Folk stirar. Og dei spør.
Kvifor sit du i rullestol? Har du ingen armar? Er du blind?
Uønskte blikk og spørsmål er noko mange med funksjonsnedsetjingar opplever. Dette er også kvardagen for fleire av ungdommane i Team Pølsa.
Teite spørsmål
Benjamin Midtbø Høydal (11) har dysmeli og vart fødd med underutvikla armar.
Benjamin har kortare armar enn folk flest. Dei kan likevel brukast til mykje.
Foto: Robert Rønning/Erlend Lånke Solbu/ NRK– «Kvifor har du ingen armar?» Det er det dummaste eg blir spurt om, seier Benjamin.
For sjølv om armane hans er kortare enn mange andre sine, så brukar han dei når han skal pusse tennene eller skyte med gevær.
Han er med i sesong to av NRK-suksessen «Team Pølsa». I år skal eit heilt nytt lag prøve seg på skiskyting i sjølvaste Holmenkollen. Du kan følgje serien frå fredag 27. februar i NRK TV.
Han opplever også at mange stirar på armane hans. Han vil heller at du skal spørje enn å stire.
– Still vanlege spørsmål. Til dømes spurde Erik: «Kva har skjedd med armane dine?». Det er betre enn å seie at eg ikkje har armar, seier han.
Kornelius kan ikkje gå. Han sit i rullestol, og brukar berre armane når han står på ski.
Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK
Kornelius kan ikkje gå. Han sit i rullestol, og brukar berre armane når han står på ski.
Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK
Kornelius Smeby-Ryen (13) har hydrocephalus og vart fødd med ryggmergsbrokk som gjer at han sit i rullestol. Han likar ikkje å bli spurt om han kan gå.
– Det er det teitaste spørsmålet eg får. Trur dei at eg sit i rullestol for moro skuld? seier Kornelius og ler.
Dette seier resten av Team Pølsa om vanskelege spørsmål:
Robert Rønning / NRK
Synne Lykkeslet (14)
Synne har ikkje ei synleg funksjonsnedsetjing. Derfor får ho ikkje så mange spørsmål om det. Éin ting er ho likevel lei av:
– Eg er lei av å måtte forklare til så mange kva OCD er. Eg skulle ønske folk skjønte at det ikkje har noko med å vere ryddig å gjere, seier ho.
Spør heller om:
– Vi kan snakke om noko gøy! Til dømes likar eg norske kjendisar. Spesielt dei frå «Basic Bitch» og «Desken brenner».
Robert Rønning / NRK
Eleah Tysdal (13)
Eleah samanliknar ADHD med ein heil fest inne i kroppen. Då er det stressande når andre ber ho om å slappe av.
– Eg likar ikkje at folk hysjar på meg og spør om eg kan vere stille, seier ho.
Eleah har også utviklingshemming, og treng lenger tid på å lære og forstå ulike situasjonar. Ho blir lei seg når nokon kallar ho dum.
Spør heller om:
– Laget mitt, Team Pølsa. Dei er fantastiske.
Erlend Lånke Solbu / NRK
Alva Bjerrehorn (13)
Alva vil gjerne at ein skal tenkje seg om før ein stiller ho spørsmål om det å vere svaksynt.
– Du kan godt spørje meg, men tenk deg litt om først, seier ho.
Spør heller om:
– Kva eg treng hjelp med. Då kan eg svare før nokon hjelper meg med ting eg ikkje treng hjelp med.
Robert Rønning / NRK
Erik Damsgård Tomter (15)
Erik svarar dersom nokon spør om diagnosen hans, Williams syndrom. Men han pleier ikkje å få så mange spørsmål om det.
– Eg likar å snakke om det, men ikkje heile tida. Det er jo litt rart å snakke om, seier Erik.
Spør heller om:
– Kva eg likar å gjere, eller om Team Pølsa.
– Eg er ikkje berre svaksynt
Alva Bjerrehorn (13) er svaksynt og vil ikkje at nokon skal kalle henne blind. For ho er ikkje det.
Det er vanskeleg for Alva å forklare kor mykje ho kan sjå. Ho kan sjå folk, skuggar og konturar, men har aldri sett slik som dei fleste gjer.
Foto: Robert Rønning / NRK
Det er vanskeleg for Alva å forklare kor mykje ho kan sjå. Ho kan sjå folk, skuggar og konturar, men har aldri sett slik som dei fleste gjer.
Foto: Robert Rønning / NRK
– Folk trur at eg ikkje ser nokon ting, men eg ser mykje meir enn ingenting, seier Alva.
Ho legg også til at det å vere svaksynt er ein veldig liten del av personlegdommen hennar. Det treng ikkje vere det første du spør ho om.
– Eg er ikkje berre svaksynt. Du kan snakke med meg om andre ting også, seier Alva.
– Ikkje ver redd
Hanne Johnsrud Fjellheim i Unge funksjonshemmede opplever at mange er usikre på korleis dei skal møte unge med funksjonsnedsetjingar.
– Barn er barn. Prøv å møte dei slik du ville møtt eit kva som helst anna barn, seier ho.
Hanne Johnsrud Fjellheim
- Prosjektleiar for Barrierefri fritid i Unge funksjonshemmede
Sjølv om mange får spørsmål dei helst vil sleppe, meiner Fjellheim at vi ikkje må få berøringsangst. Ho anbefaler å stille spørsmål om mennesket, ikkje berre diagnosen.
– Ikkje ver redd for å spørje. Om du les deg litt opp på førehand, slepp du å stille dei unødige spørsmåla, seier Fjellheim.
Er du usikker på kva ord som er greitt å bruke? Fjellheim tilrår å sjå på NRKs ordliste for funksjonsmangfald.
Hei!
Jeg jobber med journalistikk for unge om alt som er nyttig å vite! Spesielt om økonomi og helse.
Takk for at du tok deg tid til å lese hele saken. Send meg gjerne tilbakemeldinger eller tips!
Publisert 27.02.2026, kl. 10.34









English (US)