Den danske utanriksministeren: Er letta over at USA har endra reiserute for Grønlandsturen

3 days ago 7


USAs nasjonale tryggingsrådgjevar Mike Waltz og energiminister Chris Wright blir ikkje med på det planlagde besøket på Grønland fredag.

Planen var at dei skulle vere med i reisefølget til Usha Vance, men no tek ho med ektemannen sin og visepresidenten i USA, J.D. Vance, i staden for.

JD Vance og Usha Vance står på et podium med mikrofoner

I staden for energiministeren og tryggingsrådgjevaren, tek J.D. Vance turen til Grønland sjølv. Usha Vance skal reise som planlagt.

Foto: JEFF KOWALSKY / AFP

Dette gler den danske utanriksministeren, Lars Løkke Rasmussen.

– Faktisk positivt

Ekteparet Vance skal ikkje besøke byane Nuuk og Sisimiut. I staden har dei planlagt å reise til den amerikanske militærbasen Pituffik Space Base, tidlegare kjent som Thulebasen. Det melder den fungerande grønlandske regjeringa i ei pressemelding.

Lars Løkke Rasmussen

Utanriksminister i Danmark, Lars Løkke Rasmussen, gler seg over at USA har endra planane for Grønlandturen sin.

Foto: Jens Buettner / AP

– Eg synest faktisk det er svært positivt, at amerikanarane avlyser besøket til det grønlandske samfunnet. I staden for har dei planlagt eit besøk til deira eigen base, Pituffik, og det kan vi ikkje ha noko imot, seier Lars Løkke Rasmussen til Danmarks Radio i dag.

Det har ikkje komme fram kvifor amerikanske myndigheiter har endra planane.

Pituffik base på Grønland

Usha Vance har endra planane sine og skal no ta turen til den amerikanske basen, Pituffik, saman med J.D. Vance.

Foto: THOMAS TRAASDAHL / AFP / NTB

Då besøket til dei to byane blei kunngjort, førte det til sterke reaksjonar i Danmark. No blir det i staden eit mindre offentleg besøk på ein amerikansk base.

Kallar det ei nedtrapping

Måndag denne veka hadde USA allereie levert fire skotsikre bilar som skulle frakte Usha Vance, Chris Wright og Mike Waltz under besøket til Nuuk.

– Bilane som blei avleverte for ei par dagar sidan, blir no henta igjen, seier Rasmussen.

Rasmussen kallar det eit «spinn» at J.D. Vance får ein tur til deira eigen base til å sjå ut som eit hardt slag mot Danmark.

– Altså, no er eg utanriksminister, så eg skal uttale meg diplomatisk her, men det er jo på mange måtar eit meisterleg spinn. Vance får det til å sjå ut som dei eskalerer, når dei i realiteten trappar ned konflikten, seier Rasmussen.

Publisert 26.03.2025, kl. 10.11

Read Entire Article