Dette veit me om skredulukka

2 hours ago 3


Dei erfarne skikøyrarane gjekk på eit kurs om ski- og skred ved folkehøgskulen i Alta. Ein del av dette er eit opphald i den franske alpebyen Val Cenis.

Elevane frå folkehøgskulen hadde allereie vore i området i fleire veker før ulukka skjedde. Sju av dei var no på ferie, og på eiga hand utan lokal guide då skredet gjekk mellom fjelltoppane Point de Cugne og Signal du Petit Mont Cenis.

Helikopterbilde av Val Cenis og fjella rundt.

Fjella ruvar over Val Cenis. Biletet er tatt frå eit helikopter to dagar etter raset.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Gruppa hadde gått opp og ned mot fjellpasset Col de Sollieres fleire gongar i løpet av dagen, ifølgje NTB.

Slik var den dramatiske ettermiddagen:

Toppturen

Onsdag 29. januar hadde gruppa plan om å bestiga det 3162 meter høge fjellet Signal du Petit Mont Cenis, opplyser politiinspektør Paul Bellone til Aftenposten.

3D-kart som viser skiheisen opp mot toppane Pointe de Cugne og Signal de Petit Mont Cenis og fjellpasset Col de Sollieres.

Grafikk: Google Earth

Me veit ikkje eksakt kva rute gruppa tok, men dei har tatt ein skiheis frå Val Cenis og gått på vestsida av fjellet, ifølge lokale styresmakter.

Skiheisen nærast fjellet går til 2465 meter høgde, omtrent på lik høgde som Galdhøpiggen. Alpinanlegget i Val Cenis har 29 heisar og 65 nedfartar.

Skredet

Rundt klokka 16.20 gjekk skredet. Skredet blei utløyst frå 3105 meters høgde, rundt 60 meter lågare enn fjelltoppen Signal du Petit Mont Cenis, følgje skreddata. Det var ein hytteeigar i området som varsla, opplyser Savoie News.

3D-kart som viser toppane Pointe de Cugne og Signal de Petit Mont Cenis og fjellpasset Col de Sollieres. Skredet er markert mellom Pointe de Cugne og Signal de Petit Mont Cenis.

Grafikk: Google Earth

Turgruppa var på 2900 til 3000 meters høgde då skredet losna, fortel Bellone som leia redningsaksjonen til Aftenposten. Ifølgje han er skredet ca. ein kilometer breitt og dundra om lag 600 meter ned fjellsida.

Turfølgjet var utstyrt med skredsøkjarar. Redningstenester rykka ut med fleire helikopter, skipatruljar og skredhundar. Rundt 20 personar deltok i redningsarbeidet.

Det var her snøskredet gjekk. Bildet er tatt fredag, to dagar etter skredet blei utløyst.

Det var her snøskredet gjekk. Bildet er tatt fredag, to dagar etter skredet blei utløyst

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Tre menn og ei kvinne mista livet, medan tre kvinner kom uskadde frå hendinga.

– Dei var dei som kom først, og som begynte å grave for å redde dei andre, fortel sjømannsprest Henning Vik til NRK.

Dei omkomne blei funne på forskjellige stader. Legar konstaterte at tre var døde. Kvinna blei sendt til sjukehus i Grenoble der ho døydde.

Dei omkomne

Dei fire er:

  • Bjarte Selsaas (29) frå Vindafjord.
  • Jon Håvard Hagerup Appelkvist (31) frå Stjørdal.
  • Ingrid Velken Kverneland (32) frå Færder.
  • Emil Tobias Langhus Bye (22) frå Oslo.

Rektor ved Alta folkehøgskule Andreas Granerud er på til Val Cenis for å ta vare på dei som framleis er der.

Publisert 31.01.2025, kl. 18.23

Read Entire Article