For første gong sidan 2023, er krona på sitt sterkaste mot dollaren.
Måndag formiddag tilsvarer éin dollar 10,08 kroner.
Det opplyser Magne Østnor, valutastrateg i DNB, i ein e-post til NRK.
– Dollaren har falle nesten 25 øre den siste veka, så vi kan sjå nivå under 10 kroner når som helst, seier valutastrategen.
Det var E24 som omtalte saka først.
Måndag formiddag tilsvarer éin dollar 10,08 kroner.
Foto: Jon Olav Nesvold / NTBDen amerikanske dollaren er under press, som følge av høge tollsatsar og ei ny kredittvurdering.
– Dei siste vekene og månadane har krona styrkt seg mot dollar, euro, pund og fleire andre valutaar. Krona har gjort eit lite comeback.
Det opplyser NHH-professor Ola Honningdal Grytten i ein e-post til NRK.
Krona sitt comeback kan vere positivt for nordmenn som planlegg ein utanlandsferie.
Litt rimelegare ferie
Den styrkte krona kan gjere ferien din litt billigare.
– Ei sterkare krone vil på sikt bidra til lågare prisstigning, fordi det vi importerer blir rimelegare, forklarer NHH-professoren:
– Samtidig vil utanlandske produkt bli relativt rimelegare – inkludert ferie i utlandet.
Det blir derimot noko meir kostbart for utanlandske turistar som planlegg å feriere i Noreg.
Skal du nyte sommaren heime? I Bergen er Nygårdsparken populær i det sola skin.
Foto: Paul S. Amundsen / NTBForbrukarøkonom i Sparebank 1 Magne Gundersen, trur ikkje at den noverande valutakursen vil påverke nordmenn sine ferieplanar.
– Nordmenn har i mange år kjent på at det har blitt dyrare å feriere i utlandet. Men vi ser at folk reiser utanlands uansett, seier Gundersen.
– Det er håp om at utviklinga kan fortsette, og håp om at det blir billigare utanlands.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBForbrukarøkonomen forklarer at dersom reiseutgiftene allereie er betalt, har ikkje valutakursen noka betydning.
– Når utgiftene er betalt på førehand, speler det mindre rolle kva valutakursen er. Det du kan merke blir påverka av kursen er måltid, opplevingar og shopping.
Ifølge økonomen er det berre nokon ørar som skil den noverande valutakursen, frå fjoråret.
Skal du reise på sommarferie?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Ustabil valutakurs
Men krona sin verdi er styrkt.
At du kan kjøpe éin dollar for 10,08 kroner, er det lågaste nivået sidan 2023.
Ifølge valutastrateg Magne Østnor, var det også i 2023 at nordmenn sist kunne handle dollar under 10 kroner.
– Vi ser ofte store bevegelsar i valutamarknaden, men det er ei stund sidan vi har sett så store bevegelsar i dollaren, opplyser Østnor.
Til samanlikning tilsvarer éin euro 11,52 kroner.
Planlegg du tur til Storbritannia må du forvente å legge ut 13,71 kroner per britiske pund.
Kanskje du har planlagt øyhopping i Hellas i sommar? Biletet er frå kystlandsbyen Loutro på Kreta.
Foto: Halvard Alvik / NTB– Valutakursen er ganske ustabil for tida, og kan endre seg mykje, seier Magne Gundersen:
– Valutakursen endrar seg kvart sekund. Det er ein marknad avhengig av kjøp og sal, kor prisane er i kontinuerleg endring.
Dermed er det uvisst korleis kursen vil utvikle seg gjennom sommaren.
– I fjor endra han seg med over 50 øre mot euro, berre i juli månad. Det er ein ganske stor forskjell, forklarar forbrukarøkonomen:
– Krona har styrka seg den siste veka. Det er håp om at utviklinga kan fortsette, og håp om at det blir billigare utanlands.
Handelskrig og kredittvurdering
Det er fleire årsaker til at dollaren fell i verdi.
Ei dei handlar om den økonomiske politikken til USA sin president Donald Trump.
– Den sittande administrasjonen har uttrykt at dei ønsker ein svakare dollar, som skal gjere amerikanske produkt rimelegare, opplyser Honningdal Grytten:
– Tollsatsar, handelskrig, misleghald av amerikansk gjeld og forventningar om noko lågare vekst kan saman ha bidratt til at dollaren svekkast.
Tidlegare i år innførte USA sin president Donald Trump, minimumstoll på 10 prosent mot alle land.
Det skapte reaksjonar verda over.
Fleire land avgrensa handelen sin inn mot den amerikanske marknaden.
Noko som bidrog til at dollaren sin verdi sokk.
– Alle valutaar gjennomgår periodar med styrking og svekking – også dollaren. Men på lang sikt har han vore ganske sterk og stabil, skriv NHH-professoren til NRK:
– Det som skjer no er på ingen måte dramatisk.
I april viste president Donald Trump fram dei nye tollsatsane.
Foto: Mark Schiefelbein / AP / NTBI tillegg til tollsatsane, kom kredittvurderingsbyrået Moody med ei ny vurdering av USA sin økonomi.
Moody er bekymra for landet si evne til å kunne betale tilbake gjelda si.
Dermed gjekk USA frå toppskår på nivå «Aaa», til å bli nedgradert til «Aa1», som er nivået under.
Dette har ført til at dollaren har halde fram med å søkke.
– Mange ekspertar meiner at dollaren kan svekke seg ytterlegare, men det er lite som tyder på at det blir dramatisk, forklarer Honningdal Grytten.
Hei!
Takk for at du las saka!
Har du tankar om saka du har lese, eller innspel til noko eg bør sjekke ut?
Send meg gjerne ein e-post!
Publisert 26.05.2025, kl. 13.51