Franske styresmakter vil måndag kalla inn USAs ambassadør i landet på teppet, melder Reuters.
Bakgrunnen er utsegner frå representantar for det amerikanske utanriksdepartementet etter drapet på den franske ytre høgre-aktivisten Quentin Deranque.
I meldingar publiserte fredag peika amerikanske styresmakter på det dei omtala som «valdeleg radikal venstreside».
– Når du vel å drepe menneske for meiningane deira i staden for å overtyde dei, har du stilt deg utanfor sivilisasjonen, skreiv Sarah Rogers, viseminister for offentleg diplomati i det amerikanske utanriksdepartementet, på X.
Kushner kalla inn på teppet
Departementet si eining for kontraterrorisme skreiv på si side at «valdeleg radikal venstreside er på frammarsj».
Dei skreiv vidare at rolla slike miljø skal ha hatt i dødsfallet til Deranque viser trugsmålet dei utgjer mot offentleg tryggleik.
Ein demonstrant held opp eit portrett under ein minnemarkering for ytre høgre-aktivisten Quentin Deranque i Strasbourg 22. februar 2026, etter at han døydde av skadar han fekk under eit angrep på sidelina av ein ytre høgre-demonstrasjon mot eit arrangement i regi av La France Insoumise (LFI) ved Sciences Po.
Foto: SEBASTIEN BOZON / AFP / NTBMeldinga blei delt på fransk av den amerikanske ambassaden i Frankrike.
Det har fått den franske regjeringa til å reagere.
– Vi avviser alle forsøk på å nytte denne tragedien til politiske føremål, sa utanriksminister Jean-Noël Barrot til franske medium sundag.
No er USAs ambassadør i Frankrike, Charles Kushner, kalla inn til møte måndag kveld.
Kushner er faren til Jared Kushner som er gift med Donald Trumps dotter Ivanka.
Italias statsminister Giorgia Meloni med Frankrikes president Emmanuel Macron under eit uformelt møte for EU-leiarar i Belgia. Bilete frå 12. februar 2026.
Foto: NICOLAS TUCAT / AFP / NTBOgså Italias statsminister Giorgia Meloni har omtala drapet. Ho kalla det for «eit sår for heile Europa», ifølge LeMonde.
Det fekk den franske presidenten Emmanuel Macron til å be Meloni om å halde seg unna franske innanrikssaker.
Følg fleire nyheiter frå Frankrike:
Døydde etter samanstøyt
23 år gamle Deranque døydde etter å ha blitt påført hovudskadar i etterkant av ein demonstrasjon i Lyon tidlegare i februar.
Ifølge videoopptak frå hendinga blei han slått og sparka i hovudet, medan han låg på bakken.
Quentin Deranque blei 23 år gammal.
Foto: - / AFP / NTBDemonstrasjonen var retta mot politikaren Rima Hassan frå det ytre venstrepartiet La France Insoumise (LFI).
Ho og andre representantar frå LFI har fordømt dødsfallet.
Ifølge fransk politi oppstod det samanstøytar mellom personar knytte til ytre høgre og ytre venstre på sidelinja av markeringa.
Elleve personar blei pågripne etter hendinga.
Dei er alle knytt til den ytre venstre-gruppa «Jeune Garde», eller «den unge garde» på norsk, ifølge fleire franske medium.
To av dei er no sikta for drap, skriv France 24.
Reuters melder at ein tredje ein parlamentarisk assistent knytt til ein LFI-representant, er sikta for medverknad.
Det er ikkje fastslått kven som påførte dei dødelege skadane, og etterforskinga held fram.
Minnemarkering for Deranque
Dødsfallet har skjerpa den politiske temperaturen i Frankrike i forkant av presidentvalet i 2027, ifølge France 24.
Leiaren for Nasjonal samling, Jordan Bardella
Foto: VALENTINE CHAPUIS / AFP / NTBPresident Macron er i sitt siste år som president, og ytre høgre-partiet Nasjonal samling (RN) blir rekna for å ha si beste moglegheit til no til å vinne presidentembetet, skriv LeMonde.
Macron har sagt at det ikkje er rom i Frankrike for rørsler som tar i bruk eller legitimerer vald.
Han har oppmoda både ytre høgre og venstre om å ta eit oppgjer med eigne miljø.
Laurdag deltok 3000 menneske i ein minnemarkering for Deranque.
Politiet sette inn ekstra tryggingstiltak av frykt for nye samanstøytar.
Ifølgje styresmaktene blei det observert nazihelsingar og rasistiske utsegner under marsjen, som er melde vidare til påtalemakta, ifølge Reuters.
Bad partimedlemmer halde seg unna
Leiaren for Nasjonal samling, Jordan Bardella, oppmoda partimedlemmer om å halde seg unna.
– Vi ber dykk, med unntak av heilt spesifikke og strengt kontrollerte lokale situasjonar, om å ikkje møte opp på desse samlingane eller knyte Nasjonal samling til dei, skreiv han i ei melding, ifølge nyheitsbyrået AFP.
Frå minnemarkeringa laurdag 21. februar 2026, til minne om 23 år gamle Quentin Deranque, ein ytre høgre aktivist som døydde etter vald i samanstøytar mellom ytre venstre- og ytre høgre-tilhengarar.
Foto: Laurent Cipriani / AP / NTBOrdføraren i Lyon, som er venstreorientert, ønskte eigentleg å forby markeringa.
Det vart stoppa av den franske innanriksministeren, som sa han berre kan forby ein demonstrasjon dersom det er fare for uro myndigheitene ikkje kan handtere.
Interessert i meir utanriks? Lytt til denne podkasten:
Publisert 23.02.2026, kl. 17.54















English (US)