Dette har skjedd: Kva gjekk gale i møtet mellom Trump og Zelenskyj?

3 hours ago 4


Då presidenten i Ukraina, Volodymyr Zelenskyj, møtte USAs president i Det ovale kontor gjekk det truleg ikkje som planlagt.

I denne saka samanfattar vi kva som skjedde mellom Trump og Zelenskyj, korleis møtet kan påverke forholdet mellom USA og Ukraina, og kva det betyr for Europa.

Kva skjedde i møtet?

Dei to leiarane skulle signere mineralavtala, men etter nokre høflegheitsfrasar gjekk det gale.

Trump kom med utsegner til Zelenskyj som «Du gamblar med tredje verdskrig».

Frå sidelinja skulda visepresident J.D. Vance, Zelenskyj for og ikkje vere takksam nok for bistanden frå USA.

Zelenskyj prøvde å svare, men blei avbrote av begge.

Her kan du sjå heile samtala mellom Trump og Zelenskyj.

Planlagt åtak eller spontan krangel?

Aas seier at Trump er uføreseieleg og at ein ikkje kan vite heilt sikkert, men at det truleg var planlagt.

Det overraska meg mest at visepresidenten plutseleg tok ordet. Det er eg overtydd om at han ikkje ville ha gjort utan at han hadde fått grønt lys frå Trump.

Kåre Reidar Aas, norsk diplomat.

Kåre Aas, rådgjevar i Kruse Larsen og tidlegare ambassadør til USA.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Kai Eide, tidlegare diplomat og politikar, seier at Zelenskyj hamna i ein vanskeleg situasjon.

Eg skjønar Zelenskyj veldig godt. Han følte seg angripen på ein heilt urettferdig måte.

Eide meiner det var uklokt av Zelenskyj å halde fram med å argumentere mot Trump.

Han peikar på at møtet var dårleg førebudd, men tvilar på at det var eit planlagt «åtak», som amerikanarar har antyda.

Kai Eide, norsk diplomat

Kai Eide, tidlegare diplomat og politikar.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Ifølgje Eide hadde Trump og Zelenskyj ulike forventningar til samtalen.

– Zelenskyj kom med krigens gru i hovudet. Lidingane, tapa kvar einaste dag. Åtaka. Og så møter han Trump, som eigentleg, kanskje meir enn noko anna, ber nag til Zelenskyj.

Eide meiner Trump ser på seg sjølv som ein nøytral meklar, medan Zelenskyj ønskjer USA som ein sikkerheitsgarantist.

Kva vil Trump?

Den siste tida har Trump sin retorikk skapt usikkerheit om USA si rolle i NATO og forholdet til Europa.

– Trump skyt det transatlantiske samarbeidet mellom USA og Europa rett i hovudet ved å leggje seg ut med sine næraste allierte og venner, seier Aas.

Kåre Reidar Aas, norsk diplomat.

Kåre Aas meiner Europa framover må ta meir ansvar for tryggleiken i Ukraina.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Ifølgje Aas er dette er bevisst strategi for å distansere USA frå europeiske tryggleikssamarbeid og samtidig pleie forholdet til Putin.

Trump prøver å sende tydelege signal til støttespelarane sine, meiner han.

– Hans målsetning er å kommunisere med sine veljarar, som synest dette er tøft og fint, seier Aas.

Korleis har responsen vore?

I USA har både republikanske og demokratiske politikarar har reagert sterkt på Trump sitt møte med Zelenskyj, men på ulike måtar.

Det eg såg i Det ovale kontor var respektlaust, og eg veit ikkje om vi kan gjere forretningar med Zelenskyj sa den republikanske senatoren Lindsay Graham etter møtet.

Graham sa òg at Zelenskyj burde trekkje seg eller sende nokon andre som USA kunne forhandle med.

Medan demokraten Hakeem Jeffries kallar Trump sin oppførsel «sjokkerande» og meiner han styrkar Putin.

NRKs Ukraina-korrespondent om siste nytt i landet.

Ukrainarar er nøgde med Zelenskyj.

I Europa har leiarar hatt fleire krisemøte om dei siste vekene.

Aas meiner at Trump no forsøker å diktere NATO-allierte, i motsetnad til det tidlegare solide samarbeidet USA har hatt med Europa.

Etter den offentlege krangelen mellom Trump og Zelenskyj viste europeiske leiarar si støtte til den ukrainske presidenten.

Italias statsminister Giorgia Meloni bad om eit umiddelbart toppmøte mellom USA, Europa og allierte, medan Polens statsminister Donald Tusk gav klar støtte.

– Du står ikkje aleine, skreiv Tusk.

Jonas Gahr Støre, Storbritannias Keir Starmer og Frankrikes Emmanuel Macron har òg uttrykt støtte til Zelenskyj.

Korleis vil dette påverke Europa og støtta til Ukraina?

Aas meiner det er bra at Europa framover tar meir ansvar for tryggleiken i Ukraina.

Hovudansvaret for ukrainsk tryggleik og forsvar vil i aukande grad kvile på europeiske land, seier han.

Kai Eide, norsk diplomat

Eide trur ikkje Trump planla å angripe Zelenskyj, men at møtet var dårleg førebudd.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Han legg til at USA likevel må vere ein del av samarbeidet, men er usikker på om den vil fortsetje.

Eide meiner Europa må vere budd på endringar i amerikansk politikk.

– Europa skal ikkje ta sorga på forskot, men må førebu seg på ein politikk med mindre avhengigheit av USA.

Interessert i utanriks? Lytt til utanriksredaksjonen si podkast:

Publisert 01.03.2025, kl. 17.55

Read Entire Article