Natt til onsdag kom mellom 10 og 20 russiske dronar inn over polsk territorium.
Dette er det største talet dronar som kjem inn over Nato-territorium sidan krigen i Ukraina byrja.
Polen har vore Nato-medlem sidan 1999.
Kva betyr dette for Noreg og Europa?
- Kva er Atlanterhavspakta?
- Kva inneber artikkel 5?
- Kan hendinga i Polen utløyse artikkel 5?
- Kva betyr det at Polen har bede om å aktivere artikkel 4?
- Kva kan Nato gjere framover?
- Kva konsekvensar kan det få for Noreg?
Kva er Atlanterhavspakta?
Atlanterhavspakta er ein traktat og grunnlaget for forsvarssamarbeidet i Nato. Nato-samarbeidet er ein forsvarsallianse mellom land i Europa og Nord-Amerika.
– Hovudprinsippet er at landa har forplikta seg til å hjelpe kvarandre i tilfelle angrep. Kva det inneber og korleis det skal sjå ut, står i Nato-traktaten.
Det forklarar forsvarsekspert Marianne Riddervold til NRK.
– Nato-traktaten er ein internasjonal avtale mellom alle Nato-landa. Den viktigaste artikkelen der er artikkel 5, legg ho til.
Marianne Riddervold
- Forskar 1 ved Arena - UiO og Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI).
Kva inneber artikkel 5?
Artikkel 5 i Nato-traktaten inneber at partane er einige om at eit væpna angrep mot ein eller fleire av dei i Europa eller Nord-Amerika, skal reknast som eit angrep mot dei alle.
– Dersom eit land i Nato blir angripe, skal alle landa handle som om det var dei sjølv som blei angripe.
– Dei har forplikta seg til å gjensidig støtte kvarandre, men det er ingen automatikk i dette.
Skal artikkel 5 bli aktivert må alle medlemslanda vere einige om avgjerda. Deretter vil dei saman bestemme korleis dei vil reagere.
Nato-soldatar under ei øving i Noreg i 2022.
Foto: Geir Olsen / NTB– Nato er ein tillitsbasert organisasjon. Kjernen er at landa stolar på kvarandre og hjelper kvarandre dersom noko skjer, og at land som kan vere ein trugsel mot medlemslanda trur på at artikkel 5 vil bli respektert.
Ifølge Riddervold er hovudhensikta å avskrekke dei landa som vurderer å angripe Nato-medlemsland – ikkje å føre krig eller angripe andre land.
Kan hendinga i Polen utløyse artikkel 5?
Då Atlanterhavspakta blei til etter andre verdskrig omhandla artikkel 5 angrep på eit Nato-land med våpen og militære styrkar.
– Dei seinare åra har vi sett at trugslane vi står overfor er hybride. Det er ikkje berre snakk om tradisjonelle våpen. Nato har derfor utvida kva som kan vere trugslar og angrep, seier Riddervold.
Ifølgje Riddervold er det vanskeleg å definere kvar grensa går for å kva angrep som kan vere stort nok til å utløyse artikkel 5.
Til no har artikkel 5 berre blitt utløyst ved terrorangrepet i USA 11. september 2001.
Raude roser på minnesmerket for dei omkomne under terroren i New York i USA 11. september 2001.
Foto: STEPHANIE KEITH / AFP / NTBMyndigheiter i Europa og Nord-Amerika har vore redd for at Russland vil byrja å teste grensene for når Nato reagerer og ikkje – særleg USA sin reaksjon, ifølgje forskaren.
– Til no har avskrekkingseffekta kvilt på USA, men no er vi meir usikker på USA som sikkerheitsgarantist, seier Riddervold.
– Det blir ikkje noko artikkel 5 av dette. Det er ikkje ønskeleg å gå til ein storkrig med Russland, legg ho til.
Det blir gjennomført undersøkingar på eit jorde der ein russisk drone skal ha landa.
Foto: PIOTR PYRKOSZ / AFP / NTBGeneralsekretær Kate Hansen Bundt i Den norske Atlanterhavskomité er samd med Riddervold.
– Sånn som det ser ut no, vil ikkje dette aktivere artikkel 5, seier ho til NRK.
– Det fordi dette ikkje vil bli sett på som eit angrep direkte på Polen, legg ho til.
Kva betyr det at Polen har bede om å aktivere artikkel 4?
Polen har bede om å aktivere artikkel 4.
– Artikkel 4 er den såkalla konsultasjons-artikkelen, forklarar Hansen Bundt.
– Det inneber at eit Nato-land kan be sine allierte partnarar om å ta opp eit spørsmål i Nato sitt råd, og konsultere med sine allierte, legg ho til.
Artikkelen er berre blitt tatt i bruk om lag 7 gonger i Nato si 76 år lange historie, opplyser Hansen Bundt.
