Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_bf4d19c807ac6bec260b7b13ad3a0dad, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Det kan vere lurt å betale like mykje på lånet sjølv om renta går ned - NorwayToday

Det kan vere lurt å betale like mykje på lånet sjølv om renta går ned

3 hours ago 2


– Det er ein kjempegod idé dersom ein klarer det, seier økonom Lene Drange.

Lånet blir innfridd raskare, totalbeløpet blir lågare.

– Eg trur ikkje folk veit at dei kan gjere det. Dei aller fleste tenker at det er deilig å få nokre ekstra hundrelappar i månaden, men det er ikkje så mange hundrelappar som skal til for at det kan lønne seg ekstra i det lange løp, seier Drange.

Lene Drange

Økonom Lene Drange.

Foto: Privat

Sentralbanksjefen overraska dei fleste torsdag føremiddag då ho meldte at styringsrenta skal ned 0,25 prosentpoeng.

Den første nedgangen på fem år.

Fleire bankar har allereie meldt at dei kuttar renta på lån og innskot.

Til dømes vil eit bustadlån på 4 millionar med ei nedbetalingstid på 25 år og ei rente på 5,75 prosentpoeng, koste 602 kroner mindre i månaden når renta går ned.

Og på eit heilt lån kan det gi store utslag.

235.000 kroner spart

Regiondirektør for personmarknad i Sparebank 1 Sør-Norge, Ole Gilje, illustrerer med eit eksempel:

Har du eit lån på 2,5 million kroner med ei nedbetalingstid på 25 år og ei rente på 5,75 prosent, betaler du 15.800 kroner i månaden.

Regiondirektør Ole Gilje i Sparebank 1 SR-Bank.

Regiondirektør for personmarknad i Sparebank 1 Sør-Norge, Ole Gilje.

Foto: Sparebank 1 SR-Bank

Beheld du terminbeløpet når renta går ned vil lånetida bli eit år og tre månader kortare.

Då sparer du totalt 235.000 kroner i renteutgifter.

– Er du først blitt vant med å terminbeløpet er det ikkje dumt å behalde det, men det må vere opptil kvar enkelt kva som passar i økonomien, seier han.

Sveip og les kva planar folk i Haugesund har for pengane dei sparer når renta går ned:

  • ein mann med hatt

    Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

    Thomas André Rød

    Det har eg ikkje fått tid til å tenke over. Det er sikkert lurt å ha ein plan for dei pengane, men i desse dagar er det så mykje anna som står høgare på lista enn å betale raskare ned på lånet.

  • ein mann med hatt

    Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

    Mathias Lande

    Det er jo ein god tanke å betale like mykje på lånet som nå, men eg trur eg vil spare dei pengane. Det kan jo vere at det kjem ein oppgang igjen.

    – Så dei går ikkje i det store sluket?

    – Nei, eg har OK kontroll.

  • ein mann som smiler til kameraet

    Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

    Eivind Sævdal

    Eg har ikkje så stort lån, så rentenedgangen utgjer ikkje så stort beløp for meg, men eg skal halde fram med å betale det same som eg gjer nå.

Dette må du vite om styringsrenta

  • Kva er styringsrente?

    Styringsrente er ei rente som som blir bestemt av ein sentralbank. Dette blir gjort for å påverke økonomien i landet, basert på måla for pengepolitikken.

    Styringsrenta blir nytta for å styre inflasjon, økonomisk vekst og arbeidsløyse.

    I Noreg er det Noregs Bank som bestemmer kva renta skal vere. Åtte gonger i året blir det bestemt om renta blir endra eller ikkje.

  • Kva har styringsrenta vore tidlegare?

    Sist styringsrenta blei sett ned, var i mai 2020. Sidan då har renta blitt sett opp ei rekke gongar.

    Styringsrenta har vore på 4,5 prosent sidan desember 2023.

    No har renta blitt sett ned til 4,25 prosent.
    Sentralbanken seier at det kan bli fleire rentekutt seinare i år.

  • Kva er konsekvensane når styringsrenta blir sett ned?

    Endringar i styringsrenta påverkar utviklinga i økonomisk aktivitet og prisar.

    Lån blir billigare. Dette fordi bankane kan låne pengar billigare frå sentralbanken. Personar med bustadlån eller andre lån, får mindre å betale på lånet kvar månad.

    Lågare rente gjer det også meir attraktivt å bruke pengar, framfor å spare dei. Verksemder kan investere i nye prosjekter for ein rimelegare pris, noko som kan bidra til økonomisk vekst.

    Den norske krona blir svekt. Det fører til dyrare importvarer, samtidig som norske varer kan bli meir konkurransedyktig i utlandet.

  • Kvifor er styringsrenta viktig?

    Renter er prisen på pengar. Styringsrenta påverker prisen på pengar i heile økonomien.

    Når renta går ned blir det meir attraktivt å låne pengar, og mindre attraktivt å spare. Det aukar pengestraumen inn i økonomien.

    Når renta går opp blir det attraktivt å spare pengar. Det minkar pengestraumen inn i økonomien.

Redd pengane går i sluket

Forbrukarøkonom Hallgeir Kvadsheim er redd dei ekstra pengane går rett i det store sluket om ein ikkje tar eit bevisst val når renta går ned.

Hallgeir Kvadsheim

Privatøkonom Hallgeir Kvadsheim.

Foto: Tuva Skei Tønset

– Kven bør behalde terminbeløpet som det er i dag?

– Spesielt dei som har litt høg lånegrad, men samtidig merkar at dei kan betale såpass mykje som dei har betalt til nå.

– Og dei som har lite lån?

– Då kan det vere fornuftig å bruke dei ekstra pengane til å investere til dømes i fond, seier Kvadsheim.

Se hvor mye du må betale når renta settes ned. I dag er den effektive boliglånsrenta i snitt på 5,6 prosent.

Rente

Ditt lån

Nedbetalingstid nå

Månedlige utgifter 16 846 kr

Endrede utgifter -1 757 kr

Det vil si en total utgift på 16 846 kroner i måneden. Altså en endring på -1 757 kroner i renteutgifter.

Hei!

Har du tankar om saka du nettopp las, eller tips til andre saker eg burde lage? Send meg gjerne ein epost! 

Publisert 20.06.2025, kl. 20.05

Read Entire Article