Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_02470d82c5ef9c7c530027baefc06268, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Dobbelt so mange unge menn som kvinner vil stemme Frp: – Vi vert jo veldig polariserte - NorwayToday

Dobbelt so mange unge menn som kvinner vil stemme Frp: – Vi vert jo veldig polariserte

5 hours ago 3


– Det er jo litt dumt, då. Vi vert jo veldig polariserte og ute på kvar vår kant. Det kan jo vere veldig dumt i eit samfunn der vi skal velje saman, seier Ida Havnebakken (21).

Unge menn og kvinner er på heilt ulike politiske planetar. Eller, det kan i alle fall verke slik.

NRK si supermåling syner at menn og kvinner, spesielt dei under 25, er svært politisk delte:

SV og Frp splittar kjønna

Det er særleg desse partia som skil unge menn og kvinner frå kvarandre. Også hjå dei over 25 år er kjønna delte her, spesielt i støtta til Frp, men fenomenet er aller mest tydeleg hjå dei unge.

Kvifor det er slik, er ikkje lett for sjølv ekspertar som valforskar Stine Hesstvedt ved Institutt for samfunnsforsking å svare på.

– Unge kvinner og menn er opptekne av litt forskjellige saker. Unge kvinner er opptekne av klima- og velferdssaker i større grad enn unge menn, som er meir opptekne av skatt og økonomiske spørsmål.

en kvinne sit ved ein kontorpult

Stine Hesstvedt er forskar II ved Institutt for samfunnsforsking og knytt til valforskingsprogrammet der.

Foto: Monica Ruiz Biern / NRK

Men éin ting spesielt skil dei yngre frå dei eldre, som kan bidra til kjønnsgapet mellom unge kvinner og menn:

– Dei er litt meir trendsensitive. Om det skjer store ting i samfunnet, vert dei meir opptekne av det enn eldre, seier Hesstvedt.

Diesel, pengar og TikTok

André Skog (21) planlegg å stemme Høgre eller Frp, men heller mot det siste – slik som 40 prosent av menn på hans alder.

– Dei er veldig store på sosiale medium, so ein får mykje opp av dei. Eg trur dei siktar veldig mot unge menn. Lågare skattar, diesel- og bensinprisar og slikt. Ikkje manneting liksom, men noko som treff litt meir yngre menn, seier Skog.

– So kven du får opp i feeden påverkar kven du vil stemme på?

– Ja, absolutt, sidan dei kjem opp oftare. Og so treff dei på saker, slik som at alt er blitt so dyrt og slikt, seier Skog.

Også Hedda Wiese Slinde Sundt (22) trur algoritmar og sosiale medium bidreg til kjønnsgapet:

– Kanskje nokre av profilane deira på sosiale medium rettar seg meir mot unge menn?

Ei kvinne som sit saman med vener i ei kantine

Hedda Wiese Slinde Sundt føler ikkje ho ser mykje politisk innhald på sosiale medium retta mot ho, men trur menn får opp meir slikt.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Heine Aasgard Tveranger (21) meiner det ikkje berre har med interesser og algoritmar å gjere, men også med kva som er tilgjengeleg på nett:

– Du får jo ofte meir content laga for menn på min alder frå høgresida.

en mann som sitter ved et bord og spiller sjakk

Heine Aasgard Tveranger trur unge menn er meir kyniske enn unge damer: – Dei på venstresida støttar gjerne heller saker for fellesskapet, medan høgresida fokuserer på individet.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Snakkar ikkje politikk med gutar

Emma Clausen Skjong (22) tykkjer det er vanskeleg å snakke politikk med menn på same alder.

– Det vert ein samtale som følast meir som eit angrep, nesten. Ein føler ein står i ein situasjon der ein ikkje slepp til, seier ho.

Frøydis Asheim (22) er heilt einig:

– Eg ville liksom ikkje ha sete på eit guttevors, og so vert politikk diskutert. Det vert so på overflata iblant, og kanskje ikkje i djupna. Då vert det ikkje om dei tinga ein verkeleg bryr seg om.

