– Det er magisk. Det er som å sjå verda frå himmelen.
Det seier Hege Davidsen.
I helga var ho på tur på Fjellfjellet utanfor Bodø medan havtåka omringa dei.
– Den kom tettare og tettare oppover mot oss etter kvart. Då vi kom ned, så gjekk vi det siste stykket i tåka og såg knapt ein meter framfor oss.
Sjølv om utsikta var fantastisk, kom den mystiske dyna litt brått på. Det var opphavleg meldt sol og fint vêr den dagen.
– Ein blir litt tatt på senga. Det skulle jo vere så fint vêr, også såg vi ikkje 50 centimeter framfor oss eingong.
Slik fungerer havtåka
Havtåka oppstår når varm og fuktig luft frå land blir transportert ut over kaldare hav.
Havet kjøler ned den varme lufta, slik at lufta blir metta med vassdamp, og derfor blir det danna tåke.
Dette skjer typisk om våren når sjøen er relativ kald. Men i Nord-Noreg er havtåka eit typisk fenomen sommarstid på kysten.
Med havtåke
Utan havtåke
I helga var det spesielt Meløy, Gildeskål og Bodø som blei ramma.
Der låg tåka tjukt i eit par døgn, som igjen skapte problem for flytrafikken, og førte til at temperaturen blei senka frå meldte 25 gradar til kjølige 15 og grå himmel.
Ein av grunnane til at denne havtåka kan kome litt bardus på, er at ho er vanskeleg å melde for meteorologane.
Små marginar avgjer
– Modellane våre slit rett og slett slit med å varsle det.
Det seier vakthavande meteorolog, Maiken Vassel.
– Fordi det er veldig små marginar på temperatur og fukt som gjer at det blir danna tåke eller ikkje, forklarar Vassel.
– Det kan handle om så lite som éi grad. Om modellen ligg éi grad kaldare eller varmare på det doggpunktet, for den tåkedanninga.
Havtåka er også avhengig av ein kombinasjon av hav- og lufttemperatur, og kor mykje havet avkjøler.
– Så der er det jo også veldig små marginar for kor mykje fukt eller avkjøling som bidrar til tåkedanninga. Difor er det rett og slett vanskeleg for modellane å ta i detalj.
Det er også vanskeleg for modellane å vise plasseringa av tåka.
– Modellane viser gjerne tåke ute i havet, men kor langt han trekker inn mot land er utfordringa. Det er plasseringa og kva fjordar og kor langt inn som er vanskeleg i desse situasjonane.
– Kan ha tåke i to månader i strekk
– Ein klassisk plass der det skjer ganske ofte, er for eksempel på Andøya.
Det er også vanleg i Lofoten og Vesterålen, men også lenger nord.
– Nordover, for eksempel Finnmark, har slite med same problem i fleire dagar. Det same har dei på delar av kysten i Troms, seier meteorologen.
– Også plassar som Bjørnøya og Jan Mayen har vert ramma. Bjørnøya har jo fort tåke i to månader i strekk på sommaren. Meir eller mindre.
Sjølv om havtåka er vanskeleg å føresjå, har Maiken Vassel eit tips til korleis du kan få den mystiske tåka med deg.
Slik så det ut frå Fjellfjellet i Bodø i helga.
Foto: PrivatSlik finn du ut om tåka kjem
– Det kan vere veldig lurt å ikkje berre sjekke symbolet på Yr, men at ein også sjekkar tekstvarselet og kystvarselet. Vi som meteorologar skriv jo kyst – og tekstvarselet manuelt. Og når vi har mistanke om tåke eller fare for tåke, så er det ofte at vêrsymbolet på Yr ikkje tar det.
Hege Davidsen i Bodø har erfart at det kan vere kjekt å vite når havtåka kjem.
– Ein skal vere litt varsam med å gå på tur i tåke. Ikkje berre er det vanskeleg å sjå, men det kan fort bli kaldt inne i tåka, seier Davidsen.
– Men samtidig syns eg det er så kult og fascinerande. Det er noko trolsk og magisk over det, rett og slett.
Ho elskar fjellturar i tåka, sjølv om det ikkje skjer så ofte.
– Det gir ein litt sånn anna oppleving enn det vi er vande med.
– Då eg kom heim igjen, så var det jo heilt grått og trasig. Men oppe på fjellet så var det jo kjempevarmt, det var jo varm vind, og vi stod berre og naut utsikta så lenge vi kunne i shorts og T-skjorte. Det var herleg, rett og slett.
Ho kan absolutt anbefale å komme seg litt over tåka. Men er også tydeleg på at ein må vere forsiktig om ein skal gå tur i tåka.
– Det kan jo oppstå farlege situasjonar, og det er jo litt skummelt.
Hege Davidsen synest havtåka er både trolsk og mystisk, men ho oppfordrar folk til å vere litt varsam.
Foto: Hege DavidsenPublisert 22.07.2025, kl. 17.19 Oppdatert 22.07.2025, kl. 17.40