Den forhatte planten får nytt liv

9 hours ago 5


Denne planten har lenge vore hata.

Den spreiar seg fort, og er blitt eit miljøproblem.

Men nokon ser at planten også kan gjere god nytte.

Dei sankar den, og bruker den på mange ulike vis.

eit nærbilete av nokre vasshyasintar

Den hindrar transport på innsjøen. Den legg seg langs land og gjer det vanskeleg å komme ut med båt. Og den gjer drikkevatnet skittent.

Margareth Odola nemnar to av dei mange problema som vasshyasinten skaper i det vesle fiskarsamfunnet Asembo Bay, vest i Kenya.

Ho tek tak i den grøne planten, og lempar den opp i båten. Nokre dagar kan ho hauste frå land, andre dagar må ho ut på vatnet. For vasshyasinten flyttar seg nemleg med vinden.

Margareth Odola plukkar opp vasshyasint frå innsjøen

Margareth Odola har blitt glad i vasshyasinten.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Saman med fleire andre plukkar Margareth opp plantar frå vatnet og legg dei ned i ei svær grop i bakken. Der skal dei ligge i fleire veker, medan dei rotnar og blir til gjødsel.

Sjå her. Det blir veldig god kompostgjødsel. Det veks så godt, seier Margareth og viser fram ein neve med mørk næringsrik jord.

Problematisk av fleire grunnar

Den grøne planten høyrer ikkje heime i Victoriasjøen. Den høyrer ikkje ei gong heime i Afrika.

Planten er fin å sjå til, og kan fungere godt som prydplante. Kanskje var det difor den mest sannsynleg kom til Afrika via eit flyttelasset til ein belgiar som koloniserte område lenger vest i Afrika.

Om du har sett «Grensekontrollen», eit TV-program om australske grensekontrollørar, så har du kanskje stussa på kvifor dei er så opptekne av å stanse all import av rare frø og plantar.

et nærbilde av noen planter, og ein fugl i bakgrunnen

Sannsynlegvis var det belgiarar som tok planten med til Afrika.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Historia om vasshyasinten er forklaringa på kvifor Australia ikkje ønsker framande planter inn på øya.

For vasshyasinten har skapt mykje trøbbel på ulike vis på sine nye heimplassar – både i Afrika og Asia. Ei rekke forskingsartiklar på Sciencedirect.com viser ulike utfordringar og problem som planten skaper.

  • Planten sug opp mykje næring frå vatnet, og skaper dermed mindre livsgrunnlag for fisken. Og fisken er viktig for både magesekkar og lommebøker som held til rundt Victoriasjøen.
  • Den spreier seg ekstremt raskt, og legg seg tidvis som eit teppe over vatnet. Også livet under vatn treng sollys, men planten hindrar dette. Spesielt kritisk er det på stader kor fisken ynglar, ofte inn ved land.
  • Mange innsjøar og elver er viktige transportvegar, men planten hindrar mykje transport, spesielt fordi den flyt, flyttar seg og legg seg som ei uføreseieleg remse inntil land.
  • Det er perfekt for insekt å formeire seg i vasspyttane som blada skapar. I eit område med mykje malariasmitte via mygg er det ingen fordel.

En gruppe mennesker i et felt

Ei gruppe frivillige er med på å gjere jobben som trengst når vasshyasinten skal bli til ein ressurs. Saman løyser dei eit problem for lokalsamfunnet.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Lagar møbel av problemet

Beatrice Akoth representerer Lake Victoria Green Initative, ein organisasjon med norsk grunnleggar. Dei har sett seg mål om å nedkjempe vasshyasinten både i landa som ligg rundt Victoriasjøen – Kenya, Uganda og Tanzania.

Innsjøen dør av dette. Hyasinten rotnar og søkk ned til botnen. Det drep både fisken og anna liv under vatn.

Ei ung afrikansk kvinne ser på ei anna kvinne som prater

Beatrice Akoth er blant dei som støtter Margareth og dei andre som gjer vasshyasinten om til gjødsel.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Den vesle organisasjonen jobbar med å finne måtar å gjere vasshyasinten om til ein ressurs. Og det har vist seg at potensialet absolutt er til stades.

Eg tvinnar dei saman sånn her, seier Paul Otieno Onyango.

Han har tørka røtene til vasshyasinten, og no dansar trådane mellom fingrane hans. Han lager trådar, for deretter å snurre tråden rundt og rundt eit rammeverk.

Til slutt får han ein stol. Møblane er populære blant dei som ønsker noko unikt og robust.

Eg ser eit lokalsamfunn i endring. Det vart skapa jobbar. Og det gjer til at folk vert innovative. Folk tenker at denne planten er ei plage, men kva kan me bruke den til, seier Akoth

Framleis småskala satsing

Ho står inne i ein bakgard kor ei rekke maskinar behandlar vasshyasinten på ulike vis. Her har dei lenge laga biobrensel av hyasinten, og no held dei på med eit heilt nytt prøveprosjekt.

en person som står ved siden av et bord fullt av plastflasker

Vasshyasinten kan gjennomgå ein prosess og ende opp som biobrensel. Bioetanolet vert farga lilla, for å unngå at folk tenker det er vatn.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Ved å tørke planten og male den opp i ei kvern, så håper ein å kunne lage og selje dyrefôr til bønder i området. Den næringsrike planten kan kanskje bli kortreist superhøy om ein berre får skalert opp produksjonen.

Førebels er omfanget av arbeidet på eit minimum. Det er behov for meir og breiare satsing, seier Akoth.

Ho jobbar med å få fleire med på laget, slik at satsinga kan bli lønnsam, og skape arbeidsplassar. Og skulle vasshyasintane bli borte, noko som ikkje skjer med det aller første, så legg dei også ein plan for kva andre lokale naturressursar som kan erstatte den grøne inntrengaren.

Me håper på støtte og finansiering frå styresmaktene, for å sikre at det vert funne ei løysing på problemet med vasshyasinten, seier Akoth.

Read Entire Article