Kate Hansen Bundt
- Generalsekretær i Den norske Atlanterhavskomité
Det landet som opplever seg angripne må gå til Nato-rådet og be om støtte. Landet seier sjølv kva artikkel dei meiner er gjeldande.
– At Polen har bede om at artikkel 4 blir aktivert, betyr at ein skal samarbeide og rådslå med kvarandre kva dei no skal gjere.
– Polen har ikkje bede om artikkel 5 og kjem nok ikkje til å gjere det. Då vil situasjonen eskalere, og landa går nesten til krig.
Det blei arrangert eit ekstraordinært møte i den polske regjeringa onsdag morgon.
Foto: HANDOUT / AFP / NTBKva kan Nato gjere framover?
Det er fleire tiltak Nato kan gjennomføre etter hendinga i Polen.
– Nato kan først og fremst auke nærværet og forsterke grensene med Nato-styrkar.
– Nato gir ikkje våpen til Ukraina, men Nato-landa kan det. Viljen til å auke støtta til Ukraina kan bli større, seier Riddervold.
Polen sin statsminister Donald Tusk (t.h.) saman med Ukrainas sin president Volodymyr Zelenskyj.
Foto: Sean Kilpatrick / AP / NTBForsvarsalliansen ser alvorleg på situasjonen og vil følge utviklinga framover.
– I internasjonal politikk er det mange verktøy opp til bruk av våpen. Det er blant anna å støtte Ukraina, auke sanksjonar, fordømme Russland og styrke grensene.
– Vi vil sjå reaksjonar og samarbeid, men Nato ønsker ikkje ein militær konflikt med Russland.
Ein polsk politibetjent står ved sidan av ei russisk drone.
Foto: POLSAT NEWS / Reuters / NTBKate Hansen Bundt peikar også på fleire andre tiltak Nato kan gjere framover.
– Dei allierte kan etterkomme Polen sitt ønske om ein artikkel 4 konsultasjon, og ta det opp i Det Nordatlantiske Råd, seier generalsekretæren.
– Alle ambassadørar som sit i Nato sitt hovudkvarter vil då diskutere hendinga, forklarar ho.
Nato sin generalsekretær Mark Rutte har allereie retta seg direkte til Putin om hendinga.
– Vi er på vakt og kjem til å forsvare alt Nato-territorium, har Rutte sagt.
Mark Rutte er generalsekretær for Nato.
Foto: Thomas Peter / Reuters / NTBPå sikt kan det vere at Nato kjem med ei fråsegn, som stiller spørsmål ved Russland sine intensjonar, ifølgje Hansen Bundt.
Ei slik fråsegn vil truleg løfte spørsmål om handlinga var med vilje eller eit uhell.
– At dronane kan ha komme på avvege er ikkje spesielt merkeleg. Det er ein effekt av at Russland, som den aggressive part, har auka sine droneangrep mot Ukraina den siste tida, seier Hansen Bundt.
– Ikkje minst mot Vest-Ukraina som grensar med Polen. Det er å ta unødig risiko, ved at dei kan komme inn på Nato-territorium, legg ho til.
Kva konsekvensar kan det få for Noreg?
Kate Hansen Bundt meiner at hendinga i Polen er av betydning for Noreg.
– Det betyr mykje for Noreg som grensar til Russland. Vi kan ikkje utelukke slike overskridingar ved vår grensepassering i Finnmark.
Grense Jakobselv i Finnmark skil Noreg og Russland.
Foto: Amund Trellevik/NRKHendinga i Polen kan auke spenninga mellom Nato-landa og Russland ytterlegare, ifølgje Hansen Bundt.
– Det kan auke frykta blant våre allierte i blant anna Baltikum, noko som gjer at spenningsnivået aukar. Då aukar også moglegheita for overreaksjonar og feilberekningar.
– Ansvaret må plasserast i Moskva. Det er dei som fører ein angrepskrig som trugar no større delar av Ukraina, og også Nato-territorium.
Nato-soldatar gjennomførte ei øving i Noreg i 2022.
Foto: NATOMarianne Riddervold er klar på at hendinga «påverkar norsk sikkerheit direkte».
– Alt som skjer i Ukraina og grensene rundt har noko å seie for oss. Noreg meiner at det er viktig at vi står samla i Europa, seier Riddervold.
– Noreg er eit lite land. Det er viktig for oss at Nato står samla og reagerer når grensene blir brotne, legg ho til.
Statsminister Jonas Gahr Støre på eit tidlegare Nato-møte i juni 2025.
Foto: Kin Cheung / AP / NTBRiddervold er tydeleg på at dette ikkje betyr at det blir krig. Ifølgje forskaren har ikkje Russland kapasitet til å invadere Polen.
– Det er ikkje truleg at det blir full krig no. Det har vore venta at Russland kom til å teste kvar grensene til Nato går, dette kan vere eit døme på det, tryggar forskaren.
Framover blir det «spanande» å sjå korleis USA reagerer på hendinga, ifølge Riddervold.
Publisert 10.09.2025, kl. 21.31