Droppa Syden-planar i varmen: – Tok heller noregsferie

1 week ago 3


– For to veker sidan sat vi og såg på restplassar til Syden. Då vi fann ut det var fint vêr i heile Noreg, tok vi heller noregsferie, seier Karina Refseth og Morten Nordsveen.

Saman med borna Marie og Mikkel har dei tatt turen frå Trondheim til Tueneset i Ålesund. Her nyt dei sommarvarmen.

Restplass bekreftar ein nedgang i trafikken på 10 prosent om ein samanliknar med juli i fjor.

– Juni var rekordmånad, men trafikken dalte frå 10. juli. Så det er heilt tydeleg at vêret har mykje å seia for vår del, seier Hans Kristian Birkeland som er dagleg leiar for Restplass.

Noreg toppar lista

Ferske tal frå Finn tyder òg på at mange nordmenn droppar Syden-ferien i år.

– Vi ser ein ganske tydeleg endring i søkemønstera. No er det Noreg som gjeld, seier Anette Syversen, direktør for Finn reise.

Syden-destinasjonane har tapt terreng. Spania var den mest populære destinasjonen i fjor. No har søkeinteressa for Spania falle med 58 prosent. Hellas har eit fall på 68 prosent, ifølgje Finn.

– Dette er sterkt knytt til varmen som dei fleste av oss nordmenn opplever om dagen, meiner reisedirektøren.

Auka interesse for Noreg

– Vi treng ikkje reisa til Syden. Det er varmt og godt her, seier Anette Ilebekk og Thomas Gilbert.

Mor, far og barn poserer foran kamera

Syden fristar ikkje for familien Ilebekk Gilbert.

Foto: Marie Belseth Sanden / NRK

Saman med dottera Aurora har dei hatt ei natt i telt på Jomfruland i skjergarden utanfor Kragerø i Telemark.

– Noreg er deilig på sommaren. På sommaren er noregsferie perfekt, seier Signy Standal og Henrik Waje-Andreassen som også ferierer på Jomfruland.

Eit par smilar til kamera

Signy og Henrik meiner Noreg er perfekt på sommaren.

Foto: Marie Belseth Sanden / NRK

Innovasjon Norge har ikkje klart tala for årets sommar enno, men seier at nordmenn i fjor ferierte nesten like mykje her heime som i pandemiåret 2021. Dei trur trenden vil halda fram.

– Generelt er interessa for å feriera i eige land mykje høgare no enn før pandemien. Vi har ein sterk vekst i «heimemarknaden», seier Siri-Ann Roska som kommunikasjonsansvarleg for reiseliv i Innovasjon Norge.

Fleire NRK har snakka med har valt å leggja ferien til Noreg denne sommaren, medan andre ferierer både her heime og i utlandet.

  • en familie på fire. en far, en mor og to barn.

    Shiva Ghalvazi / NRK

    Hellas ventar

    Erik Sylte Kleven, Maren Ølstøren og borna Agnes og Astrid er òg på noregsferie.

    – Vi var litt vêrsjuke med 13 grader i Trøndelag tre veker på rad, så då blei det spontant bestilt ein tur til Hellas.

  • en kvinne som står på en strand

    Shiva Ghalvazi / NRK

    – Bortkasta pengar

    – Det er ingen grunn for å reisa til utlandet. Eg tenkjer ferie i Syden er litt bortkasta pengar, seier Sara Berge.

    Ho trur at mange held seg heime eller ferierer i Noreg når vêret er som det er.

  • ei gruppe menneske står foran ein bubil

    Shiva Ghalvazi / NRK

    Skal besøka familie i Polen

    Familien Forjasz er på bubilferie, noko dei meiner er «heilt perfekt». Snart skal dei ta turen til Polen der dei har familie.

    No er det betre vêr her enn i Polen, seier dei.

  • en kvinne i hvit topp som smiler til kameraet

    Gisle Jørgensen / NRK

    – Noregsferie er topp

    – Noregsferie er topp. Skulle eg ha valt noko, hadde eg valt noregsferie, og det er jo det eg er på no, seier Inger Lise Næss som for tida er på ferie i Haugesund.

    – Det er så mykje fint i Noreg.

  • en kvinne i blå t-skjorte som står utenfor en bygning

    Gisle Jørgensen / NRK

    Fulltreffar i år

    – Noreg er fint. Eg trur det blir sol kvar juli når eg tar ferie, og i år trefte det, seier Miriam Kristiansen Anthun som køyrde frå regnet på Bømlo til sola i Haugesund.

Roska i Innovasjon Norge peiker på at økonomien speler inn når familiar skal planleggja ferien. Fleire søkjer på aktivitetar som er gratis, og artiklane deira om feriehus og hytter er blant dei best besøkte sidene i år.

Svak krone

I tillegg gjer kronekursen det dyrt å feriera i Europa

– Når vi gjekk inn i nok ein sommar med svak kronekurs, venta vi at mange nordmenn også i år kom til å feriera i eige land, seier Roska.

For tredje sommaren på rad må vi nesten ut med 12 kroner for ein euro. I tillegg svekkja krona seg ytterlegare då Noregs Bank sette ned renta førre månad.

Sjekk eurokursen for et tidspunkt i grafen
Prisen for euro de siste 25 årene. Grafen har en topp i 2008 under finanskrisen, i 2020 under pandemien og er nå igjen på et høyt nivå.20002004200820122016202020246 kr8 kr10 kr12 krFinanskrise →Pandemi →
Sjekk eurokursen for et tidspunkt i grafen
Prisen for euro de siste 25 årene. Grafen har en topp i 2008 under finanskrisen, i 2020 under pandemien og er nå igjen på et høyt nivå.20002004200820122016202020246 kr8 kr10 kr12 krFinanskrise →Pandemi →

Grafen viser eurokursen fra Norges Bank siden 1999. Siste kurs fra 23.07.2025.

Syversen i Finn reise seier at dei har sett at land som til dømes Polen, Albania og Litauen har klatra på listene.

– Det handlar jo om kronekursen, og kvar ein får mest for pengane. Så det er eit mindre fall på desse landa, enn kva det for eksempel for Spania og Hellas.

Sjekk hva det koster

Fra danske kroner

Til norske kroner

158,64

Valutakurser fra Norges Bank.
Siste kurs fra 23.07.2025

Publisert 22.07.2025, kl. 18.34 Oppdatert 22.07.2025, kl. 19.19

Read Entire Article