Dewi droppa sjukehuset og blei fastlege: – Mykje meir fleksibelt

3 hours ago 4


– Eg pleier ofte le litt med pasientane som kjem til time.

Fastlege Dewi Blom smiler breitt. På pulten står ein kopp med bilde av sonen Luka (3).

Sonen er årsaka til han sit her, og ikkje på eit sjukehus.

Både Blom og kona jobba tidlegare som legar i spesialisering på Haraldsplass Diakonale Sykehus på Haukeland i Bergen.

– Det var kjekt å jobbe der, men det blei vanskeleg då familiesituasjonen endra seg.

For det var ikkje så lett å få tilrettelegging i kvardagen.

– Vi fekk ikkje komme litt seinare på jobb eller gå litt tidlegare for å hente i barnehagen.

Ein nasjonal trend

Tysdag i førre veke skreiv NRK at 70 legar har slutta ved Haukeland universitetssjukehus dei to siste åra.

Tillitsvalde og sjukehussjefen er bekymra for at ostehøvelkutt over tid har nådd smertegrensa til legane.

Trenden er eit nasjonalt problem, ifølgje Ståle Clementsen, sentralstyremedlem i Legeforeningen og leiar i Overlegeforeningen.

– Ja, dette er noko vi har vore bekymra for i lang tid. Legane fortel oss om ein arbeidskvardag prega av høgt arbeidspress og manglande autonomi. Mange opplever også at for mykje tid går med til administrative oppgåver i staden for pasientbehandling, seier Clementsen.

mann med skjorte og dressjakke, kort brunt hår

Ståle Clementsen er sentralstyremedlem i Legeforeningen og leiar i Overlegeforeningen.

Foto: Thomas Eckhoff/Den norske legeforening

Inntrykket hans er at det er ein jamn auke i at også fleire erfarne overlegar vel fastlege eller privatpraksis, fordi det gir ein meir føreseieleg kvardag.

– Samtidig er det mange som blir verande, ofte fordi dei føler eit sterkt ansvar for pasientane og kollegaene sine, sjølv om belastninga er høg, seier Clementsen.

Orka ikkje sjukehuset lenger

Då Dewi Blom blei far for første gang, fann han og kona ut at dei ikkje kunne jobbe på sjukehuset begge to. Dei kunne risikere å måtte ta ei vakt samtidig.

I august 2023 slutta Blom i jobben på sjukehuset og blei fastlege i nabokommunen Askøy. Kona jobbar i dag på Haukeland universitetssjukehus.

– Eg orka dessverre ikkje å jobbe på sjukehuset lenger. Å vere sjølvstendig næringsdrivande fastlege gir mykje meir fleksibilitet og autonomi.

en mann med blå uniform og en kvinne med rosa uniform på laboratorium på et legesenter

Dewi Blom med helsesekretær Jeanette Clementsen på Strand legesenter.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Hans tidlegare arbeidsplass, Haraldsplass Diakonale Sykehus, stadfestar at somme legar har slutta der for å bli fastlegar.

Ei intern undersøking viser at dei må gi meir fleksibilitet for å vere attraktiv som arbeidsplass, særleg blant unge legar i småbarnsfasen.

– Vi er først og fremst bekymra for rekrutteringa til de stillingane som har flest vakter på kveld og helg, seier administrerande direktør Kjerstin Fyllingen.

Glad for krisepakke

På Strand legesenter kan Blom sjølv bestemme sjølv kva tid han jobbar.

Færre vakter og høve for å ha heimekontor innimellom gir meir tid til barna og familien.

– Det gjer det mykje lettare for meg å vere fastlege enn å jobbe på sjukehuset, seier Blom.

Regjeringas krisepakke for fastlegane i 2022 gjorde det også lettare å satse på det som jobb.

– Då eg flytta frå Nederland til Noreg i 2019 hadde eg tankar om å bli fastlege, men blei veldig skremt av alle historier om at mange fastlegar slutta på grunn av belastninga, og heller gjekk til sjukehuset.

Etter krisepakka var vedteke, har talet på fastlegar tatt seg opp. Ordninga har vore så god at regjeringa i år har varsla innstrammingar og modernisering.

En dør med to stoler utenfor

Strand legesenter på Askøy.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Sjukehuset tok grep

Sjukehuset på Haraldsplass har den siste tida tatt grep for å sikre at andre unge legar kan kombinere jobben med familieliv. Til dømes:

  • Høve for fleksibilitet i starten og slutten av arbeidsdagen for til dømes å levere eller hente barn i barnehagen.
  • Høve for heimekontor på studiedagar slik at kvardagskabalen blir enklare.

    en kvinne som sitter ved et skrivebord

    Kjerstin Fyllingen ved Haraldsplass Diakonale Sykehus.

    Foto: Silje Katrine Robinson / NRK

– Vi har sett i verk nokre konkrete tiltak, og har fleire omfattande tiltak framfor oss som vil vere ressurskrevjande å få gjennomført, seier administrerande direktør, Kjerstin Fyllingen.

Framover skal sjukehuset kartlegge kva overlegane ønsker.

– Vi treng både fastlegar og sjukehuslegar, og derfor må vi unngå at det eitt år er fastlegekrise, og neste år blir mangel på legar i sjukehus, understrekar Fyllingen.

Vestre lovar meir pengar

Politiske parti har tatt til orde for ulike løysingar på problemet, mellom anna å auke pengestraumen til sjukehusa.

Også Legeforeningen krev eit helseløft i neste års statsbudsjett.

– Problemet er at underfinansiering og effektiviseringskrav har halde fram, samtidig som oppgåvene i sjukehusa har auka, seier Ståle Clementsen.

– Skal vi halde på og rekruttere fagfolk, må vi gi trygge rammer og sikre at legane faktisk får brukt tida si på pasientane. Dei må få tillit. Dessverre ser vi at det motsette skjer. Når økonomien er førande for styringa av sjukehuset i staden for fag, lir arbeidsforholda.

en mann med skjegg

Helseminister Jan Christian Vestre (Ap).

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Helseminister Jan Christian Vestre (Ap) uttala til NRK at dei har greidd å stabilisere fastlegeordninga, og at dei no skal gjere ein «like systematisk jobb også for heile sjukehussektoren og eldreomsorga».

I ein e-post til NRK peikar han på at sjukehusa under Støre-regjeringa har fått ein realvekst på 3,8 milliardar kroner i løyve, og viser til teknisk berekningsutval for spesialisthelsetenestas økonomi.

– Arbeidarpartiet vil fortsette å styrke sjukehusøkonomien, skriv Vestre.

Vil ikkje tilbake til sjukehuset

Dewi Blom håper Helse-Noreg får meir pengar, framfor å måtte kutte i tenester.

Han kjenner sjølv fire-fem sjukehuslegar som har gått til fastlegegjerninga eller til private helsetenester, men ingen som har gått motsett veg.

Sjølv er han svært nøgd med bytet av arbeidsstad.

– Kunne du gått tilbake til sjukehuset?

– Kanskje, men eg trur ikkje eg skal det. Nei, eg er veldig nøgd her.

en mann med blå uniform

Dewi Blom vil ikkje tilbake til sjukehuset.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Hei!

Hei, takk for at du las heilt hit! Har du tips til andre saker? Send meg gjerne ein e-post. 

Publisert 10.09.2025, kl. 11.28 Oppdatert 10.09.2025, kl. 11.33

Read Entire Article