Det skjer etter at regjeringshæren SAF starta ein ny offensiv mot gruppa Rapid Support Forces (RSF) i hovudstaden førre veke.
Det skriv avisa Sudan Tribune.
For første gong på to år skal SAF no ha kontroll over presidentpalasset og fleire regjeringsbygg i Khartoum, ifølge avisa.
Sudanesiske regjeringssoldatar feirar utanfor presidentpalasset fredag 21. mars.
Foto: Skjermbilde / Bilde fra XFeirar i palasset
Store delar av Khartoum har vore kontrollert av den paramilitære gruppa RSF sidan krigen starta i 2023.
Kampane held på framleis. RSF sende fleire dronar mot presidentpalasset seinast fredag, melder Reuters.
Regjeringshæren seier de nå er i ferd med å fjerne RSF-styrker heilt frå hovudstaden, skriv BBC.
Rapid Support Forces har på sin side ikkje kommentert situasjonen i hovudstaden.
Dette treng du å vite om krigen i Sudan
- Kven kjempar mot kvarandre?
Det har vore borgarkrig i Sudan siden 2023. Der kjempar først og fremst to styrkar mot kvarandre:
- Den sudanesiske hæren, kjend som SAF
- Rapid Support Forces, kjend som RSF
Dei to styrkene jobbet saman i fleire år. Men dei røk uklar med kvarandre i 2023 på grunn av press om å slå seg samen. Siden har dei kriga mot kvarandre for kontroll over Sudan.
- Kva kjempar de om?
Både regjeringshæren og RSF kontrollerer mykje ressurser som dei ikkje er villege til å gje opp, blant anna gull.
RSF kontrollerer store deler av Vest-Sudan, deriblant Darfur-regionen. SAF kontrollerer mykje av øst, inkludert mesteparten av hovedstaden Khartoum.
- Hvilke konsekvenser har krigen fått?
Konflikten kalles «verdas største sultkatastrofe», 24 millionar menneske lid av sult i landet, ifølge Legar utan grensar.
Man anslår at kring 150.000 menneske er drepen.
Konflikten er komplisert og har røtter tilbake til borgerkrigen som herja frå 1983 til 2005.
Video og bilete frå sosiale medium viser soldatar frå regjeringshæren feire inne i presidentpalasset.
– Vi er inne! Vi er inne i palasset, roper ein mann i militær uniform.
– Styrkane våre har beslaglagt store mengder utstyr og våpen som tilhøyrde fienden.
Det seier Nabil Abdallah, talsperson for regjeringshæren, på statleg TV.
Sudanesiske regjeringssoldater inne i presidentpalasset i Khartoum.
Foto: - / AFP / NTBEit ødelagt pansret kjøretøy i Khartoum.
Foto: Ebrahim Hamid / AFPEin ødelagt bygning i Khartoum. Hovedstaden er blitt hardt ramma av krigen.
Foto: EBRAHIM HAMID / AFP / NTB
Ekspert: Landet kan bli delt
– Det er mykje som tyder på at RSF må oppgi Khartoum sjølv om vi framleis kan forvente harde kampar.
Det seier Sudan-ekspert ved Christian Michelsens Institutt (CMI), Gunnar Sørbø, til NRK.
Sørbø trur likevel ikkje at krigen nærmar seg over.
– RSF kontrollerer det aller meste av det kjempestore området vest for Nilen, seier han.
– Dei har støttespelarar i regionen. Vi kan få ei langvarig deling av landet, slik vi har sett det i Jemen, Somalia og Libya.
Gunnar M. Sørbø er forskar ved Christian Mikkelsens Institutt og seier mykje framleis er uklart for framtida til Sudan.
Foto: Magne SandnesSkuldingar om folkemord
Mange innbyggjarar skal vere positive til regjeringshæren sin framgang, ifølgje CNN.
– Dette er den beste nyheita eg har fått sidan starten av krigen, seier innbyggar Mohamed Ibrahim til Reuters.
– Vi ønsker berre å vere trygge igjen, seier han til nyheitsbyrået.
Informasjonsministeren i regjeringa, Khaled Al-Aiser, skriv på X at kampen mot RSF held fram.
– I dag heiste vi flagget, presidentpalasset er tilbake, og vi held fram til sigeren er sikra.
RSF har tidlegare blitt skulda for folkemord. Skuldingane har blant anna komme frå den amerikanske regjeringa.
Tusenvis av sivile skal vere drepne av RSF på bakgrunn av etnisitet, ifølgje CNN. Og eit ukjent tal kvinner skal ha blitt utsette for seksuell vald av gruppa.
Men også regjeringshæren SAF skal ha stått bak omfattande vald og overgrep mot sivile, kjem det fram i ein rapport frå FN.
Over halvparten av innbyggarane i Khartoum skal ha flykta sidan krigen byrja, ifølgje FN.
To år med krig mellom den sudanske hæren og den paramilitære gruppa RSF har gjort mykje skade på hovudstaden Khartoum.
Foto: Rashed Ahmed / API heile landet har 8.8 millionar menneske blitt drivne på flukt, ifølgje FN. Dødstala er usikre, men estimert til opp til 150 000 menneske sidan krigen starta.
Det kjem også rapportar frå WHO om hungersnaud og utbrot av sjukdommar.
Interessert i utanriks? Hør siste episode frå vår podkast her:
Publisert 21.03.2025, kl. 11.08