David Lynch (78) er død

5 months ago 28


Lynch er kjent for filmar som «Blue Velvet» og «Mulholland Drive». Han stod også bak TV-serien «Twin Peaks».

Det var familien hans som kunngjorde dødsfallet på Facebook torsdag kveld.

– Det er eit stort hol i verda no som han ikkje lenger er blant oss. Men som han ville ha sagt: «Hald auge med smultringen og ikkje på holet».

I 2024 fortalde Lynch sjølv at han var diagnostisert med emfysem etter eit langt liv med røyking.

Tydeleg filmstil

Filmane hans har element av skrekk, film noir, krim og surrealisme.

Den første spelefilmen hans var «Eraserhead» i 1977.

I 1984 laga han filmen «Dune» som er basert på Frank Herberts science fiction-roman. Men filmen blei ein stor flopp.

Kyle MacLachlan og David Lynch

TV-serien «Twin Peaks» fekk to sesongar på 1990-talet. I 2017 kom ein tredje sesong. Her er David Lynch saman med skodespelar Kyle MacLachlan i forbindelse med premieren.

Foto: Chris Pizzello / AP/NTB

Men to år seinare kom han tilbake med filmen «Blue Velvet», som var med å definere stilen hans som filmregissør.

I 1990 kom TV-serien «Twin Peaks» som han laga saman med manusforfattaren Mark Frost. Serien blei svært populær, og fekk ein stor tilhengarskare, også i Noreg.

Trollbatt og skremde publikum

NRK sin kulturkommentator Inger Merete Hobbelstad seier David Lynch er ein kunstnar med eit heilt unikt og personleg uttrykk,

–Han kunne både trollbinde og skremme publikum til å søke seg mot dette universet som ein mygg mot ein flamme.

INGER MERETE HOBBELSTAD Kulturkommentator NRK

Kulturkommentator Inger Merete Hobbelstad.

Foto: Jon Petrusson / NRK

Ho har sjølv kjent på kjensla av å både bli skremt og fascinert.

– Dei to nifsaste timane eg har hatt i ein kinosal nokon gong, var då eg såg «Lost Highway», seier ho.

– Ein epoke er over

Blant dei norske regissørane som har funne stor inspirasjon i arbeidet til Lynch er Pål Sletaune, som blant anna har laga filmar som «Budbringeren», «Naboer» og «Babycall».

– David Lynch ar ein utruleg stor inspirator til å hente opp draumar og visjonar og det underbevisste i film, seier Sletaune til NRK.

Pål Sletnaune

Regissør Pål Sletaune.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Han seier Lynch var oppteken av surrealistar og folk som leita etter historier.

– Lynch sa alltid at han drøymde historiene sine. Det ser ein i filmane. No er ein epoke av draumar over.

Publisert 16.01.2025, kl. 19.29 Oppdatert 16.01.2025, kl. 20.08

Read Entire Article