– Det var både eit vanleg oppdrag, men samstundes var det òg eit litt uvanleg oppdrag, seier operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen.
Han var Sør-Vest politidistrikt sin øvste leiar på operasjonelt nivå natta Markus Botnen blei drepen.
Som operasjonsleiar bestemmer han kva patruljar som køyrer kor, og kva oppdrag som skal prioriterast.
Saman med dei tilsette på operasjonssentralen skal han òg koordinere den operative innsatsen til politiet når det oppstår hendingar.
Slik var det også natt til 28. desember. Ei vakt som vil sette seg i minne.
Såg skytinga gjennom dronekamera
Meldinga som først blei formidla til politiet var frå sonen til den no sikta mannen i 50-åra. Mannen i 50-åra var til stades i bilen under skotvekslinga, men kom uskadd frå hendinga.
Gjennom sin forsvarar har mannen sagt at han opplevde situasjonen som ein trusselsituasjon. Politiet seier dei framleis vurderer kva status mannen skal ha i saka.
– Han klarte òg å gi eit registreringsnummer på bilen, og han sa at faren hadde sagt at det var ein pistol i bilen, seier Fenne-Jensen.
Sonen varsla også om at den no avdøde sikta, Geir Roald Hodne, var på veg til bustaden sin for å sette fyr på han.
– Dette er informasjon som det tar litt tid å få innhenta, og så må det på ein måte vurderast. Kva er det vi står overfor her? Vurderinga var at det ikkje var kjente truslar mot enkeltpersonar eller personar, seier Fenne-Jensen. Han held fram:
– Så blei det gjort søk, etterretning som det heiter, på den involverte personen. Denne personen var ikkje kjent i politiets system. Så sto vi eigentleg igjen med at ein pistol var nemnt, ikkje verifisert, men at han visstnok skulle vere i bilen.
Det blir tatt ei avgjerd om å sende ut dronekamera. Dette gjer at dei tilsette ved operasjonssentralen direkte vitnar hendingane som skal utspele seg.
Det blir losna skot
To patruljar observerte den aktuelle bilen denne kvelden, og det blir gjort ein kontrollert stans.
Denne skjedde i utgangspunkt på vanleg måte, seier Fenne-Jensen. To politibilar stansar bak bilen, og politipatruljen melder at dei går fram og tar kontakt.
– Dei var heilt rolege, held han fram.
Så blir det første skotet losna. Så fleire skot.
– Det einaste eg som operasjonsleiar kan gjere er å berre inderleg håpe at politiet på staden får kontroll på situasjonen. Men det var ein sterk video å sjå.
– Så du såg direkte når Markus Botnen blei skoten?
– Eg ønsker ikkje å gå i detaljar. Men eg såg hendinga ja.
Han tar ein lang pause.
– Det var overraskande at det skulle snu frå kontroll til det stikk motsette. Frå der eg sat kjente eg jo på ei maktesløyse, held han fram.
– Kjenner du personleg på eit ansvar for det som skjedde?
– Det ligg jo i mi rolle som operasjonsleiar, svarar han.
– Formelt sett har eg ansvaret for at vi set på nok ressursar, og har riktig kompetanse. Eg trur alle som var tilknytt dette oppdraget på ulike vis, inkludert meg sjølv, har tenkt at det er noko som kunne vore gjort annleis.
– Har du funnet nokre konkrete ting du tenker kunne vore gjort annleis?
– Med fasiten i hand, ja.
– Men mitt inntrykk og tilbakemeldingar som vi har fått, så var dette oppdraget godt sett opp med ressursar. Dronepilot, hundepatrulje, innsatsleiar og operative innsatspatruljar. Så det var eigentleg tatt høgde for å redusere risikoen så mykje som mogleg. Dei hadde tilgang til våpen. Verneutstyr hadde dei på.
Noko av utfordringa med oppdraget var knytt til staden, forklarar Fenne-Jensen. Det var ikkje i eit hus, eller ein konkret plass. Patruljane var derfor spreidd. Nokon var på veg til bustaden til Hodne, nokon var ute å leita etter bilen.
Det var derfor opp til dei to patruljane som kom til staden i løyse oppdraget.
Same natt får han beskjed om at kollegaen er død.
– Det var ein politimann som ringde meg og sa at vår kollega var erklært død. Og då var den nå avdøde sikta erklært død ei stund i forkant.
Fleire alvorlege hendingar
– Det er jo noko som heiter at politiet spring inn, og andre spring ut, seier Fenne-Jensen. Han gjentar det fleire gonger under intervjuet.
Det er ein risiko forbunde med yrket. Alle som jobbar i politiet kjenner til denne.
Dagen etter kollegaen blei drepen var han tilbake på jobb.
– Det var mi vakt, seier han.
– Og så hadde eg eit behov for å vise ovanfor andre som var på vakt natta før, at eg var til stades, seier han vidare.
Sist gong ein politimann blei skoten og drepen skjedde det også Sør-Vest politidistrikt. Politimann Arne Sigve Klungland blei drepen under NOKAS-ranet i 2004.
Også den siste tida har politidistriktet opplevd fleire alvorlege hendingar.
Ein gisselsituasjon i Stavanger fører til ei skotveksling der både mistenkte, gisselet og ein polititenesteperson blir treft av skot. Mannen som får status som sikta blir skoten og drepen av politiet. Ein vest bergar livet til polititenestemannen.
I Dale i Sandnes blir det fyrt av skot mot seks polititenestemenn. Det var eit forsøk på ei rein avretting, sa påtaleansvarleg Cecilie Pedersen Hille den gongen. Skota blir stoppa av sikkerheitsglaset i politibilen.
– Har de tatt nokre læringspunkt frå desse hendingane?
– Dette med personalomsorg. Der var politimeisteren veldig tydeleg då han kom inn den natta og sette seg ned med meg, seier Fenne-Jensen.
– Hans prioritering nummer éin var personalomsorg, held han fram.
– Har det skjedd nokre endringar operativt? –
Opplever du at de er godt nok rusta til å handtere slike situasjonar?
– Ja, det er et veldig stort og krevjande spørsmål. Då er vi inne i ein samfunnsdebatt som eg er litt usikker på om eg skal meine for mykje om, seier Fenne-Jensen.
– Erfaringa mi er at så lenge politiet har ressursane eller får ressursane, så kan norsk politi og politidistriktet vårt løyse det aller meste. Men det er ein del ting som vi ikkje rår over. Det er tidspunktet det skjer, når det skjer, og kva som skjer, avsluttar han.
Publisert 07.01.2025, kl. 18.00