Delar av vindturbin fall ned to gongar på to månader: – Utgjer ein betydeleg risiko

5 hours ago 3


Søndag fall eit 14 tonn tungt blad ned frå ein av vindturbinane i Sørmarkfjellet i Osen og Flatanger nord i Trøndelag.

For under to månader sidan fall ein del av eit blad ned i same vindkraftanlegg.

Vi kan ikkje ha det slik at vi har bygd mykje ny industri i Noreg utan at ein har god nok sikkerheit, seier stortingsrepresentant Sofie Marhaug (R) til NRK.

Det utgjer ein betydeleg risiko for menneske og dyr.

Turbinblad har falt ned i Sørmarkfjellet vindpark

Delar av eit 14 tonn tungt turbinblad fall ned i januar. Søndag fall eit heilt blad ned i det same anlegget.

Foto: Aneo

Ønsker gjennomgang

Det er straumselskapet Aneo som driv vindkraftanlegget i Sørmarkfjellet.

Dei opplyser at eit turbinblad er 57,5 meter langt og veg om lag 14 tonn.

Etter hendinga i helga har Marhaug no stilt energiministeren skriftleg spørsmål i Stortinget om kva myndigheitene gjer for å ansvarleggjere vindkraftindustrien.

Ho peiker på at dette ikkje er første gong delar av ein vinturbin har falle ned.

I til dømes Sør-Odal var det ikkje ekstremvêr eller ei naturulykke som gjorde at turbinbladet fall ned, seier Marhaug.

Ho trur mykje av skylda ligg hos bransjen sjølv.

– Det er mykje som tyder på at ansvaret ligg på produsentsida. At det er produksjonsfeil eller dårleg kvalitet.

No etterlyser Marhaug at energiminister Terje Aasland (Ap) kjem på banen.

Eg vil ha ein gjennomgang av liknande ulykker. No har det vore nokre spreidde ulykker, men utan at ein har sett på dette samla.

en kvinne som smiler til kameraet

Andre nestleiar i Raudt, Sofie Marhaug, etterlyser ein gjennomgang av ulykker knytt til vindturbinar.

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Skal gjere undersøkingar

Kommunikasjonssjef i Aneo, Ragna Vorkinnslien, fortel at dei enno ikkje veit kva som er årsaka til at turbinbladet fall ned søndag.

Det er alt for tidleg å seie noko om.

Ho seier anlegget foreløpig er stengd, både for publikum og for deira tilsette. Når det er trygt å bevege seg inne på anlegget vil dei gjere undersøkingar.

Da kjem vi sjølvsagt til å gjennomføre alle dei undersøkingane som er naudsynte for å finne både årsaka og hendingsgangen.

Vorkinnslien fortel at Aneo heller ikkje er ferdig med undersøkinga av turbinbladet som fall ned i januar.

Knuste deler av rotoren ligger på bakken i snøen. I bakgrunnen kan det sees titalls andre vindturbiner.

I fjor fall ein 150 meter brei rotor ned frå ein turbin i Øyfjellet i Nordland.

Foto: Privat

Så der kan vi heller ikkje seie noko heilt definitivt om kva som er årsaka.

Marhaug sin påstand om at det er mykje som tydar på at ansvaret ligg i leverandørleddet ønsker ho ikkje å kommentere.

Heller ikkje om sikkerheita på deira anlegg er god nok ønsker Vorkinnslien å svare på.

Først må vi kartlegge kva som er årsaka og hendingsgangen. Først da kan vi seie noko meir om situasjonen.

Fram til vi har fått undersøkt, så er det krevjande å svare på veldig mange av dei spørsmåla de har.

NVE: Må akseptere ein viss sikkerheitsrisiko

Det er NVE (Noregs- vassdrags og energidirektorat) som er tilsynsmyndigheit for vindkraftbransjen.

Seksjonssjef Anne Johanne Kråkenes fortel at slike hendingar har liten betydning for straumforsyninga.

Det er likevel alvorleg når slike hendingar skjer. Først og fremst medfører det eit ressurskrevjande oppryddingsarbeid.

Skada vindturbin i Sørmarkfjellet

Biletet blei tatt i Sørmarkfjellet i januar. Da fall ein del av turbinbladet ned.

Foto: Aneo

Ho fortel at NVE dei siste åra har hatt auka fokus på å overvake tilstanden turbinane er i under tilsyn og at dei planlegg dialog med turbinleverandørane.

Slike hendingar er ofte forårsaka av produksjonsfeil, som er vanskelege å oppdage før dei inntreff.

Kråkenes seier turbinhavari skjer både i Noreg og i andre land.

Det er sånn sett ikkje uvanleg, og ved tildeling av konsesjonar må vi akseptere ein viss sikkerheitsrisiko.

Publisert 19.03.2025, kl. 20.30

Read Entire Article