President Volodymyr Zelenskyj kom til Helsingfors tysdag ettermiddag.
Onsdag møter han president Alexander Stubb for å diskutere Finlands bidrag til krigen mot Russland.
Statsleiarane held ein felles pressekonferanse klokka 11.30.
Forsvar, våpenproduksjon og sanksjonar mot Russland er blant temaa som står på programmet, ifølge den ukrainske presidenten.
Eit stort politioppbod er på plass i den finske hovudstaden i samband med statsbesøket.
Foto: Markku Ulander / Reuters / NTBDet offisielle besøket var ikkje kjent i forkant.
– Vi besøker vennene våre og allierte, skreiv Zelenskyj på X tysdag ettermiddag.
Besøket skjer i kjølvatnet av ein telefonsamtale mellom Donald Trump og Vladimir Putin tysdag.
Samtalen var eit ledd i Trumps plan om å få slutt på krigen i Ukraina.
«Einige om vegen mot fred»
I den halvannan times lange samtalen blei dei to einige om å starte forhandlingar om ei maritim våpenkvile i Svartehavet og etter kvart ei fullstendig våpenkvile.
USA har lagt fram eit forslag om at Russland skal stoppe angrep på energianlegg i Ukraina, noko Zelenskyj støttar – men han etterlyser fleire detaljar om forslaget.
I ei fråsegn frå Det kvite hus heiter det at Trump og Putin «blei einige om at vegen mot fred vil begynne med ei våpenkvile innan energi og infrastruktur».
Det er i praksis ei avvising av full våpenkvile, meiner Zelenskyj.
– I dag avviste Putin i praksis forslaget om full våpenkvile. Det ville vere rett om verda svarer med å avvise alle forsøk frå Putin på å forlenge krigen, skreiv han på X tysdag kveld.
Infrastruktur-forvirring
I etterkant av møtet har det derimot blitt noko usikkert kva dei to eigentleg blei einige om.
- Russland seier at USA la fram eit forslag om 30 dagars våpenkvile mot energi-infrastruktur, og at dei godtok dette.
- Trump, på si side, har skrive på Truth Social at dei blei einige om ei uvilkårleg våpenkvile som gjeld energi og infrastruktur.
Like i etterkant av møtet har det likevel komme meldingar om angrep mot eit anlegg i Donetsk fylke.
Interessert i utanriks? Høyr utanriksredaksjonens podkast:
Publisert 19.03.2025, kl. 08.13