Du har kanskje stått framfor ein sjølvbetent kasse i ein butikk og trykka tommelen mot ein skannar?
Det er over ti år sidan dei fyrste sjølvskanningskassene kom i matbutikkar.
Fingeravtrykkslesarar har fungert som alderskontroll for kundar som vil kjøpe varer med aldersgrense.
Likevel har matvarekjeda Rema 1000 avvikla denne mogelegheita for kjøp av tobakk og alkohol i alle sine butikkar.
– Vi fekk ei presisering frå Helsedirektoratet, den slo fast at fingeravtrykket ikkje er ein gyldig måte å bekrefte alder på, opplyser Pia Mellbye, sal- og marknadsdirektør i Rema 1000 i ein e-post til NRK.
Ved sida av bankterminalen har det i mange butikkar vore ein fingeravtrykkslesar, dei kan dei forsvinne.
Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRKIkkje lov, meiner direktoratet
Det var i februar presiseringa frå Helsedirektoratet vart sendt ut til butikkane og kommunar.
Dei påpeikar at det har vore ei utvikling med fleire sjølvbetente kasser og ubetente butikkar, og at dei har fått fleire førespurnader frå eigarar av slike butikkar.
– Difor meinte direktoratet at det var naudsynt å informere tydelegare om reglane for sal av tobakksvarer og tobakkssurrogat, seier avdelingsdirektør May Cecilie Lossius til NRK.
No er det slutt på å bruke fingeren for å kjøpe alkohol og tobakk i mange butikkar.
Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRKPå Helsedirektoratet sine nettsider står det følgjene om sal av tobakk:
«Bakgrunnen for forbodet er å hindre sal til mindreårige, minske tilgang, redusere reklameeffekten, dessutan å hindre tjuveri og illegalt sal.»
Direktoratet påpeikar at lova ikkje er endra. Men at dei understrekar si tolking av tobakksskadelova.
– Helsedirektoratet har vurdert at krava i gjeldande regelverk ikkje kan varetakast ved at kundar åleine nyttar ubemanna løysingar der betening ikkje er til stades i lokalet, seier Lossius.
Men denne presiseringa har skapt forvirring, viser ein runde NRK har tatt.
Hos mange andre butikkjeder kan du framleis vise fingeren til kassa for å kjøpe varer med aldersgrense.
Hedda Johne Fotografi
Spar
Dei fleste Spar/Joker og Nærbutikken-butikkar med sjølvskanningskasser bruker alderssjekk ved help av fingeravtrykk, skriv Anna Kappler, Kommunikasjonsansvarleg i Kjøpmannshuset, i ein e-post til NRK.
Det same ordning for legemiddel, men her er det sperra kor mykje som kan kjøpast om gongen.
Ho opplyser også om at i nokre få kommunar har ikkje denne løysinga blitt godkjent, opplyser Kappler,
Lotte Solheim Johannessen / NRK Hordaland
Bunnpris
Trong Wang, Nasjonal driftssjef i Bunnpris fortel at dei som hovudregel brukar fingeravtrykk i sjølvbetente kasser i Bunnpris sine butikkar.
– Du vil kunne kjøpe alkohol, tobakk og legemiddel med fingeravtrykk, gitt at du har fått kontrollert alderen då du registrerte fingeravtrykket ditt fyrste gong i våre butikkar, seier Wang.
Lise Åserud / NTB
Coop
I Coop sine daglegvarebutikkar blir alder og synleg rusa personar kontrollert av ein butikkmedarbeidar. Det er ikkje mogeleg å bruke fingeravtrykk.
Omkring 40 av Coop sine butikkar er såkalla digitalt bemanna. Når butikken er digitalt bemanna må kundar legitimere seg med BankID.
Skriv Marie Langebeck, kommunikasjonsrådgivar i Coop Noreg SA i ein e-post til NRK.
Audun Braastad / NTB
Rema 1000
Når avvikla dykk dette i butikkane?
Dette vart fjerna frå våre butikkar kort tid etter at me mottok presisering frå Helsedirektoratet, skriv Pia Mellbye, sal- og marknadsdirektør i Rema 1000 i ein e-post til NRK.
Bransjeorganisasjonen Virke, som organiserer mange av butikkane, er kritisk til direktoratet si tolking av lova.
Dei hevdar direktoratet går altfor langt i si oppfatting av korleis lova omtalar ikkje-fysisk betening. Det stiller Coop, Kjøpmannshuset og Bunnpris seg bak.
Virke hevdar at særleg dei mindre ubemanna butikkane som er med i Merkur-programmet vil lide av ei slik tolking av lova.
Dei har difor bede Helsedepartementet om eit møte.
Og der står saka.
– Plagar meg ikkje
Folk NRK har spurd tek det heilt med ro.
Olaf Bentzen trur folk har godt av å møte folk i kassa. Han kjem ikkje til å sakne fingeravtrykkslesaren.
Olaf Bentzen
– Det plagar meg ikkje. Tobakksvarer gjer ikkje noko positivt for samfunnet. For min del kan det vere så vanskeleg som mogeleg å få tak i tobakk.
Helga Bentzen
– Eg tenkjer at det sikkert er dumt for dei det gjeld, men det gjeld ikkje meg, fordi eg kjøper svært lite tobakk og alkohol sjølv
Emma Jones
–Eg trur det må vere gode grunnar til at Helsedirektoratet har bede butikkane om å stramme inn.
I tillegg så er bruk av sjølvbetening i matbutikkar nokså usexy fordi dei fører til færre folk i arbeid, legg Olaf til.
Kan framleis kjøpe smertestillande og nasespray
Legemidel er også regulert med 18 års aldersgrense.
Direktoratet for medisinske produkt (DMP) kan avgjere kvar og når ein kan selje legemiddel som for eksempel smertestillande og nasespray.
Mange av desse legemidla kan ein kjøpe i matbutikken.
Smertestillande og nasespray i kassa på ein matbutikk
Foto: Vetle Knutsen / NRKMen Anne-Kristin Bjerga Bjåen i DMP meiner at det er viktig at sal av legemiddel også går rett føre seg.
Butikkar som vel å autentisere kundar på annan måte må gjere ei risikovurdering av kor bra denne måten å sjekke alderen til kundar er, legg ho til.
Publisert 16.07.2025, kl. 05.56