I retten sist veke forklarte ein av ungdommane at han var redd for å misse jobben dersom han sa frå kva sjefen på restauranten dreiv med.
Samtidig fortalde dei tre tenåringsgutane om ein sjef som tok dei i skrittet, sende dei usømelege meldingar og som ikkje gav seg.
No er bedriftsleiaren dømd til fengsel i 60 dagar. Han må også betale sakskostnader på 10.000 kroner.
– Vi er fornøgde med at han blei dømd slik han blei og tenkjer det er ein korrekt dom, seier bistandsadvokat Astrid Bolstad.
Ho har førebels ikkje fått snakka med klientane sine.
Astrid Bolstad er bistandsadvokat for dei tre gutane.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKI dommen heiter det at framferda til sjefen var « ... grove overtramp av det styrkeforholdet man har som arbeidsgivar for sine ansatte».
I dommen blir det lagt vekt på at sjefen var nesten 50 år eldre enn gutane.
Alt skal ha kome for ein dag då folk som jobbar med overgrepsutsette tilfeldigvis hadde julebord i restauranten. Dei tre gutane tok då kontakt og fortalte kva dei var utsette for på jobb.
Skal ha vore redd for sjefen
– Ein frys til og føler ein ikkje kan stoppe det, sa ein av gutane i retten.
Også fleire av foreldra fortalde i retten om gutar som i løpet av arbeidsforholdet endra seg så mykje at dei blei urolege for kva som kunne ha skjedd.
I dommen kjem det fram at gutane var redde for sjefen:
«De fornærmede har forklart at det tok såpass lang tid før de anmeldte fordi de hadde fått historier om at denne atferden hadde pågått i lang tid, og tiltalte hadde forklart at han kjente så mange folk og hadde de beste advokater. Videre visste de at tiltalte kunne bli sint, og de var redd for hva han ville gjøre dersom de anmeldte».
Tre tenåringsgutar har forklart seg om ein sjef som fortalde at han var kåt.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKNektar for å ha gjort noko gale
Bedriftseigaren nekta straffskuld då han forklarte seg i retten.
Han vedgjekk å ha sendt usømelege meldingar og tatt på gutane, men meinte dei hadde vore med på notane.
Han kalla heile saka for ei samansverjing. Han erkjenner å ha tatt på dei, men avviser at det var seksuelt motivert.
Dette festar ikkje retten lit til: «Tiltaltes forklaring innebærer imidlertid en rekke motsigende påstander, og forhold som kan tilbakevises», heiter det i dommen frå Nordmøre og Romsdal tingrett.
Han er også tiltalt for å ha late ungdommane skjenke alkohol, i strid med lova.
Håkon Sætre Rasmussen representerer bedriftseigaren som nektar straffskuld.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKSkjerpa straffa
Politiadvokat Anders Skorpen Trøen bad om 45 dagar fengsel, då saka var oppe i Romsdal og Nordmøre tingrett sist veke.
Retten har skjerpa straffa til 60 dagar.
Av tiltalen går det fram at bedriftseigaren stilte dei tilsette svært nærgåande spørsmål, fortalde at han var kåt og foreslo ulike seksuelle aktivitetar.
Det skal ha skjedd både medan dei var på jobb og på fleire tekstmeldingar.
I ei av tekstmeldingane skal han ha spurt «Får eg lov å runke deg en dag?».
I ei anna skal han ha skrive «Har lyst på kuken din».
Politiadvokat Anders Skorpen-Trøen bad om 45 dagar fengsel for bedriftsleiaren.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKPublisert 30.01.2026, kl. 09.59 Oppdatert 30.01.2026, kl. 10.55














English (US)