Det har berre gått éin månad, men Donald Trump har allereie rokke å skape mange overskrifter i sin andre presidentperiode.
Han er ikkje mindre omstridd i denne runden, og har komme med kontroversielle utspel på løpande band.
Presidenten er hard i klypa og vekker harme hos mange. Statsleiarar og diplomatar sveittar og klør seg i hovudet over korleis dei skal handtere Trumps utspel.
«Showet er Trump, og det er utselt overalt»
Det viktigaste for å forstå Trump er å hugse at han først og fremst er ein mediepersonlegdom, meiner Hilmar Mjelde. Han er professor i statsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.
– Trumps utspel har eitt mål. Det er å dominere mediedekninga og halde alles auge retta mot han, seier Mjelde.
Han peikar på korleis Trump sjølv har belyst denne strategien i tida før han blei president.
– I boka «Kunsten å gjere avtalar» frå 1987 beskriv han sin eigen retoriske stil som «sannferdig overdriving». I eit intervju med Playboy i 1990 sa han at «Showet er Trump, og det er utselt overalt», seier Mjelde.
Trump viser fram utgåva av Playboy Magazine frå 1990 der han blei intervjua og var på framsida. Magasinet fekk han av ein fan mens han spelte golf i 2022.
Foto: Lynne Sladky / AP/NTBHan peikar på eit knippe retoriske triks Trump har brukt gjennom 50 år, og som har vore suksessoppskrifta hans i næringslivet, mediebransjen og nå i politikken:
– Han skremmer, truar, audmjukar, går til motangrep, lyg, skuldar på andre, distraherer og blir sint, eller lèt som at han blir veldig sint, seier Mjelde.
– Desse triksa bruker Trump mot alle som står i vegen for han. Trumps superkraft er evna til å sable ned motstandarane sine, legg han til.
Trur Trump trivst i kaos
Tidlegare statsråd og Frp-politikar Ketil Solvik-Olsen kjenner amerikansk politikk godt. Han budde fleire år i USA og var på gjestelista da Trump blei innsett som president i januar.
Solvik-Olsen trur at det ligg ein metode og ein bevisst strategi bak utspela.
For å forstå Trump må vi også forstå bakgrunnen hans som forretningsmann og spelet han speler, meiner han.
– Trump er alltid i forhandlingsmodus. Og han forhandlar ut frå ein kortsiktig nåsituasjon og ser på alt som ein transaksjon, seier Solvik-Olsen.
– Eg er ikkje einig i at det er ei fornuftig tilnærming, og i alle fall ikkje frå eit norsk og europeisk standpunkt. Men det er sånn vi må lese han, legg han til.
Tidlegare Frp-politikar Ketil Solvik-Olsen.
Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK ROGALANDTrump trivst også godt når det er kaos rundt han, påpeikar Solvik-Olsen. Kaos som Trump sjølv har skapt.
– Alle blir irriterte og frustrerte. Men Trump klarer å navigere i kaoset, fordi det er han sjølv som skapt det. Det gjer at han kan kontrollere situasjonen betre, seier Solvik-Olsen.
– Dette er ein elendig taktikk viss målet er å bygge alliansar, langsiktige vennskapar og vinn-vinn-situasjonar, legg han til.
– Det finst ikkje gråsoner
Retorikkekspert Kjell Terje Ringdal peikar på at retorikken til Trump ofte er binær.
– Trump er eit tydeleg menneske i den forstand at ting er veldig distinkte og klare, nesten banale. Det finst ikkje gråsoner. Enten så er du ein venn, eller så er du ein fiende, seier Ringdal.
Trump skuldar Ukraina for sjølv å ha starta krigen med Russland, sjølv om det ikkje stemmer.
Video: Foto: / APHan meiner at retorikken ofte også er transaksjonell. Trump tenker og snakkar som ein forretningsmann.
– Det gjeld både når det er snakk om pengar og verdiar, men også i relasjonar. Noko skal bytast frå ei hand til ein annan, seier Ringdal.
Kjell Terje Ringdal er retorikkekspert og førstelektor ved Høgskulen Kristiania.
Foto: Heiko Junge / NTBTrump appellerer også ofte til ei kjensle av urettferd, og framstiller gjerne seg sjølv og USA som eit offer, påpeikar Ringdal.
– Trump bruker ein retorikk som framstiller USA som utnytta, og der han presenterer seg sjølv som den som skal gjenopprette rettferda, seier Ringdal.
Retorikken har endra seg
Ringdal trur at retorikken til Trump har endra seg frå da han sist var president.
– Den verkar enda villare og meir planmessig enn han var da, seier Ringdal.
Trump svarer på spørsmål frå journalistar på presserommet i Det kvite hus.
Foto: ROBERTO SCHMIDT / AFP / NTBHan peikar på fleire moglege årsaker:
– For det første skal han slå tilbake. Dette er offeret Donald Trump, som skal vise at han ikkje finn seg i å bli bedratt og «fråteken» valsigeren i 2020, seier Ringdal.
– Denne gongen har han også omgitt seg med venner som lèt han sprute ut presidentordre og utsegner. Det er ingen vaksne i rommet, slik det var sist, legg han til.
– Må for guds skuld ikkje snakke om verdiar
Men korleis bør norske og europeiske leiarar møte Trumps harde retorikk og utspel? Hilmar Mjelde meiner at svaret er enkelt:
– Dei må overtyde Trump om at det dei vil er i tråd med hans eigne politiske interesser. Dei må for guds skuld ikkje snakke om verdiar, alliansar og den slags, for det er direkte kontraproduktivt, seier Mjelde.
Trump på Det ovale kontoret.
Foto: AFP/NTBSolvik-Olsen meiner det er viktig å prøve å sjå forbi Trumps provoserande språk og forstå den underliggande strategien.
– Det vi ikkje tener på, det er å ha eit slags noregsmeisterskap i å overgå kvarandre i å idiotforklare Trump og svartmåle alt han gjer. Reaksjonane er med på å eskalere situasjonen, seier han.
– Du må tenke psykologi: Kva er den beste måten å nå fram til han på? Og sjølv om det er aldri så freistande å seie akkurat kva du meiner, er det ikkje alltid det smartaste, legg han til.
Publisert 21.02.2025, kl. 21.15