– Kommunen visste om det, noterte det og la det i eit arkiv. La det bort og følgde det ikkje opp.
Det seier Endre Skjervø i podkasten «Frosta-legen. En varslet katastrofe».
Skjervø var kommunedirektør i Frosta frå juli 2020, og fortel at han ikkje blei informert om varsla som hadde kome mot Arne Bye i 2006 og 2017.
– Vi kunne ha stoppa det då, men ingen gjorde noko, seier han i podkasten.
Når NRK spør kven vi er, svarar Skjervø at han snakkar i overført tyding:
– Altså, Frosta kommune som organisasjon, men også statsforvaltar og fylkeslegeembetet, og også Statens helsetilsyn. Ein kan jo spørje seg om det er ei systemsvikt som gjer at dette gjekk som det gjorde.
Statens helsetilsyn, Statsforvaltar og fylkeslegen i Trøndelag har tidlegare uttalt til NRK at dei har endra korleis slike saker blir behandla og at saka truleg ville ha blitt behandla annleis i dag:
Ønsker å bidra til at det ikkje skjer igjen
Skjervø har ikkje tidlegare ønska uttale seg i media – før han no snakkar ut i podkasten frå Gyldendal og Fabel.
– Eg har brukt lang tid på å tenke meg om og kjenne litt på viktigheita av å bidra til at vi som samfunn ikkje hamnar i ein same situasjonen igjen, forklarar han til NRK.
Han seier at han ønsker å bidra til læring og meir openheit i samfunnet.
– Vi veit jo at det skjer nye overgrep der tillitspersonar, folk med makt eller helsepersonell forgrip seg på folk. Og då ønsker eg å bidra til at vi kanskje klarer å stoppe dei tidlegare.
– Er det å vere med i denne podkasten og fortelje ditt perspektiv, er det eit forsøk på å reinvaske seg sjølv?
– Nei. Overhovudet ikkje. Føremålet mitt er å få belyst saka sett frå min ståstad. Lette på sløret med tanke på kva som skjedde bak kulissane, forklarar han.
Og bak kulissane, i Frosta kommune, viste det seg å vere stor usemje rundt saka.
Endre Skjervø saman med Marte Spurkland som er programleiar i podkasten.
Foto: Gyldendal/FabelDen tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen i Frosta, Arne Bye, er dømd til 16 år i fengsel for 70 valdtekter og 82 tilfelle av å ha misbrukt si stilling for å oppnå seksuell omgang.
Han er i tillegg under etterforsking for 169 nye forhold.
Bye ønsker ikkje å kommentere saka.
– Fleire offentlege instansar har hatt mogelegheit til å stoppe han
Skjervø fortel at han ville at kommunen skulle vere open og snakke om saka, medan ordføraren ikkje ønska dette.
– Det blei jo ekstra krevjande når vi var såpass ueinige om realitetane i saka, i alle fall i starten. Også med tanke på måten ein skulle kommunisere saka.
Ordførar Frode Revhaug og dåverande kommunedirektør Endre Skjervø på ei pressekonferanse om Frosta-saka.
Foto: Mo / Morten WaagøHan fortel at bygda, og kommunen, blei splitta i dei som trudde på dei fornærma kvinnene, og dei som ikkje gjorde det.
– Når du snakkar om denne usemja med politisk leiing, meiner du at til dømes ordføraren har skuld i at overgrepa ikkje blei stoppa før?
– Nei. Overgrepa er det berre ein person som har skuld i, og det er Arne Bye, svarar Skjervø.
Den tidlegare kommunedirektøren seier han ønsker ei grundig, offentleg gransking om saka og korleis det kunne skje.
– Det er beviseleg sånn at fleire offentlege instansar har hatt mogelegheit til å stoppe han tidlegare og ikkje gjorde det. Og så kan ein spørje seg om kvifor. Det har ikkje eg svaret på.
Ordførar i Frosta, Frode Revhaug, skriv i ein e-post til NRK at han ikkje ønsker å kommentere saka, utover ei generell uttale han har gjeve til Gyldendal.
Han skriv vidare at alle vurderingar blei gjort ut frå informasjonen som var tilgjengeleg på det tidspunktet og innanfor rammene av ei pågåande og svært alvorleg sak.
Sa opp på grunn av usemje rundt Frosta-saka
Like før rettssaka mot Arne Bye starta i Trøndelag tingrett i november 2024, sa Skjervø opp jobben som kommunedirektør i Frosta.
I oppseiinga si skreiv Skjervø at samarbeidet mellom han og ordføraren i Frosta var for krevjande til at han kunne halde fram i jobben.
Skjervø seier at han er imponert over kvinnene som har stått fram og at han heile tida har hatt eit behov for å støtte og hjelpe dei.
– Korleis var omsynet til dei fornærma då du valde å seie opp stillinga di, berre dagar før rettssaka starta?
– Usemja mellom politisk og administrativ leiing blei berre meir og meir tydeleg, også internt. Det blei vanskeleg å få gjort dei grepa eg meinte vi måtte gjere. Og til slutt blei det heilt uleveleg for meg å stå i det, svarar han.
Om lag eit halvt år etter at Skjervø var ferdig i stillinga si som kommunedirektør, sa nok ein person opp stillinga si i Frosta kommune:
Publisert 11.06.2026, kl. 07.00















English (US)