Dette biletet går viralt i Iran: – Det han gjer er utruleg farleg

2 hours ago 3


På den elles travle Tehran Grand Bazaar held dei fleste butikkane stengt i dag.

Søndag stupte valutaen i landet, rial. I ein allereie pressa økonomi, stengde seljarar butikkane sine og tok til gatene.

Dei skuldar på dårleg økonomisk styring frå styresmaktene.

Bildet viser en travel gate med mange mennesker som ferdes. Det er flere butikker langs kantene, og lys fra butikkene lyser opp området. Noen personer står eller går i midten av gaten, mens andre er synlige i omgivelsene. Gatebelysning og en arkitektur som tyder på en overbygd plass gir kontekst til scenen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Tehran Grand Bazaar er vanlegvis ein livleg marknad. I dag er det mykje stillare enn vanleg.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

I dag tysdag har også studentar ved universiteta i hovudstaden Teheran kopla seg på, melder lokale medium. Sentralbanksjefen meldte sin avgang måndag.

Protestane blir skildra som dei største sidan protestane etter drapet på Masha Amini i 2022.

På smerteterskelen

Har du sett biletet av han som sit på bakken framfor tryggingsstyrkar i Teheran?

– Ja, ja, sjølvsagt, seier Pardis Shafafi.

  • Pardis Shafafi ser i kamera.

    Pardis Shafafi

    • Iransk
    • Har doktorgrad i antropologi 
    • Spesialisert på politisk vald 

– Det han gjer er utruleg farleg og modig. At biletet går viralt er det absolutt verste som kan skje for styresmaktene sine auge.

Tusenvis demonstrerer i Iran etter at den økonomiske situasjonen forverra seg dramatisk i desember.

Ho peikar på at han står opp mot eit undertrykkande regime som har styrt økonomien feil i mange år.

No er smerteterskelen nådd.

«Alt» er dyrare

Sidan i sommar har verdien på valutaen i Iran sokke med 40 prosent mot dollaren.

Det har ført til dårlegare levestandardar. Mykje er blitt mykje dyrare.

Inflasjonsraten i desember steig til 42,4 prosent samanlikna med same tid i fjor. Det er 1,8 prosent høgare enn førre månad.

Mat har blitt 72 prosent dyrare. Helse- og medisinvarer er 50 prosent av prisen frå desember i fjor. Det melder det nasjonale statistiske senteret i Iran.

Marked er fylte med fersk frukt og grønnsaker, som bananer, appelsiner og hvitløk. To personer går mellom bodene, mens det er flere andre kunder i bakgrunnen. Lys fra taklamper belyser scenen, og bakken ser våt ut, kanskje etter regn. Omgivelsene gir en livlig stemning av et travelt marked. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Ein handletur på ein iransk marknad har i snitt blitt 72 prosent dyrare det siste året. Fleire slit med å få endane til å møtest.

Foto: Vahid Salemi / AP / NTB

Verdien av sparepengane til iranarar blir berre mindre og mindre. Det uroar ein heil nasjon.

Tala kan byrje å minne om hyperinflasjon – ein prisvekst ute av kontroll.

Til og med bensinen er blitt dyrare. Det er første gong på seks år. Billeg bensin blir rekna som nær ein fødselsrett i Iran. Innbyggarane er vande med at dei elles upopulære styresmaktene subsidierer bensinprisane. I 2019 blei over 100 menneske drepne i protestane som følgde prisauken.

– Styresmaktene kjem til å skulde på dei internasjonale sanksjonane, men det er berre éi side av historia. Det handlar også mykje om dårleg økonomisk styring og korrupsjon i mange år, seier antropolog Shafafi.

Det er også postdoktor ved NTNU Banafsheh Ranji einig i.

  • Banafsheh Ranji

    Banafsheh Ranji

    • Postdoktor ved Institutt for sosiologi og statsvitenskap, NTNU. 

– Éin faktor kan ikkje forklare kvifor økonomien er så ustabil. Det er ein blanding av korrupsjon, dårleg styring av staten og internasjonale sanksjonar.

– Legitime krav

Reaksjonen frå styresmakter har ikkje vore like valdelege som under tidlegare, peikar Ranji på. Så langt har demonstrasjonane vore relativt fredelege.

– Vi må vente og sjå korleis situasjonen utviklar seg, meiner ho.

Presidenten i landet Masoud Pezeshkian har i dag bede regjeringa hans om å lytte til demonstrantane sine «legitime krav». Han seier han møter dei med dialog.

Ein talsperson for myndigheitene, Fatameh Mohajerani, sa i dag at dei anerkjenner protestane og det dei protesterer for.

– Styresmaktene vil lytte med tolmod, også til dei harde stemmene. Vi trur folket vårt er tolmodige, så når dei hevar røystene sine er det fordi dei er under høgt press, seier ho.

– Dei seier kanskje det, men det kjem overhovud ikkje til å skje. I alle fall ikkje i praksis, seier Pardis Shafafi.

Ho trur det er ein måte for iranske styresmakter å vise overfor resten av verda at dei har lært frå Amini-protestane i 2022.

– Det er ingenting anna enn ei framvising for omverda og internasjonal presse, seier ho.

Ein video frå sosiale medium viser at politiet blir pressa tilbake av demonstrantane.

Denne videoen frå X viser at politiet blir pressa tilbake av demonstrantar.

NRK har verifisert fleire videoar som viser store folkemengder som demonstrerer i Iran. Vi har verifisert at videoane er filma i sentrum av Teheran, og er filma i løpet av de siste dagane.

Berre økonomi?

– Styresmaktene har ikkje vist ekstrem vald så langt fordi dei prøvar å framstille protestane som berre økonomiske klagar, seier Ranji.

Men videoane frå gatene i Teheran fortel at historia hjå demonstrantane er ei anna.

– Fridom! ropar store folkemengder i ein video.

Shafafi meiner det ikkje finst noko slikt som reine økonomiske protestar. I alle fall ikkje i Iran. Sjølv om økonomien trigga desse demonstrasjonane, er dei alltid politiske og det ligg alltid under undertrykking av all opposisjon.

I ein annan video ropar dei «mullaane må forsvinne», med referanse til dei islamske styresmaktene.

«Mullaane må forsvinne» ropar folkemengdene i Teheran.

Postdoktor Ranji trur Iran berre har sett starten på demonstrasjonane som starta i helga.

Likar du å følge med på det som skjer i verda? Endeleg gode nyhende! Her er podkasten for deg:

Publisert 30.12.2025, kl. 22.08

Read Entire Article