likevel er ein fyr som har noko å koma med og falla tilbake på.

– Eg håper iallfall at folk får med seg at eg er litt her og der, og prøver meg på nye ting og sånn. For det synest eg er gøy.

  • Reporter Egil Skurdal i P3morgen

    Egil var reporter i «P3morgen» frå 2022 til 2024.

    Foto: Herman Henriksen / NRK P3/Herman Henriksen
  • Mann med dress og glitrande skjerf sit og syng i ein mikrofon med eit piano trekt med raud fløyelsduk.

    Egil var òg med som musikalsk «sidekick» på «Senkveld med Helene og Stian» i 2021.

    Foto: Foto: Helene Kjærgaard / TV 2 / TV 2 / NTB
  • Ein gjeng står oppstilt foran eit brunt hus på eit tun.

    Egil var ein av deltakarane i «Farmen kjendis» i 2024.

    Foto: Anton Soggiu / Strix Televisjon / TV 2
  • Ein mann med stripete skjorte og ei kvinne med rosa glinsande kjole står foran eit skilt kor det står LOVE

    Egil var fortellarstemma i den norske versjonen av «Love Island». Her med programleiar Alexandra Joner.

    Foto: Jørgen Holst / TV 2

– Eg blir stressa når eg ser kjendisar som berre er kjendisar.

Instagram-suksess

Duettvideoane til Egil har ikkje berre vore ein måte for Egil å finna tilbake til musikken. Dei har òg skapt stort engasjement i sosiale medium.

– Eg trur eg har fått 15 000 nye følgarar dei siste vekene. Eg har ikkje fått nye følgarar sidan 2021.

I tillegg merkar Egil at han får utteljing for videoane i anna enn berre sjåarar og klikk.

Mann med oransje skjorte og briller ler i ei leilegheit med sofa og eit stort Rema 1000-skilt i bakgrunnen

Latteren sit laust hos den musikalske komikaren.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Det kjekkaste med heile konseptet er jo at eg plutseleg har fått kontakt med publikummet mitt.

– Plutseleg hadde eg 500 kommentarar frå folk som spurde om når låtene kom ut på Spotify.

I ein av dei siste videoane til Egil, syng han «Händerna mot himlen» av svenske Petra Marklund saman med Oslokoret.

Egil Skurdal syng «duett» med Oslokoret med låta «Händerna mot himlen» av Petra Marklund. Over 740.000 har fått med seg videoen på Instagram til no.

– Då kom eg heim til dei for ein gongs skuld. Det hadde ikkje vore plass til 120 menneske her inne, seier Egil medan han peikar rundt seg i den vesle leilegheita.

Videoen er den heilt klart mest sette av duettane til Egil med over 740.000 visingar.

Dette skjer samstundes med at fenomen som pubkor trekker fulle hus i fleire byar over heile landet, der folk kjem saman for å synga og vera sosiale.

I tillegg har låta frå 2012 har fått ny aktualitet etter at det norske herrelandslaget bruka ho i garderoben etter sigeren mot Italia på San Siro då det blei klart at dei hadde kvalifisert seg til VM.

– Det er berre så sjukt gøy å sjå at det framleis går an å engasjera folk. Du kan jo sjå videoar på TikTok som har 500 millionar visingar, men så har han berre 29 kommentarar. Då er det ikkje noko engasjement der.

– Eg elskar «We Are The World»-stemning

Sjølv har Egil lenge vore interessert i fotball, særleg når det er store meisterskap.

– Kanskje ikkje like mykje som Markus Neby då, ler Egil.

Små dokker av Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard i ei kjøkkenhylle.

Noregs landslagshåp har fått sentral plassering i kjøkkenhylla.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Eg elskar «We Are The World»-stemning kor alle står og voggar og har henda opp.

For Egil er det nok det sosiale rundt fotballen viktigare enn resultatet.

– Men det er klart viss Noreg skulle finna på å gå til kvartfinale eller noko, då begynner nok det gamle fotballblodet mitt å bobla med ein gong.

Landslagsspelarane jubla saman med kronprins Haakon og prins Sverre Magnus etter å ha sikra VM-plassen. Bilde frå Norges Fotballforbund.

At «Händerna mot himlen» kom midt i VM-oppkøyringa beskriv Egil som mest tilfeldig. Likevel har han òg sunge duett med Nicolay Ramm i tillegg til sin eigen versjon av NRK si VM-låt «Sammen for Noreg».

– Men det blir nok ikkje duett med «Drillo» med det første.

Read Entire Article