Dømd til ungdoms- og samfunnsstraff for å banke mann i «pedojakt»

4 months ago 22


Gutane på 15 og 17 år lokka mannen til Devlebukta i Trondheim, banka han opp og la det ut på Snapchat.

No er dei dømd til høvesvis samfunnsstraff på 240 timar og ungdomsstoff med ei gjennomføringstid på åtte månader.

– Me skulle skjemme han ut på nettet, forklarte 15-åringen i retten om at dei ville varsle andre om mannen dei meiner er pedofil.

I tillegg er gutane dømd til å betale erstatning og oppreisingserstatning på totalt 54.138 kroner til mannen i 40-åra.

Valdsvideoen spreidde seg vidare på ei gruppe med føremål om å ta og henge ut pedofile.

«Pedojegrar»

I same periode som valdshendinga i Trondheim blei fleire liknande videoar publisert i sosiale medium der personar jaktar på personar dei meiner er pedofile.

Personane kallar seg «pedojegerar».

– Det er ei trend som går rundt om at ein skal filme pedoar og legge dei ut på nettet sånn at folk veit kven dei er, seier 15-åringen.

Fleire reagerte på innhaldet i videoen og meldte frå til politiet.

– Han hadde skadar i hovudet, mage, han var full av sand og for politiet hugsa han ingenting. Han mangla mobil og bilnøklar.

Det seier aktor Kaia Strandjord i retten om tilstanden til mannen etter valdshendinga.

– Påtalemakta er tilfreds med at domstolen er einig i skuldspørsmålet og reaksjonsforsettinga, seier Strandjord til NRK.

Sjølv om dei ville henge han ut, forklarte gutane i retten at dei ikkje ønska å skade mannen slik dei gjorde.

– Det var ein god intensjon, men det gjekk ikkje som planlagt. Intensjonen vår var å få fram at han var pedofil, sa 17-åringen i retten.

– Ungdomsstraff er det beste som kan kome ut av denne episoden

Begge gutane erkjenner straffskuld for grov vald mot mannen og for å ha lagt video av dette ut på Snapchat.

17-åringen erkjenner i tillegg straffskuld for å ha forlate 40-åringen i ein hjelpelaus tilstand og for å stikke av med bilen hans. Dette erkjenner ikkje 15-åringen straffskuld for.

Begge gutane er dømd for alle forholda dei var tilhald for.

Spor av blod i Devlebukta etter voldshendelse

Biletet viser spor av blod på åstaden etter valdshendinga.

Foto: politiet

Aktor forklarte gutane i retten at det å ta pedofile er politiet sin jobb, og ikkje to mindreårige gutar si oppgåve.

– Eg skulle gjerne ha hatt det ugjort. Eg skulle tenkt meg om to gongar før eg blei med på noko sånt, sa 15-åringen.

Det er ingen tvil på at han angrar. Det var ei impulsiv handling utan å tenke på konsekvens.

Det sa mor til 15-åringen i retten.

Det har vore beintøft, legg ho til.

Gutane samtykke og bad i retten om samfunnsstraff og ungdomsstraff for det dei har gjort mot mannen i 40-åra.

– Ungdomsstraff er det beste som kan kome ut av denne episoden, sa mor til 17-åringen i retten.

Sikta for å ha avtalt møte med barn

Mannen i 40-åra, som er offeret i saka, er sjølv sikta for å ha avtalt eit møte med eit barn under 16 år, med føremål om å gjere ei seksuell handling med barnet.

– Saka er ferdig etterforska, men ikkje avgjort hos påtalemakta. Mannen i 40-åra er sikta for brot av straffelova § 306.

Det seier politiadvokat Mette Forfang Digermul ved Trøndelag politidistrikt.

Via Snapchat fekk mannen kontakt med det han trudde var ei jente som kalla seg «Thea». Men bak brukaren skjulte den no dømde 17-åringen seg, på jakt etter pedofile for å henge dei ut på internett.

I retten blei delar av samtalen mellom dei to vist og det verkar som dei flørtar med kvarandre, sender hjarter og seier at dei gler seg til å møtast.

– Eg sa at eg ville møte ho personleg, snakke med ho og seie at dette ikkje er bra. Det forklarte 40-åringen i retten, som seier at han berre var ute etter vennskap.

Publisert 19.02.2025, kl. 14.56

Read Entire Article