Driver ulovleg parkeringsplass: – Håpar kommunen tar til fornuft

13 hours ago 2


Sola skin i Lofoten og alle vil sjølvsagt på dei kritkvite strendene.

Vikstranda og Hauklandstranda er førstevalet både for turistar og lokale.

Trafikken blir på desse dagane ei stor utfordring.

For mange blir løysinga å parkere ulovleg.

Det er rett og slett ikkje parkeringsplassar nok.

For dei få som er busett langs strendene, er desse dagane uuthaldeleg.

Førre fredag blei det full stans langs dei smale vegane.

Brynjulf Sørensen har bestemt seg for å gjere noko med dette.

– Det er ikkje nok parkeringsplassar her. Derfor tilbyr eg parkering på min private eigedom.

Men nokon løyve har han ikkje.

– Eg har ikkje løyve, nei. Kommunen meiner at dette er slottsmark, og derfor kan ikkje dette brukast til parkering, seier Sørensen.

Det er ifølge Statens vegvesen veldig vanleg med ulovlege parkeringsplassar på populære utfartsstader.

– Dersom vi blir kjent med slike verksemder så vil vi starte opp tilsyn.

Det seier Halgeir Jansen som jobbar i Parkeringstilsynet.

Brynjulf Sørensen driver ulovleg parkeringsplass på Vikstrand i Lofoten.

Brynjulf Sørensen meiner kommunen er litt for striks.

Foto: Katarina Trymsdatter Vatnvåg / NRK

Tidlegare har Sørensen fått varsel om bøter om han ikkje sluttar med parkering.

– Eg håpar dei tar til fornuft og lar folk hjelpe til med turismen.

Vestvågøy kommune ser derimot ikkje ut til å bli einig med seg sjølv, om kva dei eigentleg tenker om saka.

Godt initiativ?

Varaordførar i Vestvågøy kommune, Pål Krüger, meiner at når gale skal vere, så var ikkje dette det verste.

– Vi treng, i den kaotiske situasjon som er i Lofoten med parkeringsplassar, slike private initiativ.

Sjølv om Sørensen ikkje har løyve.

– Vi får sjå litt mellom fingrane.

Likevel vil han ikkje strekke seg så langt som å seie at kommunen oppfordrar til slike initiativ.

– Nei, vi ønsker helst at ein følger regelverket.

en mann som smiler med vann i bakgrunnen

Varaordførar Pål Krüger meiner kommunen har nok å henge fingrane i, og at dette ikkje er så viktig for kommunen.

Foto: Katarina Trymsdatter Vatnvåg / NRK

Dette er ikkje Jochen Caesar einig i.

Han er fungerande einingsleiar for Næring, plan og utvikling i Vestvågøy kommune.

– Problemet er at det går på kostnad av landbruksareal, kulturlandskap eller strandsona.

Krüger meiner derimot det er betre at folk parkerer her, enn langs vegar og møteplassar.

– Det kan jo oppstå farlege situasjonar då.

– I storbyar når det er fullt på parkeringshus, då er det fult. Då må ein berre køyre vidare, og det gjeld her og, seier Caesar.

en mann som smiler med vann i bakgrunnen

Jochen Caesar i Vestvågøy kommune meiner ein ikkje berre kan opprette parkeringsplassar utan løyve.

Foto: Katarina Trymsdatter Vatnvåg / NRK

For få parkeringsplassar

To som ikkje fann parkeringsplass var Bastian Dramstad og Lyder August Nybø.

Dei stilte seg langs vegen, saman med mange andre bilar.

– Det er veldig mange bilar og veldig få parkeringsplassar her, seier Nybø.

– Det var ingen andre plassar å stå. Så såg vi at alle andre sto her, og då tenkte vi at det gjekk greitt, seier Dramstad.

Sjølv om Nybø og Dramstad parkerte ulovleg, er dei klar i sin sak.

– Hadde dokker nytta ein lovleg parkeringsplass om det var nokon ledige?

– Ja, ja absolutt!

LES OGSÅ:

Publisert 29.07.2025, kl. 11.34 Oppdatert 29.07.2025, kl. 11.53

Read Entire Article