– Det er jo ikkje så lenge sidan vi fanga inn ein katt som vi trudde var vill. Den viste seg å vere tam og ID-merka, fortel Mari Johansen.
Ho er ei av dei frivillige fostermødrene i Moss og omegn Dyrebeskyttelse.
Heime har ho nå tre kattungar. Dei har til felles at dei blei funne ute – heimlause og forsømte.
Mari Johansen, fostermor, her med fosterkatten Reidar
Foto: Odd Skjerdal / NRKIngen veit kor mange heimlause kattar det finst i Noreg, men ifølge Mattilsynet dreier det seg om rundt 50.000.
Nå håper Johansen og andre i Dyrebeskyttelsen at Noreg vil følge EU. Dei vurderer nå obligatorisk ID-merking av kattar.
– Vi hadde håpa at ein hadde gjort det for lenge sidan. Vi ser jo ingen argument imot, seier leiaren i Moss og omland Dyrebeskyttelse, Ole Johnny Martinsen.
Ole Johnny Martinsen, leiar i Moss og omegn Dyrebeskyttelse, saman med forsterkatten Ragnar
Foto: Odd Skjerdal / NRKDyrevelferd ein del av EØS-avtalen
I Noreg har dyrevelferdsgrupper lenge kjempa for å få innført krav om å ID-merke kattar.
Viss EU går for krav om ID-merking, må truleg Noreg følge etter.
Landbruks- og matdepartementet vil ta ei vurdering når endeleg regelverk er vedtatt.
– I 2023 foreslo Europakommisjonen eit heilt nytt regelverk om dyrevelferd ved avl og ID-merking for hund og katt. Dyrevelferd er ein del av EØS-avtalen. Når regelverket er vedtatt, vil Noreg vurdere korleis det skal gjennomførast, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap).
Landbruksminister Nils Kristen Sandtrøen
Foto: Pål Hansen / NRKEuropaparlamentet vedtok i juni eit lovforslag om sporing og dyrevelferd for hund og katt.
Forslaget inneber obligatorisk mikrochipping og registrering av alle hundar og kattar i EU.
Forslaget er framleis til behandling, men er Europaparlamentets posisjon når dei nå går inn i forhandlingar med Ministerrådet.
Mattilsynet har snudd
Mattilsynet har tidlegare ikkje ville tilrå ID-merking, men dei har nå snudd.
Nina Brogeland Laache er seksjonssjef for seksjon dyrevelferd i Mattilsynet.
Ho seier ID-merking av kattar som får gå fritt utandørs, er eitt av fleire tiltak for å redusere talet på heimlause kattar.
– Alle kattar bør derfor ID-merkes med mikrochip hos veterinæren, slik at eigaren kan sporast opp dersom katten av ein eller annan grunn kjem på avvegar.
Nina Brogeland Laache, seksjonssjef for seksjon dyrevelferd i Mattilsynet
Foto: PrivatI samband med stortingsmeldinga om dyrevelferd, gav Mattilsynet innspel om at politikarane burde vurdere å forskriftsfeste krav om ID-merking.
– I tillegg bør kattar som går fritt ute kastrerast eller bli steriliserte for å hindre ukontrollert formeiring, seier Laache.
Ho understrekar at eit påbod om ID-merking ikkje nødvendigvis vil betre velferda for kattar, men det vil gjere det enklare å finne rett eigar dersom katten kjem på avvegar.
Ser heimlause kattar som lid
I Moss er det stadig nye kattar som treng hjelp.
Leiaren i Moss og omegn Dyrebeskyttelse, fortel om stygge skadar og innavl.
– Vi får inn kattar med store skadar. Brekte ryggar, brekte bein. Dyr som ikkje har alle beina. Døde dyr.
Mange av kattane har openbert blitt dumpa.
– Det er observert bilar som kjem på ein parkeringsplass, opnar bakdøra, hiv ut ein pose eller ein kartong og køyrer av garde, fortel Martinsen.
Kattungar som blir funne, er ofte heilt utsvoltne og manglar mamma.
Foto: Moss og omegn dyrebeskyttelseDet er eit tøft liv, før ein blir fanga og tatt vare på.
Foto: Moss og omegn dyrebeskyttelse / NRKDyrebeskyttelsen finn ofte kattar med sår og skader.
Foto: Moss og omegn dyrebeskyttelseVeterinærutgigtene til Moss og omland Dyrebeskyttelse nærmar seg ein million kroner.
Foto: Moss og omegn dyrebeskyttelseEin heimlaus utekatt rett før han blir fanga.
Foto: Moss og omegn dyrebeskyttelseDesse kattungane blei fødde i ei søppelkasse, før Dyrebeskyttelsen fann dei.
Foto: Moss og omegn dyrebeskyttelse
Kvart år tar dei aleine inn mellom 100 og 150 kattar. Og kvart år har dei rundt 1 million kroner i veterinærutgifter.
Martinsen meiner ID-krav kan gjere ein stor forskjell.
– Vi finn mange kattar ute. Veldig få av dei er ID-merka. I dei tilfella der kattane er det, er det enkelt å finne tilbake til eigar.
Heimlause kattar har fått ein ny heim
Foto: Sara Vilde Solås / NRKHan meiner det også vil gi mindre dumping av dyr.
– Om ein dumpar ein katt eller ein kanin som allereie er merka, da vil det få nokre rettslege konsekvensar som eg tenker vil dempe høvet til å dumpe dyr.
Eit nytt katteliv ventar
Mari Johansen har akkurat nå tre viltre pelsklumpar som ventar på ein ny heim. Ho har vore fostermor for bortkomne kattungar sidan 2018.
Fosterkatten Ragnar
Foto: Odd Skjerdal / NRKFør dei kom til henne, hadde dei vore nokre dagar utan mat og utan mamma. Dei var tynne og svoltne, og på randa til å miste eitt av dei ni liva sine.
– Den svarte som er her nå, sat eg med i fem timar ei natt og trykka på hjartet og blåste på, han heldt på å døy. Det er hyggeleg å få dei i live igjen.
Publisert 18.07.2025, kl. 13.53