To minutt etter avgang sende ferja MF «Stord» ut mayday, med 22 personar om bord.
Ein drivstoffslange i motorrommet sprakk, og diesel spruta ut på den glovarme motoren.
No har Sjøfartsdirektoratet slått fast at drivstoffslangen ikkje hadde den naudsynte godkjenninga.
– Her har det vore ein svikt, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet.
22 personar måtte evakuerast då det brann i ferja MF «Stord».
Foto: NRK-tipserBrannen 16. oktober var ei dramatisk oppleving, fortalde ein av passasjerane til NRK.
Dei vart etter kvart evakuert. Ingen kom til skade, og brannen vart sløkt.
Kapteinen forklarte at ting skjedde fort etter at han såg nokre «poff» frå skorsteinen. Først gjekk brannalarmen, så såg han flammar i maskinrommet på ein monitor, før det gjekk alarmar over fleire system.
Politiet etterforskar
At drivstoffslangen ikkje var av godkjent type, er ei «tydeleg og klar årsak til hendinga», ifølge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet.
– Korleis kunne noko slikt skje?
Kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet slår fast at det har vore ein svikt.
Foto: Marthe Synnøve Johannessen– Det lurer jo vi også litt på. Men det er nok ein menneskeleg feil, seier han.
Brannen blir etterforska av politiet. Politiadvokat Sigrid Sulland har følgande å seie om den nye opplysninga:
– Vi er kjend med informasjonen og etterforskar for å få klarlagt forholdet rundt dette.
Reiarlaget Norled driftar ferjesambandet på E39, som går over Sognefjorden på mellom Lavik og Oppedal. Dei stadfester til NRK at slangen ikkje var typegodkjent.
NRK har spurt Norled korleis det kunne skje at ferja ikkje hadde typegodkjent drivstoffslange.
– Vi har sett i verk fleire førebyggande tiltak på tvers av flåten for å forhindre at ein liknande hendig skal skje igjen, skriv kommunikasjonssjef Cathrine Gjertsen i ei tekstmelding til NRK.
Alle må sjekke
Også i 2014 tok det fyr i motorrommet på den same ferja da eit høgtrykksrøyr losna.
No skal Sjøfartsdirektoratet gå ut med ei melding til reiarlag om at dei må sjekke drivstoffslangane dei nyttar.
– Det kan skje feil. Nå har vi avdekka dette, og da synest vi det var viktig å gjere folk oppmerksame på at dei bør ta ein ekstra sjekk.
Dei har likevel ikkje grunn til å tru at fleire seglar rundt med ikkje-godkjente drivstoffslangar.
Publisert 06.01.2025, kl. 17.30