– Dei har vel kanskje litt andre meiningar enn det vi har. Det er vel litt andre samtalar og verdiar som vert tekne opp. Det er kanskje naturleg, men det hadde kanskje berre blitt ein konflikt, seier Hedda Wiese Slinde Sundt (22).

en kvinne med blondt hår sit i ei kantine og snakkar med veninnerei kvinne med brunt hår sit i ei kantine saman med veninner

Emma Clausen Skjong (22) har opplevd ubehagelege samtalar med menn på same alder når politikk vert tema. Frøydis Åsheim (22) unngår å ta opp politikk med nokre menn.

Glir lenger og lenger frå kvarandre

Det er ikkje nytt at unge menn og kvinner stemmer ulikt. Utan unntak har det vore slik i alle stortingsval sidan slutten av 90-talet at menn under 35 i langt større grad enn kvinner har stemt Frp. Og motsett for kvinner og SV.

Liknande tendensar er det i kommune- og fylkestingsval. Ved førre val, i 2023, stemte over halvparten av unge menn på Frp eller Høgre.

– Unge menn har i veldig mange år, og so lenge vi kan måle det med veljarundersøkingane, stemt oftare på høgresida enn unge kvinner, seier Hesstvedt.

Likevel ser ho ei stor endring den siste tida: at spesielt unge menn vert trekte til Framstegspartiet i mykje større grad enn kvinner på same alder.

  • Bilete av ei valgurne, over ligg teksten "Frp og SV i tidlegare stortingsval" med ei pil til høgre Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB / Grafikk av NRK
  • Ein graf som syner Frp si oppslutning blant menn og kvinner opp til 35 år i stortingsval frå 1997 og fram til 2021. Det har alltid vore langt fleire menn som stemmer Frp enn kvinner.

    Frp har alltid hatt større oppslutning blant menn enn kvinner under 35, men aldri so mykje som NRK-målinga syner.

    Grafikk: NRK
  • Ein graf som syner SV si oppslutning blant kvinner og menn under 35 i stortingsval frå 1997 til 2021. Det har alltid vore langt fleire kvinner som stemmer SV enn menn.

    SV har lenge vore mest populært blant kvinner hjå dei under 35.

    Grafikk: NRK

Bekymra for forsterka splittingar

Kva det betyr at unge menn og kvinner er so delte politisk, er ikkje lett å seie for forskarane.

Hesstvedt trur valet til hausten kjem til å føye seg inn i den kjønnsdelte trenden, uansett om det vert like stort eller mindre gap enn det NRK-målinga syner.

– Spørsmålet er om dette vil få nokre meir langsiktige konsekvensar. Om den høgrebølgja vi ser hjå unge menn og venstrevridinga blant unge kvinner står seg over fleire år, det er for tidleg å seie.

Forskarkollega ved Senter for likestillingsforsking, Mari Teigen, understrekar at menn og kvinner ofte er einige om mykje, men tykkjer det er urovekkande at gapet er størst hjå dei yngste.

– Det kan kome til å forsterke kjønnsforskjellane gjennom at dei politiske partia rettar sine politiske bodskap direkte anten til kvinner eller menn, og slik forsterkar splittingar som kanskje i utgangspunktet ikkje er so store, men som vert store i sin konsekvens.

Portrettbilde av Mari Teigen iført en blå genser. Hun står foran en spilevegg i tre. Teigen er forsker ved Institutt for samfunnsforskning og leder for CORE – Senter for likestillingsforskning

Mari Teigen er leiar for Senter for likestillingsforsking. Ho er oppteken av at menn og kvinner trass alt er einige i veldig mykje, men seier eit stort kjønnsgap hjå yngre kan få konsekvensar ein ikkje vil ha.

Publisert 16.06.2025, kl. 16.23

Read Entire Article