Derfor nektar ho å bruke solbriller: – Fødd til å gå utan

2 hours ago 2


– Det er ein snodig trass å ha i langrennssporten, seier NRKs langrennsekspert Martin Johnsrud Sundby når han får høyre om Skistads solbrillenekt.

Under verdscuprennet i Les Rousses i januar køyrde 28 av 30 utøvarar i sprintfinalen med dei aerodynamiske solbrillene. Berre Märta Rosenberg og Skistad stilte utan.

– Eg er ikkje brilletypen. Eg har aldri vore det. Eg slit ikkje noko med det og synest det er mykje betre å gå utan. Så det trivst eg med, sa Skistad etter ha knust konkurrentane i sprinten i Les Rousses.

– Kva er det som gjer det betre å gå utan?

– Me er jo fødd til å gå utan briller, så eg synest det er best.

Så me får aldri sjå deg med briller under renn?

– Nei, det trur eg faktisk ikkje, svarer Skistad.

  • Kristine Stavås Skistad er Noregs antatt sterkaste kort på sprinten torsdag, der dei første medaljane i VM blir delte ut. Du kan følge sprinten på NRK frå 10.00.

NRKs ekspert: – Merkeleg nekt

– Det er veldig spesielt, seier NRKs langrennsekspert Fredrik Aukland når han får høyre kva Skistad har sagt.

For såkalla «raske briller» har bruksområde utanfor å sjå stilig ut på afterski i Hemsedal.

– Det er fyrst og fremst for å beskytte auga. Det er for at ein skal sjå betre blant anna når det er skarp sol, nedbør eller viss det er veldig kaldt. Det er ein grunn til at ein går med briller. Det er ikkje for at det skal sjå fint ut. Ein kan seie at i enkelte føre kan det vere hemmande å ikkje bruke briller, seier Aukland.

Skistad

UNIK: Kristine Stavås Skistad har ingen planar om å gjere som dei andre ved å bruke solbriller.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Martin Johnsrud Sundby stussar også over valet til det norske gullhåpet.

– Det er ein merkeleg nekt å ha. Briller har aldri gjort deg noko vondt. Viss dei kan sørge for at du optimaliserer ein prestasjon. Det kan vere ein del lysforhold der det å lese terrenget blir forbetra av litt gode linser, seier Johnsrud Sundby og legg til:

– Eg treivst utruleg dårleg utan briller, spesielt under lengre løp med kuldegrader. For Kristines del så går jo ikkje ho så lenge om gongen. Ho har ikkje opplevd tre mil med minus femten grader i konkurransefart enno, så kanskje det ligg litt der. Men eg sver til briller stort sett alltid når eg trenar.

Sundby

FORDEL: Martin Johnsrud Sundby meiner solbriller kan gjere prestasjonen betre.

Foto: Terje Pedersen

Får fagstøtte: – Veldig individuelt

Skistad får likevel støtte frå Hans Torvald Haugo. Han er fagsjef og generalsekretær i optikerforbundet i Noreg.

– Når det kjem til syn er det naturleg nok veldig individuelt. Eg vil tippe at hennar vurdering er det beste for ho. For det å bruke briller kan for enkelte menneske rett og slett vere ein hindring.

Haugo fortel at det å vere toppidrettsutøvar ofte har ein samanheng med det å ha ekstremt godt syn, utan at ein sikker på kva som er samanhengen bak det.

– Då eg arbeidde som optikar opplevde eg at nokon er ekstremt sensitive når det kjem til briller. Det finst dei som vel å køyre motorsykkel utan briller, for andre ville det vore tilnærma umogleg. Det er ingen som veit korleis nokon andre ser, seier Haugo.

Publisert 27.02.2025, kl. 05.27

Read Entire Article