Dette bør du vite om syndromet som rammar mange unge idrettsutøvarar

2 days ago 12


Iver var ein dedikert og over snittet strukturert ung utøvar.

Han hadde begynt å få gode resultat på friidrettsbanen, og motivasjonen blei berre større og større.

Treningsmengdene auka og to økter om dagen var vanleg.

Podcast: REDs blant unge utøvere

I NIH-podden møter du Hanne Hjelbak, mor til mellomdistanseløparen Iver, som fortel om korleis dei la om kosthaldet i familien etter at Iver fekk beskjed om at han var beinskjør etter fleire trøyttleiksbrot.

Svar om REDs får du frå Christian Johnston, klinisk ernæringsfysiolog ved Idrettens helsesenter, og Stine Østvold Aamodt, prosjektleiar for Heilskapleg helse på Wang og konsulent ved Olympiatoppen. 

Du finn episoden nedst i denne artikkelen.

Burde fått i seg meir karbohydrat

Heime hadde det alltid vore fokus på eit godt og næringsrikt kosthald. Mor Hanne Hjelbak var opptatt av reine råvarer og eit balansert kosthald med næringstett mat.

Men som 16-åring begynte skadene å kome. Han fekk stressreaksjon og trøttleiksbrot både i legg og rygg, og skadene kom berre tilbake når han tok opp treninga att.

Ein DXA-scan på Idrettens helsesenter skulle gje familien overraskande svar. Iver hadde låg beintettleik og hadde mange teikn på syndromet REDs (se faktaboks). 

Ernæringsfysiolog Christian Johnston skildrar REDs som eit syndrom som har mange ulike verknadar på kroppen. (Foto: NIH)

– For meg så var det ein augeopnar. Han åt jo veldig mykje, så eg følte meg trygg på at han fekk i seg nok. Men da eg fekk denne beskjeden, så kom det med ein gong over meg ein slags dårleg samvittigheit. Kva var det eg hadde oversett her? fortel Hanne.

Kva er REDs?

REDs er ei forkorting for «Relative Energy Deficiency in Sport», altså relativ energimangel i idretten. REDs beskriver ei samling av symptom og funn som skuldast vedvarande eller gjentatte episodar med for lågt energiinntak i forhald til behovet til kroppen. I ein slik situasjon prioriterer kroppen energi til fysisk aktivitet, medan ein del grunnleggande kroppsfunksjonar blir nedprioritert og blir sett på «sparebluss». 

Kjelde: NIH

Familien fortalde fyrst historia si på nrk.no tidlegare i vinter.

Hanne ser i ettertid at det var spesielt ein ting dei hadde hatt for lite av i heimen.

– Han hadde tydelegvis eit stort behov for kaloriar, gjerne i form av raske karbohydrat. Det må eg innrømme at eg hadde oversett i kosthaldet hans.

Eit syndrom med ulike verknadar på kroppen

Christian Johnston er klinisk ernæringsfysiolog hos Idrettens helsesenter og møtte Iver da han kom til undersøking der.

Han har møtt mange ungdomar som Iver den siste tida, og dei har ofte mange like trekk.

– Det treng ikkje å vere eteforstyrringar eller ernæringsrelaterte sjukdomar eller allergiar. Veldig ofte er det snakk om unge, ambisiøse idrettsutøvarar som trenar hardt og er opptatt av å ete sunt og vere sunne, men som ikkje heilt forstår kor mykje energi dei eigentleg treng, seier han og legg til.

– Kanskje har dei lite tid i kvardagen og rekk ikkje heilt å ete så mykje som dei treng.

Johnston skildrar REDs som eit syndrom som har mange ulike verknadar på kroppen.

Dei kan vere diffuse og variere veldig frå person til person.

– Viss ein har ein høg treningsbelastning og eit høgt energibehov som ikkje blir møtt av energi frå mat, så kan det lage problem for ein kropp i vekst.

Både i individuelle idrettar og lagidrettar

Han nemner dårlegare treningsutbytte og prestasjon, hyppigare skader og sjukdom, men også nedsett produksjon av kjønnshormon og lågare beintettleik. 

Stine Østvold Aamodt har saman med NIH-professor Anne Marte Pensgaard fått pengar frå Tom Wilhelmsen-stiftelsen for å formidle kunnskap om REDs. Det har resultert i fleire filmar som skal treffe trenarar, helsepersonell og foreldre. To av dei kan du sjå i denne artikkelen. (Foto: NIH)

Også på WANG toppidrett kjenner dei godt igjen desse historiene.

Stine Østvold Aamodt er prosjektleiar for Helhetlig helse på WANG og ser ungdomar med REDs i mange forskjellige idrettar.

Ikkje berre i estetiske og vektklasse-idrettar som ein har vore mest obs på tidlegare.

– Vi ser det også i ein del av uthaldenheitsidrettane og nå etter kvart også i lagidrettar i større grad. Vi opplever at mange kan gå seg litt vill i detaljene og gløyme heilskapen, seier Aamodt. 

Aktive ungdomar treng meir mat enn du trur

Men kor mykje skal eigentleg ein ungdom i vekst som kanskje trenar to økter om dagen, ete?

Ernæringsfysiologen meiner det enklaste ein kan seie, er at det er meir enn dei fleste trur. 

– Det er vanskeleg å seie noko konkret fordi det varierer jo veldig og kjem an på storleik og korleis ein trenar. Men når det er snakk om ein idrettsutøvar i vekst, noko som krev veldig mykje energi, er det vanskeleg å få i seg for mykje. 

– Så lenge ein har eit fornuftig kosthald og et vanleg, normal sunn mat, så er det nesten slik at jo meir jo betre. 

Kritikk mot sukkerfokus

I etterkant av NRK-artikkelen kom det ein del kritikk rundt fokuset på sukker og godteri. Både Iver og Niels, som NRK også skreiv om, la inn dessert, is og godteri i kvardagen som ein del av kosthaldsendringa.

– Det er jo ikkje sukker og godteri som er poenget her, og det har det aldri vore. Det er heller ikkje det me snakkar med utøvarane om. Det handlar om å ha eit avslappa nok forhold til mat og kunnskapen til å forstå at ein kan unne seg laurdagsgodt, og kan unne seg snacks på kvardagar også. I tillegg til den vanlege, sunne maten, seier Johnston. 

Karbohydrat er viktigare enn mange trur

Han merkar at både utøvarar, trenarar og foreldre er prega av diskusjonen i samfunnet. Karbohydrat blir også sett på som noko litt skummelt. 

– For dei fleste unge utøvarar er karbohydrat mykje viktigare enn det mange trur. Det er veldig mykje fokus på protein om dagen, men for dei fleste idrettsutøvarar er det eigentleg karbohydrat dei burde fokusere på. Det er det dei får i seg for lite av, meiner Johnston. 

Når han behandlar utøvarane på Idrettens helsesenter, jobbar han spesifikt med at dei skal få i seg karbohydrat under treningsøkter. 

– Vi anbefalar dei å få i seg karbohydrat i form av sportsdrikk eller vanleg hushaldningssaft under trening. Det vi ser, er at det ikkje berre påverkar prestasjonen positivt, men det kan også potensielt verke inn på beinvevet. Det gir ein positiv effekt fordi kroppen blir mindre nedbroten i økta. Det kan potensielt senke skaderisikoen, men også sørge for at dei får i seg det dei treng. 

Har ungdomen din desse symptoma?

Kva skal du som foresatt eller trenar følgje med på om du er bekymra for om idrettsungdomen din får i seg nok energi? 

Ekspertane nemner desse symptoma som vanlege for ein utøvar som har utvikla REDs. 

  • Humørsvingningar
  • Meir sliten enn vanleg
  • Hyppigare sjuk eller skada
  • Menstruasjonsforstyrringar
  • Fråver av morgonereksjon

– Nokre snakkar også om at dei er ofte er støle, og at det ikkje går over heilt, seier Aamodt og legg til:

– Ein av desse symptoma er ikkje nok til å vere bekymra for REDS, men om det er ein kombinasjon av fleire av desse symptoma kan det vere verdt å ta ein sjekk.

Brød med mindre fiber

Heime hos familien Hjelbak har ting gått riktig veg etter endringane dei gjorde.

Det handla ikkje berre om raske karhohydrat, men å sjå på heile døgnet og treningsbelastninga til Iver. 

Nå er Iver tilbake i trening og konkurranse. Endring av kosthaldet med meir fokus på å få i seg nok energi under og etter trening har vore ein viktig nykkel. (Foto: Privat)

Det blei viktig å ete godt tidleg på dagen før trening og få i seg sportsdrikk eller saft under trening, og få i seg nok mat etter trening.

I tillegg har dei begynt å bake eige brød. 

– Vi fekk tips om at brød, som han jo et enormt mykje av, ikkje skal ha så høgt fiberinnhald. Det gjer at det blir lettare opptakeleg for kroppen, seier Hjelbak.

Han var blitt 18 år da dei tok ny DXA-scan, eit år etter den fyrste.

Resultata viste at beintettleiken hadde blitt mykje betre. 

– Det kan eg ikkje forklare på så mange andre måtar enn at vi hadde gjort noko riktig med kosthaldet. I tillegg til fokuset vårt på heilskapen, på treningsbelastninga og heile døgnet hans.

I etterkant av NRK-saka har familien fått mange tilbakemeldingar.

Dei hadde bestemt seg for om berre nokon få kunne lære av og få noko ut av historia deira, ville det vere verdt å vere opne opp i media.

– Det har allereie skjedd, og det er både Iver og eg kjempeglade for. Målet vårt er jo at fleire blir oppmerksame på det store energi- og kaloribehovet som barn og ungdom har når dei er så aktive. Det kan førebygge helseskader og ikkje minst unngå utenforskap som oppstår når ein må bli borte frå trening.

Høyr episoden her:

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article