– Dette er uakseptabelt. Det kan da ikkje vere nødvendig å sjå på ein spelar dusje? skriv den tidlegare britiske tennisproffen, Mark Petchey på X.
Han reagerer på ei oppdatering frå det internasjonale integritetsbyrået (ITIA) som blei delt på same plattform nyleg.
ITIA skriv der at dersom ein spelar ønsker å dusje før han eller ho har tatt dopingprøve etter kamp, må dopingkontrolløren kunne observere spelaren heile tida.
– Viss ein ikkje etterkjem dette kravet, vil det bli tatt ekstremt alvorleg av ITIA, heiter det blant anna i oppdateringa.
PROFIL: Mark Petchey omtaler dopingendringa som «uakseptabel».
Foto: MATTHEW STOCKMAN / AFP / NTBSkapar debatt
Det er det internasjonale antidopingbyrået (Wada) som lagar regelverket for korleis dopingtestar skal gjennomførast.
For å sikre at utøvarar – uavhengig av idrett – ikkje slepp unna, seier regelverket at utøvaren til ein kvar tid må observerast av dopingkontrolløren frå kontrolløren først presenterer seg til dopingprøva er avlagd.
VANLEG: Dopingkontrollar førekjem på dei fleste, store idrettsarrangement.
Foto: Terje Pedersen / NTBDet gjeld altså også dersom ein utøvar ønsker å dusje etter ein kamp, før ein tar ei dopingprøve.
– Vi anerkjenner at nokon delar av ei dopingprøve kan vere ukomfortabelt, seier ITIA i ei fråsegn ifølge Reuters.
REGLAR: Det internasjonale antidopingbyrået (Wada) står bak reglane.
Foto: AFPITIA understrekar også at dette er eit krav frå verdas antidopingbyrå. Likevel får dei altså kritikk for meldinga som er send ut til utøvarane.
Tidlegare verdseinar i partennis, Rennae Stubbs, er delt i sitt syn.
– Vi måtte alltid dusje med døra open. Dopingkontrollørane var med oss kvart einaste minutt frå vi gjekk av banen, inkludert å observere oss da vi dusja. Eg skjønar ikkje kvifor denne meldinga dukkar opp nå, skriv ho på X, før ho erkjenner at det både er upassande og traumatiserande.
IKKJE FAN: Rennae Stubbs (t.v.) opplevde dusjobservasjonen som både upassande og traumatiserande.
Foto: EDGAR SU / Reuters / NTBPersonleg erfaring
Noregs best rangerte kvinnelege tennisspelar, Malene Helgø, fortel til NRK at ho har opplevd å bli observert av dopingkontrollørane.
– Eg synest det er bra og har ingenting imot reglane. Det er bra reglane er strenge.
TENNIS: Oslojenta Malene Helgø er Noregs best rangerte tennisspelar på kvinnesida.
Foto: Cicilie S. Andersen / NRK25-åringen seier vidare at ho ikkje har høyrt at andre i miljøet har negative erfaringar med reglane.
– Dopingkontrollar er viktige og bra for å halde idretten rein og rettferdig, meiner Helgø.
– Kreative utøvarar
Her i landet har Antidoping Noreg, stiftinga som blant anna gjennomfører dopingkontrollar i Noreg, tatt grep for å forhindre at utøvarane blir observerte i dusjen.
Hovudregelen er nemleg slik at utøvarane ikkje får dusje i det heile før dopingprøva er avlagd.
– På den måten blir observasjon i dusjen ikkje ei problemstilling, seier dagleg leiar i Antidoping Noreg, Anders Solheim.
SJEF: Anders Solheim er dagleg leiar for Antidoping Noreg.
Foto: Håkon Mosvold LarsenHan held fram:
– Historia har vist oss at utøvarar kan vere kreative med tanke på å jukse. Utøvarane er vande med å vere under observasjon og at dei ikkje får dusje, seier han til NRK.
– Kvifor er det nødvendig å observere utøvarane som dusjar?
– Det er for å forhindre at dei som vil jukse skal kunne manipulere med eigen urin, svarer antidopingsjefen.
Publisert 20.04.2025, kl. 14